12.09.2013 Views

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

6

FoTo: HafSluNd FoTo: STaTNeTT FoTo: per STåle bugjerde

Det vil bli dyrare nettleige på alle nivå.

Dyrare nettleige

Nye overslag viser at kostnadene for investeringar i sentralnettet

fram mot 2020 har auka frå fjorårets estimat på 40–50 milliarder

kroner til 50–70 milliarder.

Dei nye tala inneber ei dobling av sentralnettstariffen:

for forbrukarane kan denne kostnadsveksten

utgjere ein auke frå 3 til 6 øre per kilowattime,

som vil komme som eit påslag på

rekninga uavhengig av investeringar i det lokale

everket.

Store investeringar. Samtidig kjem vi ikkje unna

investeringar i sentralnettet. Sentralnettet er

det overordna nettnivået, sjølve hovedpulsåra

som frakter straumen over lange avstandar og

forsyner dei underordna netta med straum.

Investeringar i sentralnettet er avgjerande

for verdiskaping, for utviklinga av næringslivet

og satsinga på fornybar energi. Dessuten er eit

godt fungerande sentralnett ein føresetnad for å

få redusert skilnadene i pris på straum.

Men investeringane stoppar ikkje der. Dei

neste åra er det er også forventa omfattande

kostnader i form av nybygging og vedlikehald

på dei to lågare nettnivåa: regionalnettet

og distribusjonsnettet. Bransjeorganisajonen

Energi Norge ventar samla investeringar på

100 mil liarder kroner på dei tre nettnivåa,

sentralnettet, regionalnettet og distribusjonsnettet,

fram mot 2020.

AMS . Kostnadene til AMS (avanserte måle- og

styringssystem) som skal innførast 1. januar

2017, har NVE rekna til 5 milliardar kroner for

målarar og installasjon. Andre har estimert

Kraftnettet i Noreg

5 milliardar i tillegg for it-løysingane som må til

for selskapa.

AMS inneber at alle husstandar får ein smart

målar som registrerer straumforbruket på timebasis

og sender automatisk informasjon om

forbruket til nettselskapet.

Nettleiga for ein vanleg familie har det siste

året gått litt ned etter ein auke åra før. Siste

landsgjennomsnitt frå NVE er 45,6 øre per kilowattime

ved eit forbruk på 20 000 kilowattimar

per år. Det gir ei årleg nettleige på 9120 kroner

inklusive avgifter, som utgjer om lag 42 prosent

av nettleiga.

TeKsT: Sigurd Nedrelid

Sentralnettet har det høgste spenningsnivået, ettersom det blir mindre fysisk energitap i nettet

på høge spenningsnivå. Statnett eig og driv sentralnettet.

Regionalnettet fraktar straumen frå sentralnettet til det lokale distribusjonsnettet.

Det lokale distribusjonsnettet transporterer så straumen det siste stykket fram til sluttkunden

og ned til eit spenningsnivå som er tilpassa vår daglege bruk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!