27.11.2014 Views

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kvåle kraftverk

Historie

Dalsdalen strekker seg frå Luster ved Lustrafjorden og

nordvestover inn mot Vigdalen og Jostedalen i Luster kommune.

Lustrafjorden er den inste delen av Sognefjorden. Luster kommune

ligg lengst aust i Sogn og Fjordane og grensar mot Lom og Skjåk

oppe i Jotunheimen.

Utnytting av vasskraftressursar har lang historie i Luster.

Allereie ved oppstarten av Lyster Sanatorium i 1902 stod eit eige

kraftverk klart til å forsyne anlegget på Harastølen med elektrisk

straum. Sjølve bygda fekk elektrisk straum i 1915 med opninga av

Døsen kraftverk. Vidare vart Sage kraftverk inne i Dalsdalen sett i

drift i 1939 og modernisert i 2001. I tilknyting til Sage kraftverk er

både Smørvivatnet og Kringlevatnet regulert. Om lag halve tilsiget

til Kvåle kraftverk kjem frå reguleringsmagasina og Sage kraftverk.

Luster kommune er ein kraftkommune med fleire større kraftverk

som til saman produserar kring 3 TWh.

Gjennom ein avtale med Luster Småkraft AS i 2006, stilte

grunneigarane fallrettar tilgjengeleg for utvikling av eit småkraftprosjekt.

Luster Småkraft AS tok på seg risikoen og sjølve

utbygginga. Mai 2009 vart kraftverket sett i drift, noko som gjev ny

fornybar energi og lokale næringsinntekter, både til grunneigarar og

utbyggingsselskapet som er lokalisert i kommunen.

Kraftverksprosjektet i Kvåle har skapt stor aktivitet lokalt i

byggeperioden og sikra næringsinntekter til grunneigarar og lokalmiljøet.

Drift og vedlikehald vil og bli utført av grunneigarane og

lokale selskap.

Kvåle kraftverk har hatt fokus på estetisk utforming og

opprydding av tiltaksområdet. Kraftverket ligg sentralt i bygda og

nær opp mot naboar. Estetisk utforming og redusering av støy har

derfor vore viktig for prosjektet.

Prosjektet

Inntaket ligg ved inngangen til juvet ned mot fjorden og er godt

skjult frå allmenn ferdsel. Vatnet renn rett inn i tunnel som leier

vatnet til ein propp. Her går vatnet over i røyr, først inne i

tunnelen, så nedgaven over innmark og skråning ned til

kraftstasjonen. På grunn av busetnad nær røyrgata, har røyrgata

blitt satt i sikkerheitsklasse 3. Dyktige entreprenørar løyste

utfordringane på ein god måte trass i utfordringar undervegs.

Steinmassane frå tunnelen er i stor grad transportert vekk og

knust opp til grus, men det er og etablert ein tipp som er tildekka.

Sjølve røyrgata ligg både mot fast fjell og lausmassar. Røyrgata

vert delt i to i eit bukserøyr like før kraftstasjonen og leia inn på to

like maskinar. Kraftstasjonen har blant anna etablert omløpsventil

som hindrar uttørking av elva nedstrøms kraftstasjonen ved brå

stans. Krafta som vert produsert vert kopla til nettet via nedgraven

jordkabel til eksisterande linjenett.

Teknisk informasjon

Nedbørsfeltet til Kvåle kraftverk er på 71,9 km 2 med eksisterande

regulering av om lag halve nedbørsfeltet. Middelvassføringa

ved inntaket er utrekna til 3,36 m 3 /s. Minstevassføring som

sleppast ved inntaket er 180 l/s frå 1.mai til 30.september og 90 l/s

frå 1.oktober til 30.april.

Overløpet på inntaket ligg på kote 128 og er utforma som ein

massivdam. Botnen av kraftstasjonen ligg på ca. kote 15. Dette

gjev ein estimert produksjon på 17,6 GWh, tilsvarande forbruket til

kring 880 husstandar. Arealet på bygget er kring 175 m 2 . Bygget er

grave inn i bakken og bygningsmassen er veldig dempa.

Tunnelen er totalt 910 meter lang. Røyrgata er i støypejern og

har ein indre diameter på 1400 mm. Røyrgata er 290 meter lang og

nedgraven. I kraftstasjonen står to francisturbinar med ei slukeevne

på 2,45 m 3 /s kvar og driv ein generator kvar på 2750 kVA, 6,6kV.

All straum vert transformert til 22kV og levert på høgspentnettet.

Luster Småkraft AS er eigd av Luster Energiverk AS og Småkraft AS. Luster

Småkraft skal utvikle, bygge og drifte små kraftverk i Luster kommune saman med

lokale fallrettshavarar. Lokalisert i Luster kommune.

Småkraft AS er det klart største og marknadsleiande selskapet innan bygging og

drift av småskala vasskraft i Noreg. Selskapet representerar rike vassdragsutbyggingstradisjonar.

Småkraft er eigd av Statkraftalliansen.

Luster Energiverk AS er områdekonsesjonær i Luster kommune og har ei historie

med kraftutbygging heilt tilbake til 1915. Luster Energiverk sin småkraftavdeling

arbeider med alle fasar i utvikling av små kraftverksprosjekt.

Kontakt

Dersom du ynskjer meir informasjon

om Kvåle kraftverk, Luster Småkraft,

eller begge deler; er følgjande kontakt

personar tilgjenglege:

Luster Småkraft AS

Dagleg leiar

Anders Molland: 916 01 175

Salgs- og markedsjef

Arnulf Røkke: 906 88 142

Driftssjef

Sigbjørn Rabbe: 957 69 799

Driftsansvarleg Kvåle kraftverk

Steinar Listou: 994 56 845

For meir informasjon,

www.smaakraft.no

www.lusterenergiverk.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!