08.02.2018 Views

Bv0518

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

GARDSREPORTASJE

Mjuk seng og frisk luft:

Kalvane går ute i små

grupper på halm frå dei

er rundt to til fire månadar.

somme dagar meir krevjande enn andre.

Han fortel om sterk hovudverk, utmatting

og mangel på tiltakslyst, noko som

var heilt framand før dette skjedde.

To mjølkerobotar

Tilbake i arbeidsstøvlane og med god

hjelp frå faren, Bjarne, og søskenbarnet

Jone Edland, var det tid for å ta opp tråden

etter den dagen alt snudde.

I 2015 installerte dei robot nummer to

og bygde på og om fjøset med 33 liggebåsar

i den nye avdelinga, og plass til 24

sinkyr og fire kalvingsbingar. Sinkuavdelinga

er delt i to. Fjorten dagar før venta

kalving vert kyrne skilt frå for å venne

seg til ei meir intensiv fôring.

Kyrne får nytt surfôr kvar ettermiddag.

Vert det litt lite, får dei påfyll om morgonen.

Kyrne skal alltid ha grovfôr tilgjengeleg

og skjæret på traktoren vert nytta

til å skyve på fôret fire gonger i døgnet.

Kraftfôrtildelinga er det fôringsrådgivar

Line Bergersen i Tine som handterer.

– Det første året i nytt fjøs var eg ivrig

på å trykke på alle skjermar og system

sjølv. Men eg klarte ikkje følgje opp, og

måtte overlate jobben til Line. Dei utgiftene

får eg att fleire gonger med betre

oppfølging av fôringa, seier Bent-Eirik.

Inndeling av buskapen

Då dei sette inn robot nummer to, samla

dei alle førstekalvskyrne i den minste avdelinga.

– Det fungerte svært bra. Dei fekk rå

seg sjølv, utan å bli kua av dominante, eldre

kyr, seier Bent-Eirik.

Eit par månadar før avsining vart dei

flytte over i den store avdelinga. Då kom

utfordringa. Dei unge kyrne fungerte

dårleg og mjølkemengda raste.

– Ei effektiv metode for avsining, men

ikkje spesielt god dyrevelferd, seier bonden,

som også fekk problem med å få

andrekalvskyrne drektige.

Løysinga vart å legge om strategien.

No går nykalva kyr i den minste avdelinga

fram til dei er drektige. Det betyr

at bøndene har det meste av arbeidet

konsentrert på eit avgrensa areal. I den

store avdelinga skal det berre vere drektige

kyr i produksjon.

Girer ned for meir grovfôr

Avdråttsmålet har lenge vore 9000 kilo

mjølk per ku. No vurderer han å legge

om strategien.

– Eg må klare å nytte grovfôret betre,

seier han, og medgir at tala viser ein høgare

del kraftfôr enn det han likar å sjå.

Med nok grovfôr, to mjølkerobotar

og god plass både til kyr og ungdyr, kan

han redusere ytinga, auke talet på kyr og

framleis levere kvoten.

I dag har dei plass til 100 kyr, men buskapen

tel rundt 88. Dei har 115 kalvingar

i året. Fôringsplassane vert fylt opp med

innkjøpte fôringsdyr.

Kalvehytter: Fram til to månadar står kalvane i enkelthytter, dei første to vekene med dekken. Spalter og gjødselrenne sørger for god

drenering. Det same gjer ein pall under halmen inne i hyttene. Kalvane får mysli, vatn, høy og seks liter fersk mjølk om dagen.

12 Nr. 5 - 9. februar 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!