29.07.2013 Views

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fylkesmagasinet 02 / 2010

18

Villmannen

Ein stad i Sogn / Ein austlending mellom steile

toppar i Sogn. Skjegg som frys til om natta. Soppforgifting

og blåskjel til analyse. Kristoffer Clausen

har ikkje tak over hovudet eller fast forsyning av

mat. Han skal greie seg på naturen sine premissar

i eitt år.

Den uvanleg strenge vinterkulda som har herja Sogn og Fjordane

nyleg fekk dei fleste av oss til å skru opp varmen og hutre godt når

vi måtte ut. Men tenk deg at du budde under open himmel, med

berre eit bål og ein sovepose som vern mot tosifra kuldegrader?

1.august 2009 vandra ungkaren Kristoffer Clausen ut frå Frønningen

og inn til dei djupe skogane ein stad i Lærdal kommune,

saman med gordonsetteren Frøya.

– Eitt at kriteria mine var å unngå polarkulde i området, så der

vart eg litt lurt, ler Clausen og konstaterer at det har blitt fleire

netter med meir enn 20 minusgrader i det siste. – Det viktigaste for

meg var å komme til eit område med ein god hjortestamme, så eg

kunne fylle kvoten min og sikre meg kjøt, kombinert med tilgang

til fjorden og gode aurevatn. I tillegg har eg nesten berre ein grunneigar

å halde meg til i det området eg har vore i, det er også ein

fordel.

Nedtur / – Sjølv om det har vore kaldt har klimaet levd opp til

forventningane mine. Det har vore veldig lite nedbør til Vestlandet

å vere, det er omtrent innlandsklima her eg her halde til, seier han.

I byrjinga haldt han til høgt i lia, no har han kome nærmare

fjorden.

– Først hadde eg ein gapahuk litt oppe i fjellsida, no er det sjølvkonstruert

lavvo lenger ned mot fjorden. Etter kvart som veret blir

betre er planen å utforske Sognefjorden i kano, og padle heilt ut

til havet også, fortel han.

Cirka halvvegs er den store oppturen å sjå at han meistrar naturens

utfordringar.

–Då eg byrja ante eg jo ikkje om eg kom til å klare dette. No

har eg vore ute i naturen i snart seks månadar og er omlag halvvegs.

Den store oppturen vil eg seie er å ha kome så langt som eg

har gjort, og kome gjennom kuldeperioden. Eg kjenner at eg meistrar

det, og kan klare å halde ut fram til august, seier han. – At det

skulle bli så kaldt, og at det skulle gå så greitt å bu ute i kulda, er

blant dei største overraskingane så langt.

Men det har ikkje berre vore oppturar.

– Eg fekk ein sterk nedtur etter at hjortejakta var over og eg

hadde fått skote ein stor bukk. Eg hadde opplevd mykje, og fått

gjort mykje av det eg hadde lyst til når eg reiste ut. Og så var det

framleis ni månadar att av prosjektet. Det var ein periode der eg

verkeleg måtte ta meg saman og ikkje dette i hop, minnast han.

Nok mat, stor utfordring / Så langt har det vore matauken

som har bydd på størst problem. >>

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!