12.09.2013 Views

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

10

Elektriske artiklar

kostar deg stadig meir

Elektriske artiklar fører til eit

stadig høgare straumforbruk og

kostnadsnivå i norske hushald.

Om lag 15 prosent av straumforbruket i

hushaldet kjem frå kvite- og brunevarer.

Og forbruket aukar. Utviklinga kjem av nye

vanar. Vi kjøper fleire elektriske artiklar enn

tidlegare og bruker dei oftare. Auken skjer

trass i at energieffektiviteten per artikkel

har auka.

Giftige lyspærer

går rett i søpla

45 millionar lyspærer går rett

i søpla kvart år. Nordmenn har

dårlege vanar som gir eit stort

søppelproblem.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell har

saman med administrerande direktør

Gunnar Murvold i RENAS sett i gang ein

kampanje for å bevisstgjere nordmenn om

avfallshandtering av lyspærer.

– Eg trur dei færraste ville ha kasta

dei brukte lyspærene i søpla dersom dei

hadde visst kor miljøskadeleg dette er.

Forbrukarane har rett og slett for lite kunnskap,

sa Gunnar Murvold då kampanjen

vart opna.

Alle lyspærer, sparepærer, LED- og

halogenpærer inneheld miljøgifter

– Verst er det at sparepærene kjem på

avvegar. Dei inneheld kvikksølv, eit stoff

som er ekstremt skadeleg, sa Solhjell på

den same opninga.

Alle som sel lyspærer og andre

lyskjelder, er pålagde å ta imot same type

produkt som avfall. Derfor vil du finne eigne

miljøstasjonar i butikkar som sel lyspærer.

Det er også mogleg å bruke kommunale

avfallsmottak.

Lyspærer som er leverte i butikk eller

til gjenvinningsstasjon, blir sende vidare

til spesialiserte anlegg som kan gjenvinne

lyspærene og ta hand om miljøgiftene på

ein trygg måte.

For meir informasjon:

www.bruktepærer.no

Skru elektriske apparat heilt av.

Gratis

straumsparetiltak

Effektiv energibruk treng ikkje koste skjorta. Vår Energi gir deg

tips om straumsparetiltak som er fullstendig gratis.

Om lag ein tredel av energiforbruket vårt blir

styrt av forbruksvanar. Enkle inngrep i kvardagsforbruket

kan vere lønnsame. Både for deg og

miljøet.

Luft lurt. Rask utlufting frå mange vindauge

skifter effektivt ut lufta i rommet. Vindu på gløtt i

lengre tid vil kjøle ned vegger og golv og i mindre

grad skifte ut luft. Påskrudde termostatomnar

vil bruke meir, og du opplever dårlegare lufting.

Regulerer temperaturen smart. Når ingen er

heime, eller når det er natt, lønner det seg å

senke temperaturen. Det er enkelt og rimeleg å

skaffe tidsur til panelomnane dine. Eit tidsur kan

senke temperaturen automatisk på bestemte

tider av døgnet. På denne måten kan du senke

temperaturen om natta og likevel vakne til eit

vanleg oppvarma hus. Tal frå Enova tyder på at

tidsur med termostat kan senke romoppvarmingskostnadene

med 15–20 prosent om dagen

og 8–10 prosent om natta.

Senk temperaturen. Tenk over kor varmt du

eigentleg må ha det heime. Dersom du senkar

temperaturen med éi grad, kan du redusere

oppvarmingskostnadene med fem prosent.

Bruk mindre varmtvatn. Sjekk kva temperatur

varmtvasstanken din står på. Varmtvatn utgjer

rundt 15–20 prosent av det totale energiforbruket

ditt. Det er ikkje nødvendig at varmtvasstanken

står på meir enn 70 grader. Men temperaturen

bør ikkje vere stilt lågare enn dette.

Unngå passivt straumsluk. Skru elektriske

apparat heilt av. Elektriske apparat bruker

straum i stand by-modus. Mange elektriske artiklar

i huset kombinert med dårlege rutinar kan

føre til eit unødvendig høgt straumforbruk.

TeKsT: Sigurd Nedrelid

FoTo: obH Nordica

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!