27.07.2013 Views

Konsertinformasjon Lykkehjulet - Den kulturelle skolesekken ...

Konsertinformasjon Lykkehjulet - Den kulturelle skolesekken ...

Konsertinformasjon Lykkehjulet - Den kulturelle skolesekken ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

LYKKEHJULET

- ditt livs sjanse

Konsert for 8. - 10. årstrinn

2012

2013

Tale Marie G. Mydske

Solveig Lagos Andersen

Ingrid Andsnes

2

: Lykkehjulet - ditt livs sjanse

PROGRAMMET

Lykkehjulet – ditt livs sjanse er eit spel om identitet og jakta på lykke. Det er ei

musikkteaterførestelling der samtidsmusikk og moderne teater saman gir stemme til eit

menneske av vår tid. Ei kvinne trer fram i rampelyset. Ho er sjølvsikker, scenevand – og ho

kjenner showbizbransjen til fi ngerspissane. Ho kan fortelje deg nokre sanningar om korleis

livet bør levast, og ho går ikkje av vegen for å gjere det. Kvinna er bingovertinna, dronninga i

bingolokalet vårt og i kveldens show, og hjulet ho snurrar, er eit lykkehjul, livets lykkehjul.

Musikken i stykket er av Kurt Weill, Hanns Eisler, Luciano Berio og John Cage. Det er gjort

eit utval av kjende og ukjende songar av Eisler og Weill som i hovudsak inneheld tekstar av

Bertolt Brecht. Desse har eit politisk eller samfunnskritisk innhald som primært er henta frå

Tyskland i 1930–40-åra med musikk av John Cage, Luciano Berio, Hans Eisler og Kurt Weill.

MUSIKARANE

Tale Marie G. Mydske, mezzosopran, avslutta mastergraden sin ved Noregs

musikkhøgskole (NMH) i 2008 i klassisk song med sjølvvald fordjuping. I tillegg til mastergrad

frå NMH har Tale også songutdanning frå Franz Listz-akademiet i Weimar i Tyskland og frå

Høgskolen i Stavanger. Tale har også utdanning innanfor teater, mellom anna frå Høgskolen

i Oslo. Ved sida av frilansarverksemda si som lied-, romanse- og kyrkjemusikksongar har ho

som utøvar også vore spesielt oppteken av kombinasjonen teater og musikk, og har både

som frilansar og som instruktør arbeidd mykje med dette. Tale har sett i scene og medverka

i ei rekkje førestellingar i dette skjeringspunktet, inkludert kabaret-førestellingar med duoen

Duo Weill sidan 2004. Tale har også sidan 2003 verka som instruktør ved Oslo Barne- og

Ungdomsteater, Schous Kulturstasjon.

Ho var med på å danne gruppa Ensemble-07 i 2007. I 2008/2009 produserte dei førestellinga

Den forbudte musikk basert på musikk av Sjostakovitsj. I 2010 var Tale med på å grunnleggje

Flagstadfesten, ein årleg musikkfestival i Kirsten Flagstads heim i Kristiansand. Her verkar ho

både som utøvar og som arrangør.

Solveig Lagos Andersen, sopran, er frå Romedal i Hedmark. Ho er utdanna ved

Musikkonservatoriet i Stavanger og Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo, der

Mirjana Dancuo Peharda var songpedagogen hennar. For Rikskonsertane turnerer ho

også med operaførestellinga The Old Maid and the Thief, der ho speler rolla som Laetitia.

Eksempel på andre operaroller ho har sunge, er Violetta i La Traviata (Verdi), Rosalinde

i Flaggermusen (J. Strauss) og Clarice i Il mondo della luna (Haydn). Solveig har vore

engasjert av mellom andre Norsk Kammeropera, Musikkteatret i Trondheim, Kirsten Flagstad

Festival, Oslo Operafestival, Operaen i Kristiansund, Ringsakeroperaen, Olavsfestdagene

i Trondheim, Festspillene i Elverum og på konsertar ved Den Norske Opera & Ballet. Ho

har også vore solist med symfoniorkestra i Trondheim, Kristiansand og Stavanger, La

Cetra (Sveits), Helgeland Sinfonietta og dessutan fl eire korps og amatørorkester. Solveig

er også med i scenekunstgruppa MjøScene Produksjoner. Gruppa har turnert for Den

kulturelle skolesekken med mellom anna førestellinga Løp, løp, løp! og skal på turné med

den nyproduserte førestellinga Flaska som hylte på alt mulig våren 2012. Ho blei fast tilsett

som distriktsmusikar i Nesna i 2010 og har i samband med det mellom anna turnert med

førestellinga Feskarbonden og andre kvinnfolk med Trio Nesna.

