29.11.2014 Views

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

2003-04_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Helse i vest 4-03b 17.09.03 10:20 Side 22

Dei psykiatriske pasientane er godt nøgde

Dei fleste psykiatriske pasientane som får poliklinisk behandling i Helseregion Vest, er godt nøgde med

behandlinga. Det viser ei fersk undersøking. Helse Førde er det helseforetaket som kjem best ut.

– Det er kjekt å sjå at vi er på rett veg i

psykiatrien. Sjølv om resultata jamnt over

er gode, er det likevel viktig å sjå på kva

som ikkje fungerer. Resultata frå undersøkinga

skal brukast aktivt i det interne

kvalitetsarbeidet, seier Helge Bryne,

viseadministrerande direktør i Helse Vest.

Helse Vest er den første helseregionen som

Helge Bryne gjennomfører ei så omfattande undersøking

der pasientane innan psykiatrien kjem til

orde. Tidlegare har det vore gjennomført to tilsvarande undersøkingar

av pasienterfaringar innan somatikken.

Mest nøgd med personalet

Deltakarane i undersøkinga har svart på 31 spørsmål for å

kartlegge korleis dei har opplevd poliklinikkane. Pasientar ved

alle dei offentleg godkjende poliklinikkane i dei fire helseforetaka

i Helseregion Vest, samt ved tre private institusjonar, har gitt

tilbakemeldingar om erfaringane sine med personalet, med

institusjonen si organisering og med informasjon og

kommunikasjon med behandlar. Resultata viser at pasientane er

mest nøgde med personalet. Dette punktet får 8,6 av 10

oppnåelege poeng. For området organisering er talet 8,1 av 10.

Felles for alle foretaka er at området informasjon og

kommunikasjon mellom pasient og behandlar kjem dårlegast ut,

med 6,9 av 10 oppnåelege poeng.

– Det er ikkje eit tal vi slår oss til ro med. Vi har fokus på denne

utfordringa og målsettinga er å betre informasjonen til pasienten

vesentleg.

Helse Førde kjem best ut

Indre Sogn psykiatrisenter (Helse Førde) kjem best ut av

institusjonane i helseregionen med best tilbakemelding på alle

områda. Jæren Distriktspsykiatriske Senter (privat) følger tett

bak. I motsett ende av skalaen ligg Hospitalet Betanien (privat),

fulgt av Haugesund sjukehus (Helse Fonna). Av helseforetaka er

det Helse Førde som får best tilbakemeldingar på alle områda.

Helse Fonna og Helse Bergen får omtrent like tilbakemeldingar

frå pasientane, mens Helse Stavanger ligg noko dårligere an enn

desse. Samla sett oppnår dei private institusjonane dei dårlegaste

tilbakemeldingane.

Mottatt versus ønska behandling

Det finst lite kunnskap om kva slags forventningar pasientane

som kjem til poliklinisk behandling har. I denne undersøkinga

har ein spurt om nettopp dette. Resultata viser at det er noko

sprik mellom ønsker og faktisk behandling (sjå figur). Det er

fleire som har fått tilbod om medikamentell behandling enn dei

som har ønska ei slik behandling. Samtaler der pårørande deltek,

er det derimot berre 15 prosent av pasientane som har fått, sjølv

om over halvdelen av pasientane ønsker ei slik behandling. Meir

enn halvdelen av pasientane ønsker òg treningsopplegg for å

meistre problema. 26 prosent har fått slik hjelp. Omlag 20

prosent av pasientane ønsker gruppebehandling, mens 14

prosent oppgir å ha fått eit slikt tilbod.

– Brukerane sine behov og ønsker skal vektleggast i utforminga

av tenestetilbodet. Difor er det særs nyttig å få kartlagt

pasientane sine ønske. Informasjonen vi her får må brukast til å

vidareutvikle tilbodet innanfor dei psykiatriske poliklinikkane,

seier Bryne i Helse Vest.

Svarprosenten

Undersøkinga kartlegg opplevingane til pasientar som har vore

til poliklinisk psykiatrisk behandling i ein periode på fire veker

frå 24. april 2003. 2 605 pasientar mottok spørreskjema i posten

få dagar etter besøket på poliklinikken. 1 238 av desse returnerte

spørreskjemaet, noko som gir ein svarprosent på 48. Dette er

noko lavare enn svarprosentane frå dei to tidlegare

undersøkingane innan somatikken. Elles er det ikkje mange

forskjellar frå undersøkingane av dei somatiske pasientane til

denne. - Det er likskapane, snarare enn forskjellane mellom dei

to sektorane som er slåande når ein samanliknar resultata.

Likevel er det ein tendens til at poliklinikkane innan psykisk

helsevern oppnår lavare score enn dei somatiske poliklinikkane,

seier Helge Bryne.

Vil du vite meir?

For meir informasjon om undersøkingar av pasienterfaringar og

for å lese PasOpp-rapporten denne saka refererer til, sjekk Helse

Vest sine nettsider på www.helse-vest.no/sw1146.asp .

100 100 %

80 80 %

60 60 %

40 40 %

20 20 %

0

Tilbod om

medisinar

Tilbod om

samtale med

ein behandlar

Figuren viser kor mange prosent av pasientane som har ønskt ulike

behandlingstilbod og kor mange prosent som har motteke eit slikt tilbod ved

poliklinikken.

Fakta om PasOpp

● Dette er den tredje PasOpp-undersøkinga i Helseregion

Vest. Tidlegare har det òg vore gjennomført to innan

somatikken. Ei undersøking der pasientar som var innlagde

fekk seie meininga si og ei der polikliniske pasientar kom

til orde. Resultata frå desse kom i mars og mai 2003.

● Det er sett i gong ei ny undersøking av pasientopplevingar

blant pasientar som er innlagte ved dei psykiatriske

institusjonane i regionen. Resultata frå denne undersøkinga

er venta på nyåret.

● Pasientundersøkingane inngår i det regionale settet av

kvalitetsindikatorar. For tida er talet på regionale

kvalitetsindikatorar totalt 16, fordelt på somatikk og

psykiatri.

0

Tilbod om

gruppebehandling

20

40

60

80

Tilbod om

samtaler der

pårørande

deltek

100

Ønska tilbod

Motteke tilbod

Tilbod om

treningsopplegg

for meistring

NR. 42003 SIDE 22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!