08.02.2018 Views

Bv0518

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

karsamfunnet, i røynda er. Det skal ikkje

meir til enn å bryta ut av den endelause

straumen og rett og slett setja seg ned.

Då høyrer ein fort sukka frå alle dei som

klagar på kø eller dei mange stemmene

som snakkar om «det veldige stresset

det er å vera her».

Den som set seg ned, kjem i prat med

andre menneske. Ein høyrer kven dei er

og kva dei er opptekne av. Menneske får

andleta sine tilbake. Då finn ein at det

menneskenære faktisk er til stades på

GW likevel. Uoffisielt. I dei forventningar

menneske ber på til kva matproduksjon

skal vera i vår tid. Den kjekkaste hallen,

fortel dei eg snakkar med, er husdyrhallen.

Der kjem ein tett på dyra. Der ser

ein mangfald, ikkje standardisering. Dei

kjekkaste standane, held dei fram, er

dei standane der ein blir oppmoda til å

setja seg ned, og der dei som står bak

disken har tid og lyst til å fortelja om eigen

bakgrunn. For mat skal ha andlet.

Mat er identitet. Nokon har produsert

den. Ein ønskjer å møta desse «nokon»,

høyra historiene deira, læra om staden

dei kjem frå og ressursgrunnlaget der.

Høyra om lokale rettar og korte verdikjeder.

Det å eta og drikka er sosiale aktivitetar

for oss menneske. Me vil treffa

andre over den gode maten. Det er difor

me kjem på GW, ikkje for ståande å stupstyrta

shots og smaksprøvar i frykt for å

bli rent i senk av den andletslause køen

som pressar på bakanfrå.

Den kjende amerikanske landbruksforskaren

Fred Kirschenmann skriv: «Ein

matrevolusjon er definitivt på gang.

Æraen til dei passive matkonsumentane

er over og ein ny æra med aktive matborgarar

er på veg». Denne lokale matrevolusjonen

spreier seg no over heile verda.

Den handlar om nærleik og eigarskap,

og definitivt ikkje om endå meir forbruk

og endå fleire produkt. At pengemakt og

store multinasjonale selskap ikkje ser

seg tente med slike endringar er lett

å forstå. Men burde det ikkje vera i vår

norske interesse å støtta opp under dette

skiftet?

Foto: Vidar Alfarnes

Ei oppmoding til arrangørane av den

norske standen (som me brukar veldig

mange millionar på): Neste år løftar ein

fram produsentane og produkta deira,

fortel deira historier, fortel om det verkelege

livet på bygda (også dei mange dagane

når det regnar), ønskjer velkomen

til dialog og involvering, byggjer møtestader

mellom den som dyrkar og den

som et. Først då får Norge sin beste og

mest tidsaktuelle stand på Grüne Woche.

MOLDROK:

drev av tørr mold

grunna vind,

jord arbeid – eller

friskt ordskifte.

BONDEVENNEN Nr. 5 - 9. februar 2018 19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!