12.09.2013 Views

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Same kva du

assosierer med

straum, kan du vere

viss på at vi alle er

avhengig av den.

Hekta på straum

Straum er meir enn eit irriterande tal på fakturaen. Straum

er infrastruktur, verdiskaping, fotballsponsorar, energi, vind,

markedsmekanismar, finans. Og mykje meir.

Bruce Sprinsteen – The Boss of straumforbruk.

Då Bruce Springsteen spelte på Valle Hovin i

sommar, var anlegget rigga for å tole eit uttak

å på 1600 kilowatt. Tek vi som utgangspunkt at

ein vanleg bustad toler 20 kilowatt, vil det seie

at konsertar på Valle Hovin er dimensjonerte for

det same uttaket som 80 vanlege bustader. Dette

tilsvarer folketalet i ein liten norsk kommune.

Noko å tenkje på neste gong du ser The Boss i

aksjon på musikkscenen.

Den største dusjen i verda. Du kan nesten setje

likskapsteikn mellom vasskraft og norsk kraftproduksjon.

Likevel er vasskraft eit abstrakt

omgrep for mange av oss. Dei færraste av oss

veit kor mykje vatn som må til for å produsere

vårt eige straumforbruk. Vår Energi viser kor stor

dusjen din eigentleg er:

Eitt tonn vatn må falle 465 meter for å produsere

éin kilowattime. Då er det teke omsyn til tap

i generator, transformator, overføring og distribusjon.

Ein dusj på ti minutt der vatnet strøymer

gjennom dusjen med 12 liter i minuttet, vil gi eit

vassforbruk på 120 liter vatn. Med termostaten

på 40 grader vil du bruke i overkant av 4 kilowattimar

straum.

Din dusj, som altså er den største i verda, er

fire tonn vatn som renn 465 meter.

Dobling av straumprisen. Det blir hevda at

straumprisen er like viktig for nordmenn som

bensinprisen er for amerikanarane.

Tradisjonelt har Noreg hatt svært låge

straumprisar. Men utviklinga dei seinare åra har

gått i retning av dyrare straum. I 2001 var spotmarknadsprisen

18,6 øre per kilowattime. I fjor

var prisen nesten dobbelt så høg, 36,7 øre per

kilowattime. I år er prisen igjen lågare.

Åtte gonger rundt ekvator. Det norske straumnettet

er 330 000 kilometer langt. Det er meir

enn åtte gonger rundt ekvator. Straumnettet har

tre nivå:

Sentralnettet er motorvegen i kraftsystemet

og er samansett av 11 000 kilometer kraftleidningar.

Regionalnettet strekkjer seg noko lenger

og er samansett av 19 000 kilometer kraftleidningar.

Lokalnettet er lengst med 300 000 kilometer.

Lokalnettet er det siste leddet i distribusjonen

og transporterer straumen nesten heilt

inn i stova.

Sveitte musikkopplevingar blir til oppvarming.

Det er gode grunnar til å danse seg sveitt på

konsert i Stavanger.

Det nye kulturhuset i Stavanger vil bruke

varmen frå publikum til oppvarming av nabobygga.

Bygningen vil få høgt fuktinnhald – ideelt

som fjernvarme. På denne måten blir sveitten

frå musikkglade menneske til rein energi. Fri for

lukt – får vi håpe!

TeksT: Sigurd Nedrelid

FoTo: Craig ONeal/wikipedia

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!