12.09.2013 Views

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

Last ned kundemagasin - Stryn Energi AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Straumprisen stuper

– uendra nettleige

Straumprisen blir styrt av etterspørsel og tilgang av kraft.

I sommar har straumkundane kunna gle seg over

historisk låge straumprisar. Nettleiga har derimot

stått uendra.

Lågt straumforbruk og rikeleg med

vatn i magasina har gitt billeg straum.

Den samla prisen du betaler blir ikkje

bestemt av straumprisen åleine. Både

nettleige og offentlege avgifter kjem i

tillegg.

Vanlegvis betaler du om lag like

mykje i nettleige, straumpris og offentlege

avgifter. Men i sommar har nettleiga

til tider vore dobbelt så høg som

straumprisen. Normalt kan straumkunden

styre om lag ein tredel av den

totale rekninga gjennom val av eigen

straumleverandør. Med rekordlåge

straumprisar har denne delen vore

vesentleg mindre. Resultatet er mindre

makt til straumkunden.

Straumprisane vil gå opp dei næraste

månadene, men truleg halde seg lågare

enn på same tid i fjor. Faren er liten for

ein repetisjon av den rådyre straumen

ved siste årsskifte.

∫ Den totale rekninga er

ein treledda rakett som er

samansett av straumpris,

nettleige og offentlege

avgifter.

Straumprisen

blir fastsett

av marknaden.

Prisen er lågast i

periodar med liten

etterspurnad og mykje kraft

i nettet. Straumprisen varierer

også mellom ulike kraftleverandørar.

Du kan spare pengar på å

velje riktig leverandør.

NVE bestemmer nettleiga.

Staumnettet er eit naturleg

monopol, ettersom det ikkje er

praktisk og økonomisk mogleg

å byggje fleire leidningsnett til

det same huset. Som straumkunde

har du fått eit lokalt

nettselskap du ikke

kan velje bort.

Offentlege avgifter som kraftleverandørane

og nettselskapa

må betale. Avgiftene er bakte

inn i kraftprisen og nettleiga.

Slik blir nettleiga bygd opp

Fleire faktorar speler inn når

styresmaktene avgjer nivået for

nettleiga.

Lønn utgjer den største kostnaden

i nettleiga. Nettleiga blir

derfor påverka av den generelle

pris- og lønnsveksten i Noreg

Mykje av nettleiga blir brukt på

drift og vedlikehald av kraftnettet.

Det er varsla auka investeringar

i nettet. Det vil truleg føre til ein

auke i nettleiga i framtida. Det er

vanskeleg å seie kor stor auken

vil bli.

Låg kraftpris kan føre til auka

nettleige. Med låg kraftpris går

som regel forbruket opp. Når

forbruket aukar, blir nettapet

Lønn

Enova-avgift

Kapital og

avkastning

30 %

3 % 14 %

5 %

større. Med høgt nettap aukar

kostnadene, og nettleiga følgjer

etter.

Det generelle rentenivået

påverkar nivået på nettleiga. For

å fastsetje nettleiga må statsobligasjonsrenta

multipliserast

med dei bokførte verdiane til nettselskapa.

Statsobligasjonsrenta

blir påverka av det generelle

rentenivået. Med høgare rente

aukar nettleiga.

Statens avgiftsnivå blir fastsett

med utgangspunkt i ei rekkje

forhold.

TeKsT: Sigurd Nedrelid

FoTo: per STåle bugjerde

16 %

22 %

Andre kostnader

10 %

Nettap

Forbrukaravgift

Drift og vedlikehald

Kilde: Energi Norge

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!