11.08.2015 Views

I skrivande stund

Nynorsk - Skrivesenteret

Nynorsk - Skrivesenteret

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtterordLæringsloggOmgrepet «logg» blir ofte brukt som ei fellesnemningpå alle typar uformell skriving, og i likskap med andreformer for tenkjeskriving er ikkje føremålet med loggskrivingat skrivinga skal vurderast, verken når det gjeldinnhaldet eller språket. Ein kan bruke logg for å skrivened faglege refleksjonar i etterkant av ein aktivitet,både individuelle aktivitetar og gruppeaktivitetar.Loggen gir rom for refleksjon og ettertanke, samtidigsom han også kan vere eit grunnlag for dialog mellomelev og lærar dersom loggen blir levert inn. Han kan gidokumentasjon på eleven si faglege utvikling, og hanbidreg til å gi eit metaperspektiv på læringa. Gjennomå skriftleggjere erfaringane og tankane sine har einmoglegheit til å gå tilbake og studere si eiga utviklingog læring.Føremålet med ein logg kan oppsummerast med trehovudfunksjonar:• å ta vare på inntrykk, observasjonar, episodar ogliknande frå undervisningsaktivitetane• å danne grunnlag for refleksjon• å vere til hjelp i eigenvurderingFor å få best mogleg utbytte av loggskrivinga kan detvere nyttig å dele han inn i to fasar, den spontane ogden reflekterte loggen. Ofte vil ein rett etter noko harskjedd, ha behov for å skrive det ned, rett og slett forå hugse det. I den første fasen er fokus gjerne på ådokumentere og beskrive, og notata kan ofte vereustrukturerte og lite reflekterte. Men seinare, til dømesmot slutten av dagen eller etter at ein har avsluttaeit større arbeid, kan ein gå tilbake til den spontaneloggen og velje ut noko ein vil konsentrere seg om,fordjupe seg i og skrive vidare om i ein reflektert logg.Reint praktisk kan dette organiserast ved at ein har eittodelt ark med ei side for spontanloggen og ei side forrefleksjonar knytte opp til denne, noko som gir oversiktover begge nivåa og gjer det mogleg å gå tilbake ogsjå samanhengane. Mellom desse to fasane kan ogsålærar og medelevar komme med innspel og spørsmålsom ein kan ta utgangspunkt i når ein arbeider medden reflekterte loggen.Kva er det vi gjer når vi skriv?Kva er hensikta med dei ulike skriveoppgåvene vi gir i skolen?Dei siste tiåra med skriveforsking, der det har blitt lagtstørre vekt på skriveprosessen enn sjølve sluttproduktet,har bidrege til større innsikt i kva vi faktisk gjer nårvi skriv. Korleis planlegg, formulerer og omarbeider vitekstane våre? Er skriveprosessen lik for alle, eller brukervi ulike skrivestrategiar? Vi vil prøve å oppsummerenoko av kunnskapen vi har om korleis vi ter oss når viskriv. Dette er vital kunnskap for planlegging og tilretteleggingav opplæringa, og vi trur også det er viktigat denne kunnskapen blir eleven sin kunnskap for ateleven i større grad skal kunne følgje med på si eigaskriveutvikling.Gode tekstar blir sjeldan skrivne rett ned, dei eromarbeidde fleire gonger. Dette er ei viktig innsiktelevane bør få så tidleg som mogleg i skriveutviklingasi, spesielt fordi det på mange måtar strid mot korleismange elevar trur ein utviklar skriveferdigheit. Måletfor skriveopplæringa er altså ikkje at eleven skal kunneskrive ned ein tekst som ikkje treng omarbeiding. Jomeir erfaren ein blir som skrivar, jo fleire gonger revidererein tekstane sine. Elevane treng hjelp til å utvikledet vi med fagterminologi kallar revisjonskompetanse.For å utvikle revisjonskompetanse må det skapast eiforståing for at skriveprosessen består av ulike fasar.Skriveprosessen blir innleidd med ein planleggingsfaseeller idéfase og endar forhåpentlegvis med einferdigstillingsfase. Mellom desse ytterpunkta er detei veksling mellom kreative fasar (der ein produserertekst) og analytiske fasar (der ein les gjennom og reviderer).Elevane treng ulik støtte avhengig av om dei eri idéfasen, revisjonsfasen eller ferdigstillingsfasen.Mange av tipsa i dette heftet er forslag til undervisningsaktivitetarder elevane kan arbeide konkret medulike delar av skriveprosessen. Tipsa er organiserteetter ein tredelt modell; det ein gjer før, under og etterarbeidet med ein tekst.Som skrivarar nyttar vi ulike skrivestrategiar. Nokreskrivarar er i stand til å utarbeide ein disposisjon somdei i grove trekk følgjer når dei utformar teksten sin,medan andre skrivarar ikkje greier å førestelle seg korleisteksten vil bli, før dei skriv han. Både planleggjarenog kaosskrivaren finst i kvar enkelt klasse, og mangeelevar vil opphalde seg mellom desse ytterpunkta.I nokon grad kan elevane øvast opp i å planleggjetekstane sine, og elevar som har utvikla eit repertoarav skrivestrategiar, står betre rusta til å variere strategianetil ulike skriveføremål. Skrivestrategiar varierer ikkjeberre frå person til person, men er også avhengige avkva ein skal skrive, kor mykje tid ein har, kven som skallese det – altså kva for ein skrivesituasjon ein er i.Eit anna viktig moment for skriveopplæringa som vi viltrekkje fram her, er at alle som skriv, opplever periodiskskriveblokkering. Skriveblokkering er normalt! Det erikkje noko som berre rammar den uerfarne skrivareneller berre noko “eg slit med”. Tipsa i heftet kan veretil hjelp for å arbeide med skrivinga undervegs gjennomvarierte og strukturerte oppgåver. På den måtenvil elevane øve opp strategiar slik at dei kan overvinneden handlingslamminga vi alle kan kjenne i møtetmed det store kvite arket som skal fyllast med tekst.2627

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!