Ingrid Andsnes har gjort kritikarrosa oppdrag som solist og kammermusikar i Noreg og i

utlandet. Ho har vore solist med fl eire orkester, og har hatt engasjement ved dei viktigaste

musikkfestivalane i Noreg, som Nordland Musikkfestuke, Olavsfestdagene i Trondheim,

Festspilllene i Bergen, Oslo Kammermusikkfestival og Ultimafestivalen (Oslo).

I fl eire år har ho også turnert for Den kulturelle skolesekken. Hausten 2011 medverka ho på

sin første cd, som solist i Mozart klaverkonsert nr. 12 med Telemark Kammerorkester, som ho

har fått strålande kritikkar for. Ingrid Andsnes kjem opphavleg frå Karmøy i Rogaland, og har

studert under professor Joan Havill ved Guildhall School of Music and Drama i London og

professor Jiri Hlinka ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo.

2012 - 2013

3

PRAKTISK KONSERTFØREBUING

: Lykkehjulet - ditt livs sjanse

• Det er naudsynt med piano til denne konserten

• Musikarane treng hjelp av fi re sterke elevar til å bere utstyr før og etter konserten.

Musikarane kjem ca 45 minutt før første konsert. Konserten varer i 30 minutt.

• Musikarane treng tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere

• Musikarane bruker langsida i konsertsalen. Plasser eleveane i vifteform med midtgang.

• Den driftsansvarlege og involverte lærarar må få ein kopi av denne

konsertinformasjonen

• Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket

• Det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem til ein ny stad

KORLEIS SKOLANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING

• Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og er publikum og opplever konserten

på lik linje med elevane.

• Bruk konsertinformasjonen til å informere elevane, skoleleiinga og lærarane om innhaldet

og gi dei praktiske opplysningar.

• Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som brukar elevvertar og elevarrangørar. Sjå

www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon.

• La elevane bli kjende med Berthold Brecht og komponistane som har laga musikken

i konserten. På Wikipedia kan du søkje og fi nne mykje informasjon. Det fi nnes musikk

tilgjengeleg på Spotify og Wimp, og video på www.youtube.com. Dei møta som er

førebudde, er ofte dei beste.

• Bruk også det vedlagde Bruk konserten-materiellet. Eigarskapen til og effekten av

konserten blir større der besøket er forankra i undervisninga og læringsmåla i skolen.

Sjå også boka Bruk konserten! for fl eire undervisningsopplegg

www.rikskonsertene.no/brukkonserten

Velkommen til konsert!

2012 - 2013

4

SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN

Turnélegger Hanne Brit Iversen

Fylkeskonsertane/Hordaland fylkeskommune

Tlf. 55 23 99 66

E-post: hanne-brit.iversen@post.hfk.no

SPØRSMÅL OM PROGRAMMET

Produsent Matias Hilmar Iversen

Rikskonsertene

Tf. 22 02 59 00

E-post: mhi@rikskonsertene.no

FAKTA

: Lykkehjulet - ditt livs sjanse

Skulekonsertordninga til Rikskonsertane er ein del av Den kulturelle skolesekken og blir

gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane.

Skulekonsertane utgjer det hovudsaklege musikktilbodet innanfor Den kulturelle

skolesekken.

Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skulekonsertordninga og legg dei faglege

rammene for verksemda. Skulekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til

Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar

av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skulekonsertane

til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600

000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skulane sine. Det er skulane

sjølve som står som arrangør av skulekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800

musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg.

