02.09.2013 Views

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

husmenn, sju var mindre gardbrukarar eller søner av mindre gardbrukarar, medan resten truleg

var handverkarar og dagarbeidarar. Beitrusten meiner at foreininga var lita og ganske passiv, og

frå den delen av bygda der det var flest husmenn var det faktisk berre eitt medlem. 170

Kva rolle spelte så husmennene i Thrane-rørsla og kva var det dei ønskte?

Historikarane har påpeikt at Thrane-rørsla ikkje var revolusjonær, den ville ikkje ha ei total

samfunnsomvelting. Leiaren sjølv, Thrane, var sa ved fleire høve at det ikkje var revolusjon han

ønskte. 171

Einar Hovdhaugen meiner det er eit stort spørsmål kor djupt opprørskjensla stakk i

husmannsklassa. Den sterke oppslutninga, særleg på Austlandet, fortel ifølgje Hovdhaugen om

ein nødssituasjon og ei indre spenning i samfunnet. Men det at det ”sovna så stille inn” overalt,

meiner han kan tyde på at det var eit blaff. Det gamle, lagnadsbundne synet i bondesamfunnet

kan ha verka dempande på opprørstanken hos mange husmenn. 172

Vidare meiner Hovdhaugen

at Thrane-rørsla helst førte til ei skjerping av klassemotsetnadane, og for mange av dei

husmennene som hadde vore direkte involverte, var det ein draum og eit håp som slokna,

særleg for dei som hadde vore lokale førarar. Han viser mellom anna til at mange thranittar

emigrerte – noko også Thrane sjølv gjorde – til Amerika, då den store utvandringa tok til for

fullt i tiåret som kom. 173

Kva grunnlag han baserer dette på, går ikkje fram. Tore Pryser viser

mellom anna at ingen av thranittane i Ullensaker utvandra til Amerika, men at dei aller fleste

vart verande i bygda. 174

Edvard Bull d. y. hevdar at dei utslaga av ”revolusjonære” draumar i 1850-51 var knytt

til dei områda der husmenn dominerte i rørsla. Dei få vitnesbyrda frå husmannshald frå denne

perioden som han har funne, ber preg av at husmennene ville ha ei ny oppdeling av jorda, og at

maktbruk vart diskutert på møter. 175

Brynjulf Handgaard viser til at det berre eksisterer få

førstehandsskildringar frå verksemda i dei lokale arbeidarforeiningane. I eit referat frå eit møte

kan ein lese om at det vart snakk om å samle ein thranitthær på Fåberg mot gardbrukarane og

embetsmennene. 176

Om dette var tomt snakk eller ikkje, så meiner Handgaard at arbeidsfolket

gjennom Thrane-rørsla fekk opp auga for at dei var ein maktfaktor, og at å ta makta i samfunnet

med vald var ein utveg dei diskuterte. 177

Sjur Sjur Fedje Fedje og og Landarbeidarforeiningane

Landarbeidarforeiningane

Landarbeidarforeiningane

170

171

172

173

174

175

176

177

Beitrusten 1976, s. 30.

Steiro 1974, s. 86ff.

Hovdhaugen 1975, s. 112.

Hovdhaugen 1975, s. 113.

Pryser 1977, s. 254.

Bull 1985, s. 102ff.

Handgaard 1977, s. 125.

Handgaard 1977, s. 126.

38

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!