29.11.2014 Views

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Helse i vest 4-03b 17.09.03 10:20 Side 16

Tema: Fritt sykehusvalg

Kvalitetsresultat for norske

sjukehus på nettet

Frå 8. september er informasjon om ni ulike

kvalitetsindikatorar ved norske sjukehus tilgjengeleg

for publikum på Sosial- og helsedirektoratet sin

nettstad www.sykehusvalg.net. Dette er første gong

ein offentleggjer einsarta kvalitetsindikatorer for alle

sjukehusa i landet.

– Med dette blir pasienten sin rett til fritt val av sjukehus meir reell,

seier helseminister Dagfinn Høybråten.

Helse Vest leier an

Det nasjonale arbeidet med kvalitetsindikatorar tar utgangspunkt i

dei kvalitetsindikatorane Helse Vest etablerte i 2002. I Helseregion

Vest nyttast foreløpig 16 kvalitetsindikatorar innan somatikk og

psykiatri, men målet er at systemet skal vidareutviklast med fleire

indikatorar til neste år.

Tilskot til kvalitetsutviklinga

Helseministeren trur at kvalitetsmåla som ligg på

www.sykehusvalg.net vil medverke til at pasientane kan gjere meir

kvalifiserte val av sjukehus.

– Samtidig vil dei òg vere eit tilskot i arbeidet med

kvalitetsutviklinga i den einskilde institusjon, og gje viktig

styringsinformasjon til leiinga ved sjukehusa og i dei regionale

helseforetaka, seier Høybråten. Nettstaden inneheld frå før av

informasjon om ventetider for om lag 90 behandlingstypar ved

norske sjukehus.

Helse Vest publiserte i juni

Allereie i juni offentleggjorde Helse Vest resultata for sine regionale

kvalitetsindikatorar. Desse er publiserte på Helse Vest sin nettstad

www.helse-vest.no. Resultata blir oppdatert kvart kvartal.

Frist for å søke

forskningsmidler

Fristen for å søke om forskningsmidler for

2004 er satt til 1. oktober. Det er ennå ikke

avgjort hvor stor pott Helse Vest får til

utdeling. Dette blir klart så snart

statsbudsjettet foreligger senere i høst.

For 2003 fordelte samarbeidsorganet mellom

Universitetet i Bergen og Helse Vest nærmere 40

millioner forskningskroner på 78 prosjekter rundt om i

helseregionen. Du kan finne søknadsskjema og annen

nyttig informasjon på Helse Bergen sine nettsider

(www.helse-bergen.no/forskning/ samarbeidsorganet/

soknad). Har du andre spørsmål, kan du kontakte

forskningsadministrativ rådgiver i Helse Bergen, Sølvi

Lerfald. Hun kan nås på telefonnummer 55 97 47 34

eller e-post: solvi.lerfald@helse-bergen.no

Beredskapsplanen klar

Utarbeidinga av den regionale beredskapsplanen blei

avslutta før sommaren og gjeld frå 1. juli 2003. Ved

oversending til Helsedepartementet er det tatt atterhald

om at det kan komme endringar i samband med

styrebehandling av planen. Utover hausten skal

beredskapsplanen behandlast i styra for helseforetaka

og i Helse Vest-styret. Det er ei prosjektgruppe med

representantar frå alle helseforetaka i regionen og Helse

Vest, som har utarbeidd beredskapsplanen. Planen er

ført i pennen av overlege Kristian Lexow ved

Sentralsjukehuset i Rogaland.

Distribusjon av planen skjer først etter behandling i

styret. Meir informasjon om beredskapsplanen kjem i

neste utgåve av Helse i vest.

Haraldsplass og Haukeland aukar samarbeidet

Ei prosjektgruppe skal sjå på oppgåvefordelinga mellom Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland Universitetssykehus.

Formålet er å vurdere om ei eventuell endring av oppgåvefordelinga kan gi betre helsetenester til pasientane, samtidig som ein

betrar ressursutnyttinga. I prosjektgruppa, som er leia av viseadministrerande direktør Helge Bryne i Helse Vest, sit representantar

og tillitsvalde frå begge sjukehusa. Arbeidet starta i vår og skal gjennomførast innan utgongen av oktober. 1. oktober blir det

halde eit dialogmøte med kommunane i opptaksområdet for å få innblikk i korleis samarbeidet mellom primærhelsetenesta og

dei to sjukehusa har fungert. Ein føresetnad for prosjektet er at drifta ved Haraldsplass blir oppretthaldt på det nivå ho er i dag.

NR. 42003 SIDE 16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!