13.09.2013 Views

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SJANSELØSE - Politiets Fellesforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FOLKESTAD

REGJERINGA

VALDE Å BLANDE

ROLLA SOM AR-

BEIDSGJEVAR OG

STYRESM AKT.

Forskrifta må vekk

Den frie forhandlingsretten står sterkt her til lands.

Det er ein av hjørnesteinane i den nordiske og

norske samfunnsmodellen. Tradisjonen med frie

forhandlingar og trepartssamarbeid mellom arbeidstakarar,

arbeidsgjevarar og styresmakter

er i ferd med å bli ei norsk eksportvare. Stadig

høyrer vi at dagens regjeringsparti prisar både

modellen og forhandlingssystemet. Det er det

gode grunnar til.

Difor er det eit stort paradoks når den raudgrøne

regjeringa skrenkar inn – ja set til sides – den

frie forhandlingsretten. Det skjedde då regjeringa

i 2009 vedtok ei forskrift som ga staten heimel

til einsidig å regulere arbeidstida i politi- og lensmannsetaten.

Om staten var usikker på eigen

forhandlingsposisjon eller -styrke, skal eg ikkje

spekulere i her.

Men regjeringa valde å blande rolla som arbeidsgjevar

og styresmakt. Det er mildt sagt uryddig.

Og det er i strid med den norske modellen.

Det er også i strid med god forhandlingsskikk.

Ikkje nok med det: Det er også i strid med

internasjonale konvensjonar om frie forhandlingar.

Regjeringa har så langt ikkje villa oppheve

denne famøse forskrifta. Det ser ut til at ho skal

ligge der, nærast som eit beredskapstiltak. «For-

skrifta skal ikkje brukast», forsikra Martin Kolberg,

seinast på PF sitt landsmøte. Det er bra.

Men det er ikkje godt nok. Forskrifta må vekk.

Kravet har brei støtte også frå andre arbeidstakarorganisasjonar.

Difor er Unio, i samråd med Politiets Fellesforbund,

klar til å klage denne innskrenkinga inn

for ILO. ILO er FNs arbeidslivsorganisasjon – ein

arena for internasjonalt trepartssamarbeid, lagt til

Geneve. ILO vedtar og forvaltar eit omfattande

regelverk som gjeld arbeidsliv og fundamentale

rettar.

Mange av sakene er svært alvorlege, langt alvorlegare

enn saka vår. Likevel, når ei slik sak

ikkje fi nn si løysing nasjonalt, er det både rett og

rimeleg å bruke ILO.

Inga regjering likar å måtte forklare seg for ILO.

Det er nemleg eit teikn på at noko har gått gale

på heimebane. Ofte handlar det om mangel på

samsvar mellom ord og handling. Å «forhandle»

ved hjelp av sjølvbestemte forskrifter er dårleg

praksis. Det er å angripe sjølve forhandlingsretten.

Kan verkeleg regjeringa stå for ein slik praksis?

Anders Folkestad, leiar Unio

Over

50,000

leverte terminaler

i Sverige

og Danmark.

47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!