31.01.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

står i eitt avsnitt, tek i boka 37 sider og er

fascinerande stoff om eit ”skuteliv”. Minst åtte

personar miste livet i tilknyting til skuta.

Magnus Sefland har skrive denne bolken, han er

også den som har skrive flest artiklar. Til slutt i

boka skriv Finn Sindre Eliassen om framtida i

nordområda og den globale oppvarminga, og

Gunnar Wiik har intervjua to unge brandølingar

som begge er femte generasjon selfangarar,

Espen Brandal og Kristoffer Brandal. Begge har

prøvt seg i isen men ser klart problema for

selfangst i framtida. - Det største problemet er

ikkje motstanden mot næringa men mangelen på

marknader,seier Kristoffer. -Dei må ein skape!

Og med det sluttar boka.

”Is, skuter og folk, Isflaket i 10 år”

Red. Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og

Gunnar Wiik

Spor Forlag AS

316 sider

(Trykt i Vikebladet/Vestposten 16.11.2010)

Bestill boka frå Ishavsmuseet. Tlf. 700 92 004

E-Post post@ishavsmuseet.no

Isflaket side 33

Tjukk skodde

Ei mindre skute var i fart

over eit ope havstykke ein

stad på norskekysten.

Reiaren sjølv var både

skipper og maskinist. Han

hadde med seg ein unggut

som dekksgut og rormann.

Kona til reiaren var med som stuert.

Det opne havstykket var fritt for holmar og

skjer. Så det var berre å halde stø kurs. Men

vêret var grått, og skoddebankane kom og gjekk.

Etter kvart letta skodda, og skipperen nytta

høvet til å trekkje seg tilbake til skipperlugaren

under dekk, der kona gjerne heldt til.

Dekksguten fekk beskjed om kursen han skulle

styre, og han fekk grei beskjed om å varsle

skipperen dersom skodda kom tilbake.

Så hende det at skodda kom tilbake, tettare og

tjukkare enn før. Dekksguten gjorde det han

hadde fått beskjed om. Han stroppa rattet dei få

minutta han trong for å gå ned og varsle

skipperen. Han sparka i døra til skipperlugaren

og ropte: - No blir ho tjukk igjen!

Frå skipperlugaren vart det ropt tilbake, utan at

døra vart opna: - Hald kjeft! Det skal du ikkje

bry deg med!

Om drikken ombord

Vi hadde oftast berre vasskaggen med oss

ombord.

Men stundom hadde vi også ei flaske med

heimebryggja øl, stokkjen ned i ein vott, med

oss på sjøen. Det var godt til bytet med vatnet.

Titt var vasskaggen frosen, då måtte ein drikke

isbitane i seg.

Om morgonen når vi for vart det oftast berre ein

mjølkeskvett attåt potetkakå. Men om kvelden,

når vi kom frosne inatt, fjega vi ei ølskål og

drakk til maten.

Mjølk hadde dei fleste med seg heimanfrå, men

ho var bra sur før veka var slutt.

Ei brennevinsflaske med spansk pepar nedpå

hadde nesten kvar mann.

Det var godt å ta til når noko feila, eller vi fraus

mykje.

Etter Petrus Bigset

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!