04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Selja kloster © Helle Frogner

NORDFJORD SAGA

Selja kloster

Opp frå det ville Stadhavet

stig sagaøya Selja, som ein

kraftig grøn katedral. Den irske

kongsdottera Sunniva flykta frå

vikingane, og døydde i ei hole

på øya: Sunnivahola.

Heilt sidan den gong har

menneske vore på reise

til Selja, Norge sin første

pilegrimstad, med unik

kulturarv frå Vikingtid og

middelalder. I 996 finn kong

Olav Tryggvason og biskopen,

Sunnivas lekam i steinura.

Kroppen hennar er dekt av

kampesteinar frå raset, men

er likevel uskadd – som om

ho berre låg og sov. Sunniva

vart erklært helgen: Sankta

Sunniva, Norge sin første

helgen. Like ved den heilage

Sunnivahola reiste Olav

Tryggvason ei kyrkje til

ære for Sankta Sunniva.

Leivningane hennar vart

lagde i eit relikvieskrin på

høgaltaret, og gjennom heile

mellomalderen valfarta

pilegrimar frå heile Europa

for å tilbe den heilage Sunniva.

Med si dramatiske flukt over

havet, si urokkelege tru og sitt

sjølvstende har Sankta Sunniva

inspirert og trekt menneske til

Selja i over tusen år. I dag er

Sankta Sunniva vernehelgen

for Bergen og Vestlandet, og

vaktar over dei sjøfarande. Vil

du oppleve denne spesielle

staden, er det mogleg å reise

hit. På øya ligg også ruinane

av Selja kloster som vart bygt

at Benediktinarmunkar på

1100-talet.

Reiseguide 2020 24

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 24 12/02/2020 18:13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!