04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NORDFJORD SAGA

Anders Svor Museum

Grodås. Museum i bilethoggaren

Anders Svor (1864–

1929) si heimbygd, der ein

kan beundre dei fleste av

arbeida hans, i alt 450 stk.

Singerheimen

Olden. William Henry Singer

(1868–1943) frå Pittsburg

(USA), budde og arbeidde her

sommarane frå 1913. Ekteparet

Singer er gravlagde i eit kapell

ved atelieret. Singer var verdsborgar

og impresjonist. I

atelieret er nokre av dei

finaste måleria hans utstilt.

Orheimstunet

Stårheim, Stad. Samling

som fortel ei Fascinerande

historie om livet til den blinde

forfattaren og predikanten

Matias Orheim.

Kulturhuset Gamlebanken

Nordfjordeid. Her kan ein sjå

og kjøpe kunst frå mange ulike

kunstnarar. Kulturskulen sine

elevar har faste konsertar her.

Turistinformasjon. Bygninga er

frå 1881.

Måløyraidsenteret

Måløy. Internasjonalt krigshistorisk

informasjonsog

opplevingssenter.

Rugsund Handelsstad

Rugsundøya. Her finn du

den freda handelsstaden

frå 1600-talet. Med seks

historiske bygningar ligg den

lunt og idyllisk til ved skipsleia.

Her er landhandel i gamal stil,

gjestebrygge og servicebygg.

Tønnefabrikken

Kinn. Over 100 år gamal

tønnefabrikk. Den einaste i

landet som er verna av riksantikvaren.

Fabrikken produserte

tønner til å salte fisk i

under dei rike fiskeåra.

Omvisning på førespurnad.

Volda Bygdetun

Volda. 20 hus ordna som

ein vanleg sunnmørsgard frå

midten av 1800-talet. Tunet

ligg vakkert til ved foten av

Rosethornet og med utsikt

over fjorden.

Dalsfjord Fyrmuseum

Volda. Dokumentasjon og

formidling av den sosiale

historia til dei som har vore

med å bygge fyr, fyrlykter,

merker, fortøyingsfester og

hamner langs heile kysten

heilt frå 1825.

Vågsberget handel

- og gjestegjevarstad

Måløy, frå 1600-talet, er

rekna som ein av landets mest

autentiske og best bevarte

handel og gjestgjevarstader.

Reiseguide 2020 26

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 26 12/02/2020 18:13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!