04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NORDFJORD SPOR

På to hjul

SYKLING

Vi gir dei på to hjul moglegheita til velje.

Enten du brenn for landevegssykling eller

stisykling. Det varierte landskapet i Nordfjord

vil alltid tilby det lille ekstra til deg som ønskjer

ei unik sykkeloppleving. Søker du bratt stigning

opp eit fjell eller ein enkel tur i ein pittoresk

bygdeby? Nordfjord er svaret. Hos oss kan du

sykle på gamle kjerrevegar der det sjeldan er

trafikk, på asfalt som svingar seg opp gjennom

dalane, eller langs havet med sjøsprøyt i

nakken. Uansett sykkel, uansett sti garanterer

vi ei oppleving du seint vil gløyme. Vi spør oss

sjølv, er Nordfjord eitt av Norge sine råaste

sykkeldestinasjonar? Med unike omgivelsar og

stadig nye sykkelstiar, meiner vi svaret er ja.

Sleng deg på sykkelsetet og dra til Nordfjord,

så får du svaret ditt.

Haugsvarden © Mattias Fredriksson

FLOFJELLET, FRÅ HELLESYLT TIL STRYN

Frå Hellesylt syklar vi mot Vollset, der vi tek den

bratte og kuperte vegen nedover Flofjellet til

fruktbygda Flo. Deretter langs Oppstrynsvatnet

og vidare på RV 15 mot Stryn (hugs lykt, tunnel).

Der er noko stigning frå Hellesylt til Vollset, men

det er ein god sykkelveg. Flofjellet har flott natur

med ville fossefall og fredfulle vatn. Du passerar

også fleire setrar. Turen tek 4–6 timar, og er om

lag 40 km lang. Det høgaste punktet er rundt

550 m.o.h.

Sykkelutleige og guida sykkelturar sjå

www.nordfjord.no

13

Reiseguide 2020

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 13 12/02/2020 18:12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!