29.07.2013 Views

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fylkesmagasinet 02 / 2010

24

236 cm brei 14-åring

Selja Forlag har ved utgangen av 2009

gitt ut 125 bøker. Bøkene utgjer til

saman 236 hylle-centimeter og er på

meir enn 26.000 sider. Alle bøkene

har tilknyting til Vestlandet. Kring 120

forfattarar har vore med.

Første boka frå Selja Forlag var «Selja - kulturhistorisk

handbok», som kom ut i juni 1996. Dei

første åra kom det 1-3 bøker i året, i åra 2000-03

mellom 6 og 9 bøker i året, og i seinare år 12-18.

Toppåret så langt var 2005 med 18 bøker, medan

forlaget gav ut 17 bøker i 2009. I tillegg har

mange titlar kome i fleire opplag, m.a. Oppturbøkene,

Fjordamat-bøkene, Klare sjøl, Havlandet

og Storm ved Stad.

Selja Forlag har ein klar Vestlands- og nynorskprofil.

Av dei 125 bøkene er 118 bøker på

nynorsk, 5 på bokmål og 2 på engelsk. Enkelte

bøker har samandrag eller kortare tekstar på engelsk/tysk

i tillegg til norsk. Alle har emne og/eller

forfattar frå Vestlandet, med eit tyngdepunkt i

Sogn og Fjordane.

Den geografiske fordelinga viser att i kvar boksleppa

for bøkene har vore. Forlaget har hatt 98

bokslepp i Sogn og Fjordane, 18 i Hordaland og

9 i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane har 22

av 26 kommunar hatt bokslepp. Fordelt på «fogderi»

har 50 bokslepp vore i Sunnfjord, 26 i

Nordfjord og 22 i Sogn. Flest bokslepp har Førde

kommune med 23. Flora har 12, Bergen 7, Jølster

7, Bremanger 7, Sogndal 6, Aurland 6, Eid 5,

Gaular 4 og Selje 4.

Forlaget har klar sakprosa- og dokumentarprofil.

Stikkord for mange bøker er historie, reise,

fotturar, krig, kyst, mat, praktbøker, biografiar og

bygdebøker. Men forlaget har også gitt ut skjønlitteratur,

diktsamlingar og barnebøker, ca 15 titlar.

Alt i alt har kring 120 forfattar vore med så

langt, av desse kring 1/3

kvinner. Av dei som er oftast

representert finn ein Gaute Losnegård,

Magnus Helge Torvanger,

Malvin Toft, Finn B.

Førsund, Berit Gjerland, Kari

Støfringsdal, Åse Kongsvik,

Finn Loftesnes, Rune Timberlid

og Yngve Nedrebø.

Treng du hjelp til

vektreduksjon?

Hudproblem eller muskelsmerter?

Få ein heilhetleg behandling av Biopat

Kost- og ernæringsveiledning

Livsstilsveiledning

Pigmentfl ekker eller slapp hud?

Prøv vår diamantsliper

Massasje mot stiv nakke og skuldrer

Spa- behandlinger

LPG-fi gurforming

Morsdag 14. februar

Storehagen 5, Førde - tlf. 57 82 33 11

post@spaogvelvaere.no

Laila Tefre, sjukepleiar

og biopat

Fylkesmagasinet 02 / 2010

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!