21.09.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2005 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2005 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2005 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

7. søndag etter pinse

3. juli 2005

Prekentekst: Matt. 5,20 - 24 (25-26)

Lesetekster: 5.Mos.30,11-16, Fil 3,3-11

Av Hans Kristian Solbu

Kontrastar

Kva handlar eigentleg kristendommen om?

Det kan ein spørre om etter å ha lese dei tre

tekstane på denne sommarsøndagen. Det er

mange kontrastar mellom tekstane, og det

er også spenningar innanfor evangelieteksten.

Denne preiketeksten er den første

av antitesane i Bergpreika, og berre det at

det er ei antitese bær i seg noko av ei

spenning. Spørsmålet er om det er fruktbare

spenningar og kontrastar eller om det er

motsetnader som det er vanskeleg eller

umuleg å koma til rettes med.

1. kontrast

Mellom GT-tekst og evangelietekst. Jesus

går inn i ein nokså detaljert lovtolkingsdiskusjon

om korleis dei skal forstå det 5. bodordet.

Mens Moses slår fast at desse boda

treng ein ikkje diskutere opp ad stolpar og

ned ad vegger: “Ordet, det er i munnen din

og i hjarta ditt.” Det er ikkje noko fjernt

eller vanskeleg, meiner Moses. Mens Jesus

diskuterer med fedrane.

2. kontrast

Mellom epistel og evangelietekst.

Antitesene og Bergpreika i det heile stiller

sterke krav til den som vil inn i himmelriket.

Men i Filipparbrevet skriv Paulus at

han har meir enn nok å sette sin lit til hos

seg sjølv når det gjeld å oppfylla loven.

Men at han, for Kristi skuld, held alt det for

GUDSTJENESTEFORBEREDELSE

tap. For Paulus er det å oppfylla lova sjølve

synda. Det er ikkje akkurat det same

inntrykket ein sitt med når det gjeld Jesus

sine ord her.

3. kontrast

I konteksten. Det er ei klar spenning

mellom det Jesus seier rett før han startar

med alle antitesene og innleiingane til kvar

tese: “Tru ikkje at eg er komen for å

oppheva lova eller profetane! (.....) Ikkje

den minste bokstav eller prikk i lova (skal)

forgå.” (v.17-18). Mens i antitesene seier

Jesus: “De har høyrt det er sagt til fedrane,

(.....) men eg seier dykk.” Dette er ikkje lett

å få i hop.

4. kontrast

I Bergpreika. Dette himmelrikekravet: “Er

ikkje dykkar rettferd mykje større enn

rettferda åt dei skriftlærde og farisearane.”

Ikkje så lett å sameina med ”Sæle dei som

er fattige i seg sjølve, himmelriket er deira”

og denne nådefulle tilseiianga av Guds rike

som går gjennom opninga av Bergpreika.

5. kontrast

Innafor sjølve evangelieteksten ligg det

også ei spenning mellom det å gjere det

rette og det å praktisere religionen. Er det

viktigare å forlike seg med sin bror enn å

praktisere religionen på rett vis (å bera fram

offer)?

Kva er kristendom?

Kva er eigentleg den rette kristendommen?

Handlar det om å tru på Jesus Kristus, og at

det til syvande og sist ikkje kjem an på kva

eg gjer eller ikkje gjer? Eller dreier kristendommen

seg om å leve rett og om å vere eit

godt menneske? Går det an å seie ”Ja, takk,

begge deler” eller dreier det seg om to

NYTT NORSK KIRKEBLAD NR. 5/2005 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!