26.07.2013 Views

100 år med forskning i Norge - Nysgjerrigper

100 år med forskning i Norge - Nysgjerrigper

100 år med forskning i Norge - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Varmt vatn Tusjpenn

Slik gjer du

Linjal

Stoppeklokke

Ein sekretær som

kan skrive for deg.

1 Frå eit punkt i ytterkanten

av kjeksen måler du opp

desse avstandane inn mot

midten: 0,5 cm, 1 cm og

2 cm. Merk av med penn.

2 Gjer klar stoppeklokka og trykk på

start i det du set ytterkanten av kjeksen

ned i varmt vatn. Få hjelp av sekretæren

til å notere ned kor mange

sekund vatnet bruker på å trekkje

opp til dei avmerkte strekane.

24

Fleire kjeks

utan fyll og pynt

Kapillærkrefter

Kva for krefter får vatnet til å trekkje inn i

kjeksen? Gjer dette forsøket for å undersøkje

saka nærmare:

3 Gjenta forsøket 6 gonger og før inn

tala i ein tabell. Verdiar som avvik

veldig frå fl eirtalet, slettar du. Kanskje

var denne kjeksen litt annleis

enn dei andre, eller du var litt uoppmerksam

eller klønete under eksperimentet?

Akkurat slike vurderingar

må også forskarar gjere når dei samlar

inn data. Derfor er det viktig å

gjenta forsøk mange gonger.

4 Rekn ut kor mykje tid det gjennomsnittleg

tok for vatnet å nå opp til

merka ved 0,5, 1,0 og 2,0 cm.

Kva skjer?

Vatnet bruker cirka 4 gonger lenger tid

på å nå 1 cm-merket enn det bruker på

å nå 0,5 cm. Det same gjeld tida vassfronten

bruker for å nå 2 cm-merket

samanlikna med 1 cm-merket. Når du

doblar avstanden, bruker altså vatnet

fi re gonger lenger tid på å nå fram.

Slik oppfører vatn seg når det blir påverka

av kapillærkrefter. Kapillærkrefter

oppstår når vatn trengjer inn i tronge

porer. Då oppstår ei tiltrekningskraft

mellom vassmolekylar og veggen

som omgir dei, slik at vatnet blir trekt

oppover. Den engelske fysikaren Len

Fisher har gjort dette forsøket før deg.

Fordi vatnet trekkjer seg inn i kjeks på

denne måten, trur han det er tronge

porer i kjeks, og at det oppstår kapillærkrefter

i disse porene når vi dyppar

kjeksen i vatn. Kapillærkrefter kan

brukast til mykje nyttig, for eksempel

kromatografi .

forskerfabrikken: mektige sugekrefter nysgjerrigper – 1-2005, 12. årgang

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!