04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NORDFJORD SPOR

Reise rundt

i Nordfjord

POPULÆRE KØYRERUTER

Gamle Strynefjellsvegen

Vegen som slynger seg over

fjellet mellom Stryn og Skjåk,

blei bygd i 1894. Vegen har

status som nasjonal turistveg

og er den einaste av dei

nasjonale turistvegane som

er freda. Stabbe steinane,

den smale og svingete vegen

og grusdekket på deler av

strekninga, er minne om

korleis ferda mellom aust og

vest gjekk føre seg for hundre

år sidan. Langs vegen finn

VISSTE DU? Den Trondhjemske

Postveg er ein kulturhistorisk

veg på om lag 700 km.

Arbeidet med vegen byrja i

1780 og varte til 1804. Vegen

vart brukt til postgang langs

Vestlandet mellom Bergen

og Trondheim og var blant

dei første vegane som knytte

byane til landsbygda.

I Nordfjord kan du fortsatt

gå på desse kulturhistoriske

vegane. Køyrer du bil har vi

nokre flotte vegar som er

verdt ein liten omveg.

du rasteplassar, utsiktspunkt

og informasjonstavler. Gå

ikkje glipp av den fantastiske

steinbrua Jøl bru, ved oppstigninga

på vestsida. Langs

vegen køyrer du også forbi eit

sommarskisenter som er ope

frå mai til juli. turistveg.no

Viktig! Køyretøy over 8 meter

og med akseltrykk over 8 tonn

er forbode.

Panoramavegen

Turen går langs nordsida av

Nordfjorden gjennom bygdene

Blakset, Fjelli, Randabygda/

Hopland, Hennebygda og Lote

(38 km). Start 6 km vest for

Stryn sentrum. Panoramavegen

har fått sitt namn p.g.a den

fantastiske utsikta ein får over

fjorden. Høgdeforskjellen på

turen er frå 0 – 550 m.o.h.

Spesielt flotte utsiktspunkt er

Nordsida kyrkje, Nos, Hogjen

og Kvalen. På vegen kan ein

og køyre innom kulturløypa

på Ulvedal og Hammerstunet

–Tvinnefossen og andre

kulturhistoriske attraksjonar.

45

Reiseguide 2020

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 45 12/02/2020 18:13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!