19.03.2015 Views

kommunedelplan knarvik-alversund 2007-2019 vedteken av ...

kommunedelplan knarvik-alversund 2007-2019 vedteken av ...

kommunedelplan knarvik-alversund 2007-2019 vedteken av ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

på samanhengande grøntareal for å gjere det mogleg for innbyggjarar å nytte desse i

rekreasjonssamanheng.

6.4. Universell utforming

Dei fleste av oss vil i løpet av livet oppleva kortare eller lengre periodar der vi kan ha

problem med bevegelse, orientering (syn, hørsel, forståing) eller miljøhemmingar (astma,

allergi). Desse tilhøva kan gje oss vanskar i kvardagen som ”andre” ikkje har, og som igjen

kan gjere oss avhengig av ekstra hjelp. Funksjonsevna vår er ikkje i samsvar med

funksjonskravet som ligg i omgjevnadene. Ved å setje krav til universell utforming som

strategi for bygg og uteområde, kan vi sikre at dei fleste av oss kan bu heime, oppsøkje

private og offentlege service- og tenestetilbod, det offentlege rom og tilrettelagde

friluftsareal, utan spesiell tilrettelegging eller hjelp. Funksjonsevna til langt fleire av oss vil

vera i samsvar med funksjonskravet som ligg i omgjevnadene. Universell utforming utgjer

ein strategi med endra innhald, avhengig av det til ei kvar tid gjeldande lovverk.

Teknisk forskrift (TEK) gjev kommunen heimel til å setje krav til utforming av bygg og

planlegginga. Det er óg utarbeidd fleire dokument som viser korleis vi kan setje fokus på og

utvikla både ute og innemiljø slik at dei fleste av oss kan greie oss sjølv utan spesiell

tilpasning. Dei siste åra er det sett ekstra fokus på temaet universell utforming frå nasjonalt

hald. Vi kan difor forventa at lovverk og forskrift kan endra seg dei næraste åra.

Plandokumentet inneheld føresegner i tråd med gjeldande regelverk.

6.5. Byggeområde

Eit viktig spørsmål i utviklinga av Knarvik - Alversund er korleis ny bygningsstruktur kan og

skal vera med på å forma utviklinga av tettstadaksen vidare. For utbyggingsområda er det

viktig å setje krav om innhald i reguleringsplanar, alternativt i utbyggingsplanar slik at både

lokalisering, høgde og form på nye bygg gjev eit resultat som i utgangspunktet kan sikra oss

gode bumiljø og uterom, men også sikra staden ein eigen karakter.

Godkjende reguleringsplanar som skal gjelda er lista opp.

6.6. Overordna struktur for Knarvik

Det ligg føre godkjende reguleringsplanar for utviklinga av Knarvik sentrum som det vert

bygd etter i dag. Utfordringane og potensialet for området kan vera større enn det som kjem

fram i dei godkjende reguleringsplanane. Å få på plass ein detaljert overordna struktur for

Knarvik der ulike føremål og bygg vert sett i ein samanheng, er viktig. Sidan nye bygg er

under kontinuerleg etablering vil det vera ei føremon om denne overordna strukturen kan

koma på plass snarast. Kommunen har leigd inn arkitektar som m.a. gjennom tidlegare

analysar har kome med framlegg til løysing for Knarvik. For å kome vidare i dette arbeidet,

må det gjennomførast meir detaljerte analysar.

6.7. Gang- og sykkelveg

Planlagde gang og sykkelvegar, som er kartfesta i ”Kommunedelplan for Knarvik-Isdal-Alver”

og ”Kommuneplan for Lindås kommune 2003 – 2014”, vert vidareført i planen. I tillegg har vi

vurdert behov for nye gang- og sykkelveger ut i frå dei planane vi i dag kjenner til innanfor

planområdet.

Skular og barnehagar, som har interesser innanfor planområdet, er oppfordra til å kome med

innspel på areal dei brukar utanfor sine område og traseane dei brukar for å komma dit.

I samband med at Nordsjøsykkelruta (”Nordsjøruta”- del av internasjonal sykkelrute, NSCR)

vert utvida frå Bergen over Lindås, Radøy og nordover mot Sogn og Fjordane må ein sjå

spesielt på merkinga av sykkelveg ved rundkjøringa ved Hagelsundbrua og ved Kiwi på

Alverflaten.

Merkinga ved Alvervegen, mot Alverflaten, når ein kjem frå nord er ikkje god nok.

Innspela frå skular og barnehagar syner at dei brukar eksisterande gang og sykkelvegar

(utanom Trollskogen).

2006/28 - 18660/2007 Side 26 av 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!