12.09.2013 Views

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

12

Leik

ikkje hobbyelektrikar

Einkvar elektrisk installasjon gir risiko

for støyt når installasjonen pågår; den må

også dimensjonerast riktig for å unngå

brann. Elektriske installasjonar skal

utførast av elektrikar. Det gjeld

også downlights.

Ta

klesvasken

på dagen

Kvart år oppstår det brannar om natta

etter bruk av vaskemaskin eller tørketrommel.

Vaskemaskinar og tørketromlar

er energikrevjande

apparat som krev noko

tilsyn.

ø la

la

øy

l N

eeeelllllllliiiiiiN HHHHøøøøøøyyyyyyyyyyy

FoTo: eliN HøylaNd

Hand-

sløkkingsutstyr

Alle bustader skal ha bransløkkingsapparat

eller husbrannslange. Dei fleste

brannar tek til i det små og kan hindrast

ved rask innsats. Du skal vite kvar

handsløkkingsutstyret er, og korleis

det skal brukast. Kontroller

apparat jamnleg.

Gå

ikkje til

sengs med berbare

datamaskinar

I senga kan det oppstå brannar

som skuldast berbare datamaskinar.

Datamaskinane er konstruerte

for å stå på ei fast og jamn flate.

Ventilasjonen i senga er ikkje

god nok, og det kan ta til

å brenne.

Unngå brannfella

om vinteren

Risikoen for brann med elektriske årsaker aukar

med den kalde årstida.

Førti prosent av alle bustadbrannar har elektrisk

årsak. Halvparten av desse brannane kjem av feil

ved det elektriske utstyret. Om vinteren aukar

behovet for oppvarming og bruken av elektrisk

utstyr.

Forbruksauken gir større risiko for brann i det

elektriske anlegget ditt.

– Spør deg sjølv kva forbruk du hadde i dei

verste kuldeperiodane det siste året. Mange

har feil dimensjonert elektrisk anlegg som ikkje

taklar forbruksauken om vinteren, seier administrerande

direktør Dagfinn Kalheim i Norsk

Brannvernforening.

Berbare omnar som kan koplast til skøyteleidning

om vinteren, er ei utfordring kvart

einaste vinterhalvår. Kapasiteten til skøyteleidningen

er avgrensa. Dersom du koplar

energikrevjande apparat på skøyteleidningar, kan

du belaste leidningen meir enn den er dimensjonert

for. Resultatet kan bli brann.

– Dersom du hadde behov for å kople energikrevjande

apparat på skøyteleidningar i fjor,

så ikkje vent med å kontakte elektrikar for

å montere faste punkt, er oppmodinga frå

Kalheim. Og legg til:

– Det er for seint å begynne med dette i januar.

Fleire hus har eldre elektriske anlegg. Dei

eldre anlegga er gjerne planlagde for eit lågare

kraftforbruk enn det vi har i dag.

– Undersøk sikringsskapet ditt. Luktar det

varmt eller svidd, må du kontakte elektrikar. Det

same gjeld dersom sikringane er så varme at dei

er vonde å ta på.

TeKsT: Sigurd Nedrelid

Kontroller

røykvarslarane

Røykvarslaren er den sikraste

livreddaren ved brann. Dei aller fleste

har røykvarslar i heimen, men nesten

500 000 bur utan røykvarslar som

fungerer. Det er lett å finne ut om

røykvarslaren verkar. Eit batteri til

30 kroner kan vere ei livsviktig

forsikring.

Brannrisikoen

aukar i jula

Eikvar endring i vanane våre aukar

risikoen for brann. I jula endrar vi vanane

våre dramatisk.

Halvparten av alle brannar med

elektrisk årsak kjem av feil bruk av

utstyr. Ein stor del av desse er komfyrrelaterte

brannar. I jula aukar aktiviteten

på kjøkkenet. Smultgryter og attgløymde

kokeplater er hyppige brannårsaker.

Meir bruk av leveande lys og auka

fyring, kombinert med at alkoholbruken

aukar på heilagdagane, kan gjere vegen

kort frå idyll til øydelegging.

FoTo: javad m. parSa

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!