04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NORDFJORD SPOR

Tett på vatn

Når du besøker Nordfjord må du vere budd

på å setje av lenger tid enn først planlagt. Vi

kombinerer eit stort utval naturbaserte aktivitetar

og tilbod med høg kvalitet. Dei vannbaserte

aktivitetane er sentrale i vårt tilbod. Tenk deg å

gli over eit stille, klart vatn i kajakk, å slenge ut

fiskesnøret i storhavet, pumpe opp adrenalinet

med rib-rafting eller kjenne naturkreftene på

kroppen med surfing. I Nordfjord finn du alt

dette innan korte avstandar.

SURFING

På Stad finn du ideelle forhold for surfing

med bølgjer frå storhavet, kvite sandstrender

og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme.

Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme

i sydlige strøk når du høyrer om surfing.

Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre

kystlandskapet på Stad. Lenge har desse

fantastiske strendene vore skjulte surfeperler,

men no har fleire og fleire fått augene opp for

surfinga i havgapet. På den kilometer lange

sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges

beste og vakraste surfeplassar. Her er det svært

godt egna for surfing under ekstreme vindforhold

på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda

frå den verste vinden. Tre mil unna ligg Ervikstranda,

og her finst det nesten alltid bølgjer.

Ver merksam på understraumar

og vrakrestar i Ervik.

9

Reiseguide 2020

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 9 12/02/2020 18:12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!