31.01.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kjempeinnsats for å få formidla all den historia

som ligg innanfor og rundt veggane her ute i

Brandal. Oss jobber hardt med skulane for å få

enda meir besøk frå dei, oss reiser rundt å held

foredrag og fortel ishav- og polarhistorie langt

utanfor fylkesgrensene. Det skal oss intensivere

endå meir! FORMIDLING er eit nøkkelord for

alle oss ved museet, utan god og spennade

formidling døyr interessa! Kanskje museum

rundt omkring burde kome til Brandal for å lære

og sjå og høyre kva oss held på med ! Det blir

rett nok snakka om Facebook, YouTube, Twitter

og gudane veit, og det er viktigt nok, oss er med

der også, men oss meiner museet også skal vere

attraktivt å BESØKJE !

Det er også på sin plass å takke Ordførar,

Rådmann, Kultursjef og dei andre i politisk og

adm.miljø her i bygda vår. Og også har oss fått

støtte frå dei andre kommunene rundt om. Det

er uhyre viktig for oss som står på her ute i ved

museet og føle og få denne støtta. Slik støtte og

hjelp treng oss mykje meir av! Oss har sett oss

store mål, til det trengs det både pengar og all

anna hjelp. Oss ha fått mykje god støtte frå

næringslivet i bygda og rundt omkring, dette er

oss svært takksame for. Sjølv om oss veit desse

vert ”nedrent” av mange andre gode og viktige

prosjekt, ser oss med stor glede at dei nyttar oss

til møter, konferanser og andre samkomer, og

dei yter også økonomisk støtte. Alt dette gjev

oss mot og styrkje til vårt STORE og framtidige

mål, det å gjere museet så stort og viktig at det

kan lyftast over alle sokalla ”paraplyar” og få

den status dette utrulege museet fortener, nemleg

nasjonal status på linje med det som så mange

andre museer rundt om i landet har fått.

Er det noko som det trengst å ta vare på, så må

historia om norsk kystkultur, fangst og fiske,

nasjonal polar historie, liv og lagnad til folk vere

noke av det aller viktigaste! Veggane i den

gamle ærverdige Gråbuda sitrar av slik historie !

Du med di støtte og hjelp kan vere med på å

lyfte oss vidare opp og fram ! Ikkje noke er

kjekkare enn at folk kjem til oss med

gjenstandar, bilder, historier som gjer dette

museet endå rikare og endå viktigare!

ISFLAKET, dette landets største og viktigaste

polare magasin, ja det er faktisk det, er eit blad

akkurat du burde abonnere på! Gjer du det,

hjelper du venneforeininga vår, Ishavsmuseets

Venner, til å utvikle bladet vidare. Takk for di

støtte, og ikkje legg til sides giroblanketten som

våre venner so diskret har lagt inne i bladet!

Til slutt vil eg oppmode alle om å ta seg ein tur

på museet, sjå, lære, suge inn historie, snakke

med oss, støtte oss, og gi oss eit ”ekstra spark

bak” til å yte endå meir! Takk til alle som

gjennom dette året og så mange år tidligare har

gjort noke positivt for museet, eg ynskjer dykk

og alle andre i bygd og by ei GOD JUL og eit

GODT NYTT ÅR.

Willy Nesset

Styreleiar

Isflaket side 49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!