06.01.2014 Views

Årsmelding 2007 Hardanger og Voss museum

Årsmelding 2007 Hardanger og Voss museum

Årsmelding 2007 Hardanger og Voss museum

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

12 13

2.3 UNGDOMSAVDELINGA 2.4 MUSEUMSAVDELINGA

I 2007 har ungdomsavdelinga gjennomført anbodsrundar

med Barne- og Familieetaten region vest og

med Barne- og Familiedirektoratet. Hardanger

Fartøyvernsenter vert rekna som ein privat barnevernsinstitusjon

og må difor gjennomføra anbodsrundar

for å få avtalar med barnevernet om plassering

av ungdom. Begge anbodsrundane førte til kontraktar

for alle tiltaksplassane, men med den risikoen

at det ikkje blir betalt for ubrukte plassar.

I forhandlingsperioden var det stillstand i plasseringa

av ungdom, samstundes som nokre av ungdommane

i tiltaket vårt slutta. Dette førte til eit stort underskot

for ungdomsavdelinga og HFS i 2007, og ein vurderte

permittering av medarbeidarar. Situasjonen betra seg

mot slutten av året ved at nye ungdommar blei plassert

i tiltaket.

Personalstoda på avdelinga har vore krevjande dei

siste åra. Mykje ekstravakter og behov for utlufting

av ungdommar har bl.a. gjort det vanskeleg å følgje

oppsett turnus. Permisjonar og medarbeidarar som

sluttar har gitt oss utfordringar og mykje arbeid med

rekruttering.

I mai tok avdelingsleiar Olav Bolstad initiativ til

leiarskifte som førte til at han og nestleiar Terje

Langeland bytta stillingar frå 1. september. To instruktørar

ved ELO (dagtilbodet) sa opp stillingane

sine, noko som har gitt utfordringar i høve kontinuiteten

og kvaliteten på ELO. Gjennom året har tre

buttiltak slutta og det er inngått avtalar med to nye.

Avdelinga har hatt ei ungdomsgruppe med mange utfordringar

og problem. Me har diverre sett oss nøydt

til å sei opp plasseringar for to ungdommar på grunn

av fysisk utagering og uønska åtferd. Trenden med

meir kompleks og større problematikk for ungdommar

som vert plassert i institusjon av barnevernet i

Noreg ser ut til å vedvara.

Det har vore mange og ulike utfordringar for

avdelinga i 2007. Ein har likevel klart å ha eit godt og

sterkt fokus på ungdommane, som har hatt eit

kvalitativt og innhaldsrikt tilbod. Som høgdepunkt

kan nemnast tur til Shetland med Vikingen og tokt

med Mathilde frå Rørvik til Ålesund i august. Personalet

har strekt seg langt og gjort stor innsats for

at ungdommane i tiltaket skal ha positiv vekst og utvikling.

I tillegg til dei meir tradisjonelle museumsoppgåvene

har museumsavdelinga på HFS ei omfattande verksemd

med drift av verneverdige fartøy, maritim leirskule

og handverksaktivitet knytt til produksjon av

klinkbygde båtar og reipslaging. HFS hadde 13 616

besøkande i 2007, som er om lag som i 2006.

I 2007 utvida ein opningstida ved å starte sommarsesongen

i mai, fire veker tidlegare enn vi har gjort

før. Opningsarrangement blei kombinert med eit

nasjonalt smedtreff der det blei vist mykje spanande

smedaktivitet for store og små. I kafeen var det ei

fotokunstutstilling med Ingrid Jordal, på reiparbana

ei vandreutstilling med kystkulturelle tekster frå Ivar

Åsen senteret og ei sjølvprodusert spikke-inspirasjonsutstilling.

