02.09.2013 Views

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sammendrag

Sammendrag

I 1855 var husmennene den mest talrike samfunnsgruppa på landsbygda i Noreg. Av familiane i

1801 var 1 av 3 husmannsfamiliar, i 1855 talde gardbrukar og husmannsfamiliane likt. Doblinga

av folketalet på desse femti åra skuldast i stor grad veksten i husmannsgruppa. Mange av

husmannsfamiliane brukte jord, ein plass, men fekk ikkje politiske rettar til liks med

gardbrukarane i 1814. I ei av verdas mest demokratiske grunnlover var langt over halvparten av

alle vaksne menn utan stemmerett. Politiske rettar var kopla til bruk (leige) eller eige av særskild

matrikulert jord, jord med eigen innførsel i det offisielle jordeigedomsregisteret. Dette juridiske

forholdet til jord åtte ikkje husmannsfamiliane.

Samfunnsgruppa var ei sprengkraft i det norske samfunnet i revolusjonsåret 1848. Men

det tok heile femti år før dei fekk røysterett. I same periode blei også samfunnsgruppa utviska,

og mykje av historia saman med dei. Husmennene og konene aldrast og gamlast ut, barna drog

til byar, blei industriarbeidarar eller vandra ut og plassen blei lagt hovudbruket når det gamle

husmannsparet døydde. I 1900 var samfunnsgruppa i ferd med å bli utviska og i 1920 var den

borte.

1800-talets venstre-ideologi som prega norsk identitet. Historie, skule og samfunn bygde

på den norske bonden, ikkje husmannen. Lærarar og historikarane var aktive medhjelparar til å

fremje bondesamfunnets historie og ideologi like til mellomkrigstida. Plassen til husmannen var

liten – også den som han vart tildelt i historieverka. Og sjølv om husmannen og familien hans

har fått meir plass i forsking og lokalhistorie sidan 1970, står denne ein så gong talrike og

“dominerande” samfunnsgruppa svakt.

Denne fagrapporten presenterer den spennande, interessante historia om

husmannsvesenet og den store lokalhistoriske innsats og interesse for temaet, og forskinga om

husmenn. Men mest av alt avdekkjer den kva vi ikkje kjenner til. Historiene om

husmannsvesenet er ein del av norsk og europeisk historie som ikkje har blitt prioritert.

Gløymd men ikkje gøymd. Rapporten viser at det finst både forsking og kjelder for å trekkje

forsking, formidling fram i lyset. Det vil utvide forståinga av vår eiga samtid og nære fortid.

Rapporten er inndelt i fem hovuddelar. Del 1 er ei kort innleiing som set tonen for to sentrale

moment i samband med husmannsvesenet i ei brytningstid i norsk historie, ein kan

oppsummere det med stikkorda demokrati og demografi. Dei to korte avsnitta gir ein

innfallsvinkel til og indikerer husmennene sin posisjon i akkurat dette sentrale kapittelet av

norsk historie, gjerne sett på som overgangen til det moderne samfunnet.

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!