13.09.2013 Views

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

44

ARNE MEINAR

DET ER BRA AT

STORTINGSVALET

I 2013 VIL VERTA

EIT REGJERINGS-

VAL MED TO KLA-

RE ALTERNATIV.

Tid for evaluering, analyse,

læring og forbetringar

I August kjem evalueringa frå

den regjeringsoppnemnte 22. juli-kommisjonen.

Partia bør lytta

til ungdommen, som vil ha større

fokus på eit tryggare samfunn.

Straumen av evalueringar av tragedien 22. juli,

starta 1. mars med Stortinget sin eigen 22.

juli-rapport. 15. mars kjem politiet sine eigne

evalueringar, fleire delrapportar og Sønderlandutvalet

sin rapport. I august kjem den viktigaste

evalueringa, nemleg frå den regjeringsoppnemnte

22. juli-kommisjonen.

Kva kan me venta oss, og ikkje minst kva kan

ein få til av forbetringar? Stortinget sin rapport

som vart presentert 1. mars, har mykje bra fokus

og viktige føringar for framtida. Det er svært bra

at komiteen har så sterkt fokus på førebygging,

det er også bra at ein stiller krav og forventningar

til politiet. Kanskje politikarane også skulle nytta

høve til å evaluera og vurdera eigen innsats, men

det er heilt fråverande.

Er ikkje tida inne for å sjå på om det er råd å nå

dei politiske måla, ha den beredskapen og tilfredsstilla

alt som Stortinget forventar? Å stilla krav

til andre er ofte lett. Å stilla krav til seg sjølv kan

vera meir krevjande, for då må ein også fylgja opp.

VIKTIG PERIODE

Politiet går inn i sin mest spennande og viktige

periode på mange år. Mange har forventningar til

politiet sin eigen evaluering som kjem 15. mars.

Først og fremst er det ein forventning om full

openheit, om at alle delrapportar og evalueringar

vert lagt opent fram. Det er også stor spenning

knytta til politiet sin eigen vilje og evne til å leita

etter forbetringsområder og læringspunkt.

Sjølvsagt er det også forventningar om at alt det

gode arbeidet som er utført av einskildpersonar

kjem fram, og at ein ikkje leitar etter syndebukkar

på individnivå. Systemkritisk bør ein vera. Også på

rolledeling mellom fag og politikk. Kanskje tida er

inne for at også det politifaglege vert løfta fram og

sett ein prislapp på? Kva kostar det å tilfredsstilla

dei krava og forventningane som er avdekka etter

22. juli? Dette må no Politidirektoratet klart og

tydeleg få fram, sjølv om det kan verta ubehagleg

for Regjeringa. For prislappen vert høg.

Etter at alle rapportar, evalueringar og kommisjonen

har gjort sitt arbeid, kjem Regjeringa

sin Stortingsmelding om «Resultatreformen».

Framtidas politi skal formast. Dette kjem inn

mot Stortingsvalet i 2013. Det er perfekt. PF sine

mange dyktige tillitsvalte og medlemmar vil få

mange anledningar til å utfordra på kva retning

politiet skal utvikla seg i. Skal sentraliseringa

halda fram? Skal ein fjerna arbeidsoppgåver frå

etaten eller vidareutvikla mangfaldet av oppgåver?

Skal politiet settast i stand til å møta framtidas

kriminalitet, nye kriminalitetsformer, cyberkrim,

økonomisk kriminalitet i vekst, vinningskriminaliteten?

Lista er lang.

Skal politiet igjen verta ein beredskapsetat som

har ein truverdig «kvardagsberedskap», og som

set oss i stand til å handtera meir enn dei daglege

utfordringane? Det er politikarane som avgjer

kvalitet og nivå på framtidas politi. Det er bra at

stortingsvalet i 2013 vil verta eit Regjeringsval

med to klare alternativ.

LYTT TIL UNGDOMEN

16. februar hadde Aftenposten ein spennande

artikkel om kva politikkområder ungdomen er

mest oppteken av. TNS Gallup hadde spurt ungdom

mellom 15-29 år om «Norges utfordringer

etter viktighet». Slik rangerte dei utfordringane:

1 Kriminalitet

2 Innvandring/integrering

3 Veg og bane

4 Helse

5 Utdanning

6 Finanskrise

7 Narkotikaproblem

8 Fattigdom/urettferdigheit

9 Økonomi

10 Kampen mot arbeidsløyse

11 Klimaendringar

12 Terror

Partia bør lytta til ungdomen. Dei har ein klar

forventning om større fokus på eit tryggare samfunn

og betre livskvalitet for fleire.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!