11.01.2013 Views

Nr. 2-2012 - LHL

Nr. 2-2012 - LHL

Nr. 2-2012 - LHL

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

- Kjære medlemmer

Enno ein gong ei helsing frå meg. Som avtroppande

medlem / leiar i regionsstyret, er det nok naturleg å

sette punktum på skikkeleg vis. Det gler eg meg til.

Det er litt kjekt å takke for eit spanande og gjevande

arbeid i alle desse åra.

Helse Aktuelt nr. 01 – 2012

Avtroppande regionstyre leiar i LHL Vest:

Eg starta som medlem i regionutvalet i vest, den tida

me hadde ordninga med regionskontor. Eit trygt og

solid system , der sakene vart gjennomarbeidde og

framlagde for oss . Kanskje ikkje så stor makt, sidan

me berre var eit utval, men likevel interessant. Her vart

eg leiar i 2007/2008 etter Svein Tinnesand frå

Rogaland.

Etter landsmøtet i 2008 vart ordninga med eit

regionstyre etablert. I Perioden 2009 – 2012 var eg

leiar av regionstyret i vest. Starten for oss var noko

usikker og vanskjeleg , men undervegs fann me fram

til metodar som gjorde arbeidet meir gjevande. Me

drøfta sakene, og hadde moglegheit for å fylgja dei

opp i Landstyret. Dette gav ei meir føling av å verta

høyrd, og at me hadde reell påverknad sentralt.

Til Landsmøte 2011 var det lagt føringar for å

leggje ned regionstyra - finna nye former for

organiseringa. Mi meining om dette er at her må

me lokalt få vera med og forma utviklinga. Det er

viktig at lokallaga får eit eigarskap til

organisasjonen over. Får vera med å byggje

relasjonar, deltaka både i endringar og

vidareutvikling. Elles kan ein lett sprenge

fellesskapet.

Heldigvis vart denne saka utsett til landsmøtet om tre

år. Eg reknar då med at me i dei lokale miljøa vil få

eventuelle forslag ut til laga for drøfting, som vanleg er.

Utfordringa til oss er då å gripa moglegheita, vera

aktive og tenkja konsekvensar for laget vårt og for

LHL. Likeeins må me arbeida på tvers mellom laga, for

å utveksla synspunkt og meiningar.

Min tanke er at endring skal gje eit betre tilbod, ” ikkje

endra for berre å endra! ”Lokallaga er grunnsteinen i

LHL sin organisasjon, me må dra lasset saman.

Det har og noko med framtidsperspektivet for LHL og

gjera. Klarer me å balansera samarbeidet mellom det

- Lokalt må me få vera med og

forma utviklinga

sentrale leddet og oss ute , vil det gje positive

verknader . På sentralt hald må ein erkjenna at

lokallaga er opptekne av lokalsamfunnet sine behov,

ikkje så mykje kva som skjer sentralt. Me er og ein

gjeng av individualistar med både meiningar og mot.

Heilt klart ein ressurs for LHL – organisasjonen vår.

Etter lagsamlingane i dei tre fylka i vest er no det nye

landstyret / regionstyret på plass. Dei er våre framste

tillitsvalde i regionen.

Det vart og valt fylkesstudieleiar og

likemannskoordinator i kvart fylke. Det står att å sjå

korleis me får dette til å gå saman. Ein

brukarkoordinator er også nemnd, og sannsynlegvis i

emning. Det vert spanande å fylgja utviklinga vidare.

Eg vonar me klarer å finna dei beste løysingane for

heile organisasjonen.

Det er viktig at sentralstyret og administrasjonen finn ei

arbeidslinje, som involverar landstyret / regionstyret til

felles løft og framgang .

No er det vel på tide eg rundar av , då vil eg gjerne

takka for den tida eg har fått vore tillitsvald i denne

flotte organisasjonen. Eg har alltid vore fanga av

denne type arbeid, og sånn sett er det litt trist å trekkje

seg

Likevel – alt har si tid - no kan eg yta meir i det lokale

miljøet mitt.

Det har på mange måtar vore nokre krevjande år, der

utviklinga ikkje alltid har vore sjølvsagt. Likevel er me

no i god giv framover , det lovar godt.

Takk til alle gode venskap som eg føler er skapt

gjennom samarbeid og møter. Slik er det mange gode

stunder å ta med seg vidare. Kanskje vil vegar

kryssast også i framtida.

Lukke til med den vidare bygginga av LHL.

Med venleg helsing Berit Kvalvik.

Helsing frå

Berit Kvalvik

(Tidlegare leiar i LHL region vest)

Utgitt av LHL region vest

Ansvarleg redaktør: Egil Kr. Solberg

egil.solberg@haugnett.no

Telefon: 93 45 84 98

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!