2012 - 2013

FAG

EMNE

MÅLGRUPPE

TIDSRAMME

RESSURSAR

MÅL LK06

FRAMGANGSMÅTE

5

MUSIKK OG SAMFUNN

Etter ein idé av KRISTINA CLEAVERLEY

SPØK er ein læringsmetode som viser dei store samanhengane i viktige hendingar opp

gjennom historia. SPØK fokuserer på fi re sider ved historiske eller samfunnsaktuelle

hendingar: det samfunnsmessige, det politiske, det økonomiske og det kulturelle. Ei hending

har alltid fl eire sider, men det å lære seg å sjå samanhengar er ei treningssak. Målet med

dette Bruk konserten-opplegget er å få elevane til å sjå at desse forholda er avhengige av og

påverkar kvarandre. SPØK passar til konsertar som er forankra i ein bestemd tidsperiode, og

gjerne til eit geografi sk område.

Samfunnsfag, RLE, musikk

Samfunn, politikk, økonomi, kultur

8. - 10.årstrinn

ca 3 timer

Internett, bibliotek, PC, konsertinformasjon

Eleven skal kunne skape fortellinger om mennesker i fortiden og slik vise hvordan rammer

og vendinger i samfunnet påvirker tanker og handlinger (samfunnsfag 10. årstrinn). Eleven

skal kunne gjøre rede for hvordan musikk gjenspeiler trekk ved samfunnsutvikling og

ungdomskultur og hvordan dette kan komme til uttrykk gjennom ulike former for rytmisk

musikk, kunstmusikk og norsk, samisk og andre kulturers folkemusikk (musikk 10. årstrinn).

Eleven skal kunne drøfte verdivalg og aktuelle temaer i samfunnet lokalt og globalt:

sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringer, fredsarbeid og demokrati (RLE, 10.

årstrinn).

Elevane jobbar i fi re grupper med å fordjupe seg i tidsperioden eller det geografi ske området

som er beskrive i konsertinformasjonen. La elevane bruke Internett, bøker og oppslagsverk

til å fi nne meir ut om desse elementa i SPØK:

S står for dei samfunnsmessige forholda. Korleis levde folk i Tyskland i mellomkrigstida,

kva levde dei av? Korleis var familiesamansetjinga? Arbeidsforhold? Kva rettar hadde dei?

P står for den politiske situasjonen i tidsperioden/området. Kva politiske system prega

landet? Kva motsetnadsforhold, hendingar eller politiske samband prega tidsperioden?

Prega nokon nye lovforslag tidsperioden/området?

Ø står for den økonomiske situasjonen. Kva økonomiske system styrte? Korleis var

balansen mellom tilbod og etterspurnad eller import og eksport? Fanst det store økonomiske

skiljelinjer mellom folk? Eller utprega fattigdom?

K står for det kulturelle uttrykket frå tidsperioden/området. Kva kunstuttrykk var gjeldande?

Kva kunstnarar, utøvarar eller komponistar prega epoken? Kva instrument brukte dei?

Korleis blei kunsten vurdert? Var kunsten tilgjengeleg for alle?

KVIFOR

TIPS FOR VIDARE-

FØRING

6

Gruppene jobbar med kvart sitt element i SPØK. Funna blir presenterte i plenum. Finn ein nokon fellestrekk

innanfor alle SPØK-kategoriane? Høyr så på lytte-eksemplet frå konserten, eller ta utgangspunkt i sjølve konsertopplevinga.

Kva parallellar og tilvisingar fi nn ein til samfunnet rundt og SPØK-kategoriane?

Elevane får ei heilskapleg oppleving av musikken og konteksten.

Elevane blir medvitne om korleis kunsten blir påverka av tida og samfunnet.

Elevane set seg inn i korleis ein kan bruke samfunnsmessige forhold som inspirasjon for eiga

skaping.

La elevane jobbe med å skrive songtekstar eller andre tekstar inspirerte av tidsepoken/

området dei har sett seg inn i. SPØK kan då brukast saman med Bruk konserten-opplegget

”Songtekstanalyse”.

www.rikskonsertene.no/brukkonserten

7

: Lykkehjulet - ditt livs sjanse

2012 - 2013

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!