13.07.2015 Views

Utgave 4 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 4 - Heimevernet - Forsvaret

Utgave 4 - Heimevernet - Forsvaret

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kaotisk, men oppgåva vart likevel utført påbeste måte.Godt samhaldFor at samarbeidet skal gå som smurt, måmiljøet innad i troppen vere på topp. Kranglingog usemje bidreg ikkje til noko positivt.Heldigvis var ikkje dette noko problem forsoldatane frå Luftheimevernet i HV-01. På einav vaktpostane sto Trond Sørensen og HansMartin Holbu. Ifølgje dei kan troppen deirabli rekna meir som ein kameratgjeng enn einmilitær tropp. Det betyr likevel ikkje at øvingablir prega av tant og fjas.– Me trives godt, og eit så bra miljø somdette gjer ting lettare. Sjølv om me er som einkameratgjeng, har me ei oppgåve som skalløysas, og den har alltid hovudfokus.Den dagen eg snakka med dei to soldatane,ein måndag, var dei framleis i etableringsfasenav øvinga. Etter treninga på Ryggehadde dei blitt overflytta til Mågerø, ogprosessen med oppsetjing av vaktpostar ogliknande var godt i gang.Øvinga skulle halde fram til onsdag, og sjølvom det foreløpig hadde vore stille, håpasoldatane på litt meir action etter kvart, nokodei mest truleg ville få.– Me er blitt lova mange caser, seier einsmilande Sørensen.InspirerandeUnder vitjinga frå GIHV (og meg sjølv) vart detog gjort ein briefing om situasjonen i øvinga,gitt av områdesjefen for HV-01, kaptein Gombos.Her låg fokuset på ei gradvis auking i sikringsnivåetfram til det optimale. Han haddeno nytta tida til å få ei oversikt over eventuelletruslar, og det var no eit mål å sikre dei vitaledelane frå eventuelle avstandsangrep.– Me håpar å ha ein avskrekkande effekt.Målet er å unngå angrep i det heile, ogdet håpar eg me skal lukkas i. Me er nokoredusert i mannskap grunna svineinfluensa,men planen vår er lagt opp til at det ikkje skalha nokon effekt.Kaptein Gombos snakka og varmt omsoldatane han samarbeida med under slikeøvingar.– Det er mannskapet som er min motivasjontil å halde fram. Med eit så godt arbeidsmiljøblir det alltid gøy. Det var og fint å sjå einså god samansetning av ferske og erfarnesoldatar.Ser fram til 2011Luftheimevernet gjennomfører ei øving avdenne typen annakvart år. Neste gjennomkøyringblir derfor i 2011.Planen er då at Sjøheimevernet og skal deltapå øvinga. I slike situasjonar er eit angrep fråsjøvegen oftast det mest trulege, og eit sliktsamarbeid er derfor viktig.Generalmajor Lund var nøgd med det ho sågunder denne øvinga, og ser positivt på øvinganesom kjem i dei kommande år. I likheitmed kaptein Gombos vart ho og inspirert avå sjå det gode miljøet som regjerte i dei firetroppane som deltok på øvinga.Anders VebergAnders VebergDesember 2009 // HV-bladet 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!