05.06.2013 Views

Tema: Økonomer og språk - Samfunnsøkonomene

Tema: Økonomer og språk - Samfunnsøkonomene

Tema: Økonomer og språk - Samfunnsøkonomene

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kritikken som peikar på at økonomisk incentivteori – eller

økonomisk teori meir generelt – byggjer på ein altfor enkel

ide om menneskeleg motivasjon og handling er sjølvsagt

gamal og velkjend. Tradisjonelt har slike synspunkt kome

utanfrå, frå sosiologar og antropologar, men i det siste er det

fleire og fleire som kritiserer faget innanfrå, spesielt dei som

jobbar med eksperimentell økonomi og åtferdsøkonomi.

Grunnen er at mange eksperiment viser åtferdsmønster

som er vanskeleg å sameine med hyperrasjonell materiell

egoisme.

Me kan gjera den økonomiske aktøren meir menneskeleg

på to måtar. Me kan utvida motivasjonsgrunnlaget og ta

omsyn til andre motivasjonsfaktorar enn materiell egoisme.

Eller me kan avgrensa rasjonaliteten ved å redusera evnene

våre til å handla i tråd med dei måla me har. Utvidar me

motivasjonen, eller avgrensar rasjonaliteten til prinsipalar og

agentar, får det sjølvsagt implikasjonar for økonomisk

kontraktteori og organisasjonsteori meir generelt.

5. Utvida motivasjon, avgrensa rasjonalitet og incentivløn

Ein rasjonell materiell egoist sit heilt roleg dersom han vert

tilbydt ei fast løn. Folk flest oppfører seg ikkje slik, me yt

innsats sjølv om innsatsen ikkje visar igjen på lønsslippen

(korkje no eller seinare). Me yt innsats fordi det er andre

omsyn enn pengeincentiv som motiverer oss. I seg sjølv er

det inga stor synd at den økonomske incentivteorien overser

andre motivasjonsfaktorar enn pengar. For å få ein skarp og

analytisk teori må me forenkla, og for å forenkla må me

oversjå relevante faktorar.

Dessutan er det ikkje slik at prinsipal-agent modellen krev

at pengar er det einaste som motiverer. Det kan godt vera andre

omsyn som motiverer til innsats, poenget er at før eller

seinare har desse brukt opp si kraft og då kan pengar, gjennom

ei eller anna form for prestasjonsløn, stimulera til ekstra

innsats. I standardmodellen er marginalkostnaden av å yta

innsats positiv frå første spadetak (c' (e) > 0 for alle e > 0).

For å fanga opp andre motivasjonfaktorar (arbeidsnormer,

arbeidsglede osb.) kan me la marginalkostnaden av å yta innsats

vera negativ opp til eit visst nivå e0 > 0 , og postiv utover

det nivået, altså c' (e) ≤ 0 for e ≤ e0 og c' (e) > 0 for e > e0 .

Her yt arbeidaren innsats e0 dersom han får fast løn. Framleis

er det slik at ei bonusløn (postiv β) fører til auka innsats

(og til at meir talentfulle arbeidarar søkjer seg til bedrifta).

Normaliserer me og set e0 = 0 er me attende til utgangspunktet.

Det at me i prinsippet kan inkludera andre motivasjonsfaktorar

enn pengar i prinsipal-agent modellen kan lett verta

ei sovepute. Faktum er at me overser interessante spørsmål

når me faktisk brukar den reduserte forma der alle andre motivasjonsfaktorar

enn materiell eigenvinst er normalisert

bort.

1. Kor viktige er økonomiske incentiv i høve til andre motivasjonsfaktorar?

Kanskje er avstanden frå 0 til e 0 stor, og

det ein får til av ekstrainnsats utover e 0 ved hjelp av prestasjonsløn

liten. 10 I så fall er det vanskeleg å forsvara at

den økonomiske incentivteorien overser alle andre motivasjonsfaktorar

enn pengeincentiv. Eller kanskje ikkje,

Artikkel

kanskje er pengeincentiv svært viktige for arbeidsinnsats?

Me kan berre finna ut av dette gjennom empiriske

studiar, poenget er at den økonomiske incentivteorien

overser sjølve spørsmålet.

2. Er det ei kopling mellom prestasjonsløn – pengeincentiv

– og andre motivasjonsfaktorar? Kan prestasjonsløn undergrava,

eller kanskje underbyggja, anna motivasjon?

Igjen, dette er eit empirisk spørsmål, problemet er at den

tradisjonelle prinsipal-agent modellen som fokuserer

einsidig på kalkulert materiell egoisme overser sjølve

spørsmålet.

I det siste har fleire økonomar byrja interessera seg for desse

spørsmåla. Innafor feltet eksperimentell økonomi og åtferdsøkonomi

er det mange som legg vekt på at det er andre omsyn

enn materiell eigenvinst som driv menneskeleg åtferd.

Enkle eksperiment viser at folk legg vekt på rettferdsnormer

og resiprositet når dei handlar: Dei bryr seg ikkje berre om

eigen materiell vinst men også vinsten til andre i ei relevant

referansegruppe. Det er klart at slike omsyn har viktige

implikasjonar for lønssystem og arbeidsinnsats.

Eit sentralt omgrep i denne litteraturen er sterk resiprositet.

11 Eksperiment viser at aktørar i sosial interaksjon har

ein tendens til å gjengjelde intensjonen bak handlingar. Fehr

og Falk (2002) definerer resiprositet på denne måten:

Reciprocity can be viewed as contingent social preferences

because depending on the behaviour of the

reference person, e.g., the principal, a reciprocal agent

values the principal’s material payoff positively or

negatively. More specifically, if the agent perceives the

actions of the principal as kind, the agent values

the principal’s payoff positively. If, in contrast, the

principals actions are perceived as hostile, the agent

values the principals payoff as negative.

Handlar agentane utifrå ein resiprositetslogikk er det ikkje

lengre beint fram å predikera effekten av prestasjonsløn.

Dersom eit skifte til prestasjonsløn vert vurdert som ei negativ

fiendtleg handling kan det henda at agenten kjem med eit

negativt tilsvar (reduserer innsats). I kva grad ei lønsreform

vert oppfatta som venleg eller fiendtleg er avhengig av konsekvensane

lønsreforma har (vurdert i høve til visse rettferdsstandardar)

og av intensjonen til prinsipalen.

Til gjengjeld er det på mange måtar lettare å motivera resiprositetsorienterte

arbeidarar. Ein treng ikkje bindande

kontraktar for oppretthalda ein situasjon der prinsipalen betalar

godt og forventar høg innsats og agenten yt høg innsats

og forventar god løn. Med resiprositetsorienterte aktørar er

dette ei sjølvhandhevande jamvekt. Fehr, Klein og Schmidt

(2001) viser dessutan korleis ein prinsipal kan bruka resiprositetslogikken

for å løysa eit multi-task problem. I Fehr og

Falk (2002) vert det argumentert for at gruppebonusar kan

10 Prinsipal-agent modellen er berre opptatt av å forklara korleis pengeincentiver

endrar innsats, ikkje kva som forklarar nivået på arbeidsinnsatsen.

11 Dei som ynskjer ei god innføring i kva eksperimentell økonomi seier om

økonomisk åtferd og effekten av pengeincentiv skal lesa Fehr og Falk

(2002).

ØKONOMISK FORUM NR. 6 2003

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!