29.11.2014 Views

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Helse i vest 4-03b 17.09.03 10:20 Side 18

Ny organisering av

innkjøpssamarbeidet

Arbeidet med å samordne innkjøpa i helseregionen er godt i gong. Ei arbeidsgruppe har

sett på ulike måtar å organisere samarbeidet på, og no er konklusjon deira klar. Dei tilrår

ei organisering som tar utgangspunkt i kva som skal kjøpast inn, ein funksjonsmodell.

Helse Vest si innkjøpsgruppe knipsa under eit møte i Bergen i august. Øverst frå

venstre står Per Scott Olsen (Helse Førde), Atle Hitland (Helse Bergen), Bjørn

Sundby (Helse Stavanger). Nederst frå venstre: Lars Johan Frøyland (Helse Vest),

Åsmund Norheim (Helse Vest) og Leif-Terje Alvstad (Helse Fonna).

I Helse Vest er det allereie inngått fleire kontraktar som omfattar

heile helseregionen. Til dømes energiavtalen med Statoil og

hotellavtalen som er inngått med Rica og Scandic.

Og det er mange fordelar med å handle saman, stordriftsfordelar

er berre eitt av stikkorda.

- Som ein stor aktør får vi sjølvsagt betre prisar enn om vi er

mange små, seier logistikk- og innkjøpssjef i Helse Vest, Lars-

Johan Frøyland. Han har stor tru på innkjøpssamarbeidet.

– Med færre leverandørar får vi òg eit mindre artikkelsortiment,

noko som over tid vil skape ein felles produktplattform på tvers

av helseforetaka i regionen.

Strøm og hotell først ut

Arbeidet med å etablere eit innkjøpssamarbeid for regionen er

forankra i strategiprosessen til Helse Vest. Sommaren 2002 blei

det oppretta ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å sjå på

innkjøpsområdet. Arbeidsgruppa leverte for ei tid tilbake

sluttrapporten sin. Dei vesentlege punkta i rapporten blei

behandla av styret i Helse Vest RHF i møtet 28. mai. I

rapporten inngår blant anna ein modell for organisering av det

regionale innkjøpssamarbeidet. I denne modellen er

funksjonsteama og styringsgruppa dei viktigaste ingrediensane.

Foto: Info.avd. Helse Bergen

Ekspertise på innkjøp

Funksjonsteamet skal vere helseregionen sin rådgivande

ekspertise i samband med produktkvalitet og produktsortiment

innan sitt funksjonsområde. Nye funksjonsteam vil bli oppretta

etterkvart som det viser seg nødvendig. Så langt ser ein for seg

minst ti, med ansvar for innkjøp av varer og tenester innan så

ulike felt som kirurgi, laboratorieutstyr, forsikring, medisinske

forbruksvarer, ambulansetenester, energi, dialyse, medisinskteknisk

utstyr med meir. Funksjonsteama skal jobbe for ei

standardisering av produktspekteret innan sitt område. Dei skal

utarbeide spesifikke innkjøpsrutiner og sørge for at det blir

innhenta nødvendig underlagsmateriale / statistikk for å

utarbeide konkurransegrunnlag og inngå kontraktar.

I kvart funksjonsteam skal det vere representantar frå alle

helseforetaka. Leiar for eit funksjonsteam skal vere ein fagperson

på innkjøp frå eit av helseforetaka. Denne oppgåva skal gå på

rundgang mellom foretaka.

Felles mål for innkjøp

Styringsgruppa skal vere eit strategisk og rådgivande organ for

leiargruppene i helseforetaka og Helse Vest innan heile

innkjøpsområdet. Gruppa skal utarbeide felles resultatmål for

innkjøpsområdet og ansvars- og arbeidsfordeling for

funksjonsteama. Ho skal òg fungere som ankeinstans ved usemje

i eit funksjonsteam.

Lojalitet til leverandøren

Eit døme på godt innkjøpssamarbeid på tvers av helseforetaka

kjem frå kjøp av eingongshanskar i helseregionen. Det var knytta

spenning til dette prosjektet fordi det finst så mange ulika typar

hanskar, og dermed mange sterke meiningar hos dei som nyttar

dei. Prosjektet har blitt ei suksesshistorie det er ønskeleg å sjå

fleire av. Og innkjøpssjefen har oppskrifta. – Brukarmedverknad

og medbestemming er nøkkelord. Det at dei som faktisk skal

bruke utstyret får vere med på å velge det ut, er vesentleg. Det

skaper ein lojalitet til leverandøren og produktet som ordninga

er heilt avhengig av, seier Lars-Johan Frøyland.

Innkjøpsinfo på nett

Leverandørmarknaden har vist stor interesse for Helse Vest

si nye organisering av innkjøpsarbeidet. Om kort tid vil ein

difor leggje ut informasjon om nyordninga på nettstaden til

Helse Vest (www.helse-vest.no)

NR. 42003 SIDE 18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!