08.02.2018 Views

Bv0518

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Førde

Sogndal

REPORTASJE

Bergen

Børge Undheim AS driv oppdrett av

kyllingar til eggproduksjon. Dei leverer

kyllingar frå daggamle til 18 veker. Årleg

blir det levert 1 100 000 unghøner frå

rugeriet på Undheim i Time kommune,

Rogaland.

Kverneland Energi driv med sal, prosjektering,

innkjøp og installasjon av solcelleløysingar.

Selskapet vart stifta 1.1. 2017, og

held også til på Undheim.

Kverneland Energi er leverandør av

solcelleanlegg hjå Børge Undheim AS.

Stavanger

Time

Valle

Skien

Arendal

Tønsberg

Kristiansand

Energi frå taket

Eit høgt forbruk av straum og mange bygningar med tak. Saman med eit lokalt føretak, har

rugeri og kyllingoppdrettar Børge Undheim AS fått eigen straumproduksjon frå solceller.

Jane Brit Sande

Montørane er i full sving hjå Børge Undheim

AS, på Litla Undheim i Time kommune,

Rogaland. 144 solcellepanel skal

pryde taket på eitt av dei mange produksjonsbygga

på garden. Det nye anlegget

er på 39 kilowatt (kwp), noko som betyr at

det kan produsere opp til 40 000 kilowatttimar

(kWh) per år.

Pål Ånund Tveiten, dagleg leiar i Børge

Undheim AS, er spent på prosessen.

– Me snuste på ideen om solceller for

halvtanna år sidan. Men me kom fram til at

prisen ikkje stod i stil med det me fekk for

pengane. Det har skjedd mykje sidan den

gong. Då Kverneland Energi kom med sitt

tilbod, bestemte me oss for å teste korleis

solceller vil fungere hjå oss, seier han.

Satsar på landbruket

Kverneland Energi, med Aksel Kverneland

i spissen, er leverandør av solcelleanlegget.

Føretaket held til i sentrum

av Undheim. Selskapet vart skipa berre

for eit år sidan.

– Me vil satsa på landbruket. Der er

det store flater som det er enklare å installere

anlegga på, og eit høgt strømforbruk.

Eit solcelleanlegg kan halvere

straumkjøpet til bonden. Det vil også

kome betre batteriløysingar i framtida,

seier Kverneland.

Bedriftsutviklaren meiner elektrifiseringa

av maskinar og utstyr vil halde

fram.

– Me kjenner til utviklinga på dei elektriske

bilane. Også meir av maskinutstyret

på garden vil bli elektrisk. Bruken av

fossilt brennstoff vil og skal byggast ned i

framtida, slår han fast.

Ventar større marknad

Kverneland ventar at etterspurnaden av

solcellepanel vil ta seg opp. Enn så lenge

er straumprisane låge, og det same er

salsprisane for overskotsstraum.

– Men ved nyttår gjekk prisen på nettleige

opp med meir enn 25 prosent, påpeiker

han.

Forventa levetid på eit solcelleanlegg

er 30 år. Ifølgje Kverneland krev anlegga

lite vedlikehald.

– Kostnaden for straumproduksjon er

20 Nr. 5 - 9. februar 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!