04.12.2012 Views

gemini på pdf - NTNU

gemini på pdf - NTNU

gemini på pdf - NTNU

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FØL FORMENE

Geometrien brukast til å beskrive flater og rom. Men han

kan òg gi blinde barn betre forståing av fysiske omgivnader.

MATEMATIKK GEOMETRI • SYNSHEMMING

TEKST: Lars Martin Hjorthol

KONTAKT: Oliv Klingenberg, Matematikksenteret, NTNU

TLF: 73 55 11 23

E-POST: oliv.klingenberg@matematikksenteret.no

Tenk deg at du kjem inn i eit stupmørkt

rom. Du ser korkje veggar eller

tak. Likevel har du eit slags indre bilete

av korleis rommet sannsynlegvis

ser ut, kva for ei grunnform det har.

Du kan «føle» forma, ut frå tidlegare erfaringar.

Men ein som er født blind, har ikkje dei

same erfaringane.

Å FORSTÅ ROM • Oliv Klingenberg har mange

års praksis som lærar for blinde og svaksynte.

Ho har særleg undervist i matematikk, og dermed

også i geometri. Nå pendlar ho mellom

jobb ved Tambartun kompetansesenter for

synshemma i Melhus og doktorgradsstudium

ved NTNU.

– Vi har heile tida høyrt at geometri er altfor

vanskeleg å lære for blinde. Eg har stilt meg

spørsmålet om det kanskje er motsett. Kanskje

vi tvert om kan bruke geometrien for å hjelpe

blinde til å forstå rom og former i det verkelege

livet, og dermed gjere det lettare for dei å orientere

seg, seier hun.

– Eg veit frå min eigen praksis at barn som er

født blinde, har vanskeleg for å forstå rom. Dei

kan lære at eit ark papir er rektangulært. Men å

overføre det til å forstå at det rektangulære

også er grunnforma for eit rom, kan vere vanskelig.

DEI VANSKELEGE PREPOSISJONANE • Betre

forståing av rom og former gjer det lettare for

blinde å orientere seg. Men det vil òg auke

språkforståinga, meiner Klingenberg.

– Berre tenk på preposisjonsbruk. Vi seier

«ved enden av bordet», «bak pulten», «rundt

hjørnet». For blinde kan det vere vanskeleg å

16

forstå kor ein gjenstand er i forhold til ein annan,

når djupn, distanse og retning er vage omgrep,

forklarar ho.

Ho illustrerer med å fortelje om ein blind

kollega som hadde vanskeleg for å godta uttrykket

«bak på tastaturet». For det er jo ulogisk

at det er «bak» når han granngiveleg måtte

strekke armane fram for å komme dit.

Og ho fortel om blinde, skoleflinke «Maria»,

som hadde punktskriftbøkene sine i ei eiga

hylle. Ho henta sjølv bøker i hylla nesten kvar

time. Ein gong skulle dei ut og ake, og læraren

fortalte klassen at akebretta sto i ei kasse ved

enden av Marias hylle.

– Eg såg på Maria, og så at ho ikkje skjønte

kor det var. Då eg spurte kvifor, svara ho

med å seie at hylla har jo så mange kantar.

Reaksjonen kan vere typisk for mange blinde,

som har vanskeleg for å forstå grunnforma til

ein gjenstand. Dermed har hylla berre mange

kantar og berre framsider.

BRUKTE HEILE KROPPEN • Arbeidet med geometri

og romsans starta på Tambartun for eit

par år sidan, med eit elevkurs i matematikk for

elevar på fjerde og femte trinn, 10–11 år gamle.

Dei hadde matematikk om føremiddagen og

gymnastikk om ettermiddagen.

– Aktivitetane var planlagt slik at elevane

skulle hjelpast til å forstå eigenskapane til former,

seier Klingenberg.

– Vi laga oppgåver med fokus på å få ungane

til å forstå linjer. Parallelle linjer, kryssande

linjer, linjer som danna vinklar. Den siste

dagen på kurset tok vi ungane med i gymsalen

og ga dei beskjed om at dei var matematikarar.

Dei skulle gå inn i rommet, beskrive

gjenstandane og seie kva slags geometrisk figur

det var.

– Dei flinkaste brukte heile kroppen til å utforske

gjenstandane. De omfamna gjenstandane,

sklei på skråformer, fann vippepunkt og

balanserte, låg på gjenstandane og imiterte

forma med kroppen. Det var akkurat som om

gemini • nr. 4 • desember 2009

dei kunne kjenne forma inni kroppen, fortel

forskaren.

DET VESLE OG DET STORE ROMMET • Hjerneforsking

syner at det er ulike område i hjernen

som er knytt til mikrorommet og til makrorommet,

til det vesle og til det store formatet.

Eller sagt på ein annan måte: den modellen eller

figuren eleven har føre seg på pulten, og dei

same formene i det verkelege livet.

– Hos sjåande bidreg synet til å binde saman

hjernens arbeid med det store og det vesle formatet,

til å kjenne igjen dei små formene også i

det store rommet, og forstå grunnformene.

Men hos blinde må vi jobbe bevisst med å binde

saman dei to formata.

– Mitt arbeid handlar om å få dei til å forstå

overgangen frå det vesle formatet til det store.

Oppleve former, skjønne eigenskapane og definere

samanhenger.

FJERNT FRÅ VERKELEGHEITA • Klingenberg

viser til forsking som syner at det er viktig å

jobbe systematisk med denne samanhengen

også for sjåande elever. Systematisk arbeid

med å forstå eigenskapar ved former både i det

vesle og i det store formatet gir eit godt grunnlag

for ein meir teoretisk geometri på ungdomstrinnet

og vidaregåande nivå. Det gjer

geometrien lettare å begripe.

– Det er fleire forskarar som meiner at for

mykje av geometriundervisninga går føre seg i

det vesle formatet, på pulten, seier Klingenberg.

Og det er jo litt paradoksalt for ein vitskap

som opphavleg ble utvikla som ein metode for

oppmåling av jordstykke, for måling av flater

og rom. Dei figurane elevane har føre seg på

pulten, blir så abstrakte at de opplevast som

fjernt frå den verkelegheita dei ein gong vart

laga for å beskrive.

Oliv Klingenberg trur det blir lettare å forstå

geometrien, både for blinde og for sjåande, dersom

den også vert teken tilbake til det store

rommet. ■

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!