HFS er eit levande museum der gjestene får sjå utføring

av fleire maritime handverk i verkstadar og på

båtane. I sesongen vert det engasjert flinke studentar

til å utføre mykje av det praktiske arbeidet rundt

publikumsaktiviteten. HFS si museumsamling er i

hovudsak knytt til dei fire verneverdige fartøya og til

ivaretaking av handverkskunnskap. Målet er å verne

fartøya gjennom aktiv drift og formidling. Ut over

dette har HFS berre ei lita gjenstandsamling. Fokuset

er ikkje på materielle samlingar men på innsamling

og vidareføring av immateriell kunnskap. Gjennom

utøving av verneverdige handverk vert kunnskap

halden i hevd.

HFS var også sist år aktiv som del av Kvam Herad

sin kulturelle skulesekk. Ein gjennomførte undervisningsprogram

med tema reipslagning for 8. klasse,

forming i tre (spikking) for 2. klasse, roing med tradisjonelle

robåtar for 6. klasse, og fartøyvernarbeid for

10. klasse. Gjennom året gjennomføre avdelinga i tillegg

fleire arrangement retta mot born og unge.

Segljakta Mathilde gjennomførte også i 2007 åtte

veker museumstokt, finansiert av Hordaland fylkeskommune,

der båten blir nytta til ulike kulturarrangement.

Vårsesongen vart det gjennomført eit program

i Norhordaland med fylkesmusikkarane. Haustprogrammet

var knytt til vandreutstillinga frå Ivar

Aasen tunet og eit sjølvutvikla skriveinspirasjonstokt

for skulane i Hardanger. Dette vart utvikla og gjennomført

i samarbeid med Hardanger Folkemuseum.

Hardanger Maritime Leirskule er eit samarbeid med

Kvam herad knytt til segljakta Mathilde. Også dette

året var alle dei 12 toktvekene selde og me kunne

observera glade og kunnskapsrike skuleungar som

gjekk i land etter fem døger til sjøs. Sommarsesongen

til Mathilde blir seld til opne vekestokt for grupper

og/eller einskildpersonar. Salet av slike tokt er krevjande

men årets tokt til Lofoten var populære og

belegget godt.

M/Y Faun har vist seg å vera vanskeleg å selja som

turbåt, og har for det meste lagt til utstilling. Dette

kan skyldast at båten berre har sertifikat for 12 passasjerar

og kan bli litt ”eksklusiv” med innleidd skipper.

M/K Vikingen er ”ungdomsavdelinga sin” båt,

dei ser til båten og brukar den på nokre sommarturar,

mellom anna til Shetland i 2007.

Småbåt har hatt god aktivitet og omsetnad. Verkstaden

deltok saman med reipslagarverkstaden på

båtmessa Sjøen for alle i Oslo. I 2007 starta vi opp

eit dokumentasjonsprosjekt knytt til båtbyggjarkunnskap

i fjorden. Prosjektet er delfinansiert av

Hardanger og Voss museum sine fellesmidlar og har

resultert i eit stort intervju, foto og film materiale i

tillegg til den overførte handlingsborne kunnskapen

som berre kan overføres gjennom praksisbasert

erfaring.

Reipslageriet har hatt eit spesielt år då reipslagaren

har vore i svangerskapspermisjon store deler av året.

Ved hjelp av vikar og lærlingen sin aktivitet har ein

likevel klart å levere tau til faste kundar. På hausten

gjennomførte vi eit dokumentasjonsprosjekt på

ei reiparbane i Kristiansund i samarbeid med Norsk

Handverksutvikling. Dokumentasjonen var knytt til

utdrivarteknologi, og har gitt oss mange tankar om

vidare utvikling av vår eigen reiparbane. Reipslagaren

vår deltok også på Kystens Landsstemne og Risør

trebåtfestival.

Hausten 2007 var HFS vertskap for eit nasjonalt seminar

med tema formilding gjennom handling i regi av

Noregs Museumsforbund sin seksjon for formidling.

I 2007 utarbeidet HFS i samarbeid mec kollegaer i

Hardanger og Voss museum, eit samtidsdokumentasjonsprosjekt

knytt til bygginga av Hardangerbrua.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!