02.09.2013 Views

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Eit nytt innlegg i denne debatten kom i 2007. Historikaren og bygdebokforfattaren

Håvard Havin Kongsrud diskuterer i ein artikkel i Historisk tidsskrift sjølve husmannsomgrepet

på 1600-talet, særleg inspirert utifrå dei ovan nemnde bidraga frå dei siste åra. Kongsrud

problematiserer den tradisjonelle definisjonen av ein husmann utifrå skyldperspektivet, noko

som blir anakronistisk i forhold til tida før det matrikuleringsarbeidet som vart gjort på slutten

av 1660-åra. 55

Kongsrud sitt poeng, utifrå hans eigen empiri frå Aurskog på 1660-talet, er at det

ikkje går an å identifisere husmannen og husmannsfamilien før på 1660-talet utifrå den vanlege

definisjonen av omgrepet. Det viste seg å vere skattemessig irrelevant om ein plass var skyldsett

eller ikkje før 1668. Det er først frå dette året at det kan trekkast eit klart skilje mellom avgifter

av husmannsplassar og skyld av gardar. 56

Kongsrud meiner at ein god, historiefagleg definisjon

av husmannsvesenet – i ein periode der husmannsfamiliane skilte seg ut ved at dei sikra

livsgrunnlaget ved å bruke ein vesentleg del av arbeidskrafta si utanfor den jorda dei sjølv

kontrollerte – bør innehalde eit ledd om jordveien (åkeren) sitt omfang og ekskludere familiar

som ikkje var avhengige av å bruke ein vesentleg del av arbeidskrafta si på den jorda dei rådde

over. 57

Det siste bidraget i denne debatten som har blitt registrert er frå 2008, og er også skrive

av Ernst Berge Drange. Også her tek han for seg det som han har kalla ”den skjulte

busetnaden” på 16- og 1700-talet på Ryfylke. Når det gjeld Kongsrud si argumentering om at

omgrepet i den tidlege perioden ikkje bør knytast til skyldsetting, meiner Drange at dette ikkje

er ei like viktig problemstilling i Ryfylke som i Østfold. Drange trekker også her fram kor viktig

skogbruksnæringa var for framveksten av husmennene – som han kallar ”entreprenørar i

skogbruket” - i Ryfylke på slutten av 1500-talet. 58

2.3 2.3 2.3 2.3Husmannsvesenet

Husmannsvesenet Husmannsvesenet Husmannsvesenet i i i i eit eit eit eit nordeuropeisk nordeuropeisk nordeuropeisk nordeuropeisk perspektiv perspektiv perspektiv perspektiv

Før vi går vidare i gjennomgangen av husmannsvesenet i Noreg kan det vere på sin plass å heve

synet og først sjå litt utover landegrensene. Simen Skappel går mot slutten av si bok kort inn på

husmannsvesenet i andre land. Husmannsvesenet er, som eit arbeidssystem i jordbruket, ikkje

noko særnorsk fenomen, hevdar han. Tilsvarande har vore tilfelle i fleire andre land, med ein

framvekst og utvikling som er mykje lik det norske husmannsvesenet. 59

Skappel nemner særleg Sverige som eit land der ein kan sjå den same utviklinga.

Husmannsvesenet i Sverige, eller torparsystemet, oppstod på eit seinare tidspunkt, og kan

55

56

57

58

59

Kongsrud 2007, s. 94ff.

Kongsrud 2007, s. 105.

Kongsrud 2007, s. 106.

Drange 2008, s. 82ff.

Skappel 1922, s. 177.

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!