06.01.2013 Views

3. Mål med prosjektet - Aust-Agder fylkeskommune

3. Mål med prosjektet - Aust-Agder fylkeskommune

3. Mål med prosjektet - Aust-Agder fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

åde i målføre og byggjeskikk. Likeeins delar kysten mykje av dei same tradisjonane med

Vest-Agder og lenger aust, både når det gjeld byggjeskikk og kulturen elles.

Korleis kan ein etablere eit senter som i tillegg til å ta seg av dei ulike målgruppene også

tar omsyn til avstandar og kulturelle skilnadar?

22

6.1. Huseigarar

6.1.1. Nærleik til huseigarane

Ein må alltid hugse at bygningane står i sentrum for arbeidet med bygningsvern.

Huseigarane er då svært sentrale i arbeidet med å forvalte bygningsarven. Det er difor

viktig å koma i kontakt med huseigarane, og fleire av dei alt etablerte

bygningsvernsentra har sett nærleik til huseigarane som fyrste prioritet.

Det er også viktig at bygningsvernsenteret er eit ”lågterskeltilbod” for huseigarane, og

at det ikkje vert for fjernt anten i avstand eller i ”kultur”. Gjennom samarbeid med

lokale handverkarar og lag vil ein kunne skape gode lokale miljø spreidde utover i fylket,

som på ny vil kunne auke både kunnskap, interesse og forståing for fleire huseigarar.

Nærleik vil vera eit stikkord, både for handverkarar og huseigarar.

6.1.2. Rådgjeving og motivasjon

Eigaren av gamle hus treng råd om alt som gjeld bygningen, og denne rådgjevinga bør

gjevast direkte. Mange huseigarar kan tilegne seg enkelte råd over nett og litteratur,

men ofte er desse råda for generelle. For huseigaren kan det vere vanskeleg å orientere

seg i mengda av populærvitskapleg informasjon.

Bygningsvernsenteret bør difor ha handverkarkompetanse og god kunnskap om eldre

hus, og forståing av verdien av bygningsarven som skal forvaltast. Ein må kjenne til

bygningen og tradisjon omkring denne for å kunne gje rett råd. Ofte er problemstillinga

noko annleis enn det huseigaren sjølv trur. Dette kan gjelde t.d. skadedyr- og

fuktproblematikk, vindauge, materialval, isolasjonsbehov osv. Det er praktiske døme på

at det vert gjort feil tiltak pga. manglande kunnskap, og at huset vert endra eller tek

direkte skade av tiltaka. For å sikre kvaliteten på tiltaka er synfaring og personleg

rådgjeving naudsynt.

På same tid er det også viktig å nå ”vanlege” huseigarar. Mykje av den auka interessa ein

ser i dag kan skuldast meir fokus på bygningsvern gjennom trendar og ulike magasin.

Det er viktig både med fagleg rådgjeving og motivasjon, og eit bygningsvernsenter må

ha gode formidlarar knytt til seg.

Skal ein lukkast må huseigarane motiverast til å sjå verdiane og moglegheitene som dei

har sjølve. Lukkast ein å begeistre huseigarane vil ein oppnå mykje bygningsvern.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!