02.09.2013 Views

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

Husmannsvesenet - fagrapport - Luster kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

1. 1. 1. Ingress Ingress

Ingress

I det som framleis er eit standardverk for den norske husmannsforskinga, ”Om

Husmandsvæsenet i Norge. Dets oprindelse og utvikling” frå 1922, tar Simen

Skappel utgangspunkt i den store folkeauken mellom 1665 og 1825 som

forklaringsmodell for framveksten av ein husmannsklasse av eigedomslause

landarbeidarar. Medan gardbrukarane i denne perioden aukar med vel 50%, er

gruppa av jordbrukande husmenn, strandsitjarar og ”innerstar” meir enn

femdobla. I 1855 var talet på husmenn og strandsitjarar på sitt høgste, 116 000,

medan dei jordeigande gardbrukarane utgjorde 113 000. Skappel skriv: ”En

fuldstændig social omveltning har fundet sted (…). Fra at være relativt faatallig

vokser navnlig husmandsklassen (…) i denne tid med en forbausende fart, saa den

efterhaanden blir en av de største og viktigste samfundsklasser. Det er en

nydannelsens tid paa det sociale omraade, en ny lagdannelse finder sted, den

nyere tids hær av landarbeidere tropper op”. I nyare forsking har ein prøvt å

unngå at det skulle festa seg ei oppfatning av husmannsvesenet som ein organisert

samfunnsinstitusjon, med t. d. å nytta omgrep som ”husmannsordninga” eller

”husmannsskipnaden”, men ordet husmannvesen er så innarbeidt i det norske

språket at dei fleste held fast ved det. Ordet ”husmann” kan ein følgja bakover til

mellomalderen, ”husmadr”, med etymologiske parallellar til det britiske ”crofter”

og det lågtyske koter. Husmannen av Skappels kategoriar møter vi i dei norske

kjeldene på 1600-talet, som ein konsekvens av skattesystemet. Men framveksten

både av tidfesting og årsaksforhold er sterkt omdiskutert. Og det er ei

mangslungen gruppe som veks fram gjennom hundreåra: husmenn med jord som

vert bygsla utan å vera særskild skyldsett, ofte med arbeidsplikt som vederlag og

gjerne med hus som ein sjølv eig, ”innerstar” som leiger seg bustad i andre sine

hus, som reine arbeidsfolk, og strandsitjarar. Desse omfatta på 1600- og 1700-talet

personar som budde ved sjøen og dreiv handel eller gjestgjevarnæring, gjerne

kombinert med jordbruk, fiske eller handverk. Jekteskipperhusmannen i

Hardanger kunne vera like velståande som bonden.

1

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!