31.01.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Isen, skutene og menneska

Praktverk om 100 år med selfangst

Av Marit Kvammen

Dette skulle ikkje bli ei selfangstskutebok, men

ei bok om folket, dei som drog ut og dei som

var att heime.

Slik presenterte Einar Grimstad forlaget SPOR

si til no mest omfangsrike bok, ”Is, skuter og

folk – Isflaket 10 år” under lanseringa på

Ishavsmuseet i Brandal søndag. 315 sider,

gjennomillustrert med svart/kvitt-foto og nokre

teikningar, har det blitt, dette utvalet av stoff frå

medlemsbladet ”Isflaket” som Ishavsmuseets

Venner no har gitt ut i ti år.

Idealisme

Framsida på boka er pryda med bilete av ein

sjarmør som sit om bord i ei skute og spelar

trekkspel – for øvrig ein som ingen veit namnet

på, enno. Dermed gav det seg sjøl at lanseringa

opna med smektande trekkspelmusikk ved Knut

Selvåg. Gode, gamle evergreens passa godt her.

Ideen om å lage bok av dette stoffet var Gunnar

Wiik sin. Han intervjua for eit par år sidan

redaktør for ”Isflaket” Finn Sindre Eliassen og

vart fengsla over den idealisme han fann hos

han. – Kvifor ikkkje få litt av dette stoffet

mellom to permar? spurde Wiik. – Til det må eg

ha hjelp, svara Eliassen, og med det var dei i

gang.

Nokre var heime

Intervjua gjorde Wiik også under lanseringa, ei

av dei som er med i boka og som ved dette høvet

hadde teke turen frå Hovdebygda til Brandal,

Bergljot Sandvik. Ho er enke etter ishavsskipper

Jarle Sandvik, som gjennomførte 27 turar på

selfangst frå 1949. Ho fortalde om den tids

kommunikasjonar og kor stas det var å ta med

seg borna til Ålesund når far var ventande heim.

Tvillingar vart fødde, telegram sendt til far som

var i isen. Svar med gratulasjon kom med det

same. Men ved neste barnefødsel og tilhøyrande

telegram, gjekk det tre veker før det kom

tilbakemelding. – Du veit eg hadde mine tankar,

vedgjekk Bergljot. Men eg ringde ikkje til

Brandal for å høyre om reiarlaget visste noko!

Der var ikkje alle stader på Ishavet like god

”dekning”.

Breitt uitval

Isflaket side 31

Det er Finn Sindre Eliassen som har valt ut

stoffet frå dei ti ”Isflaka”. Med seg har han hatt

Magnus Sefland, som også har skrive ein god

del av artiklane i boka. Han gjorde greie for kva

omsyn ein hadde teke ved utveljinga: Alle

fangstfelta skulle vere med, overvintringsfangst

på land, meteorologistasjonane, ekspedisjonar.

Og så måtte ein gjere rett mot dei andre

ishavsbygdene, Vartdal, Tjørvåg og

fjordbygdene, ikkje berre Brandal og Hareid.

Sist men ikkje minst, stoff som står i andre

skute- og ishavsbøker ville ein unngå.

Det var såleis ikkje lett å velje ut frå alle dei

gode artiklane ein sat med, og forleggaren ser

ikkje bort frå at det kan kome endå ei slik bok.

(Trykt i Vikebladet/Vestposten .11.2010)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!