29.07.2013 Views

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fylkesmagasinet 02 / 2010

22

Gunhild lærer deg å stå på ski

Luster / Den store norske mytologien seier nordmenn

er fødd med ski på beina. For nokon kan det

vere meir utfordrande å vite kva ein skal gjere med

dei. Men, det finnast hjelp å få. HarmanSki kan gjere

deg til ein god skiløpar på nokre effektive timar.

– To timar med personleg rettleiing gjev skikøyraren

tid til å forstå, øve og meistre skikøyring.

Det er nok til at eg klarar å gjere ein

nybyrjar så god at han kan klare seg sjølv i

bakken, og får eit godt grunnlag til å utvikle

seg vidare frå. Ein slik dobbeltime privatrettleiing

kostar 980 kroner, seier Gunhild Harman,

som står bak enkeltpersonsføretaket

HarmanSki. Ein moderne, liten skiskule. – Eg

rettleier i telemark og alpint, for nybyrjarar

og vidarekommande i alle aldrar, i form av

grupperkurs og privatrettleiing. Eg held for

tida til på Sogn Skisenter, på Heggmyrane,

som eg samarbeider veldig godt med.

Den Alpine Lærevei / Etter ni sesongar

som skiinstruktør og skilærar på små og store

skiskular rundt om i verda har Gunhild opparbeid

seg lang erfaring, som ho no har skapt

si eiga bedrift frå.

– Eg er godkjent ISIA skilærer, som er den

høgaste skilærarutdanninga ein kan ha internasjonalt.

ISIA (The International Ski Instructors

Association) har 38 medlemsland, som

har definert eit minstekrav for kva skilæra-

rane må meistre, og utdannar ISIA-godkjente

skikærarar. I Noreg må ein ha bestått fire

trinn som tar fleire år, gjennomført ei bestemt

mengde timar praksis og bestått ein firedagars

eksamen. Så vidt eg veit er det ingen i Norge

som har bestått ISIA-eksamen på mange år,

før kullet mitt våren 2009, slår ho fast.

Ho har funne ut at det er mange vegar til

målet, men nokre kan vere kortare enn andre.

Dei siste to åra har ho derfor utarbeidd Den

Alpine Lærevei.

– Eg har sett kva som fungerer og ikkje, og

teke med meg det som er bra og fungerer i

høve den erfaringa eg har, for å lage eit produkt

som eg sjølv meiner er det optimale

innan skirettleiing. Den Alpine Lærevei er ein

heilskapleg grunntanke om rettleiing på ski,

der skikøyraren utviklar, forbetrar og raffinerer

sine skiferdigheiter til å sjølv kunne utfordre

skia og terrenget. Med det grunnlaget kan

skikøyraren få unike opplevingar, seier ho.

Gunhild er fokuserer på at skikøyraren må

forstå korleis skia fungerar.

– Ein må vite kvifor en skal gjere alle desse

tinga, og eg er svært opptatt av at skikøyraren

skal føle seg trygg. Det blir ein ved å kunne

stoppe når ein sjølv vil, bremse så lite eller

mykje som det passar, og svinge dit ein sjølv

ønskjer. Ein kan ikkje sprenge grenser før ein

er trygg der ein er, slår ho fast og understrekar

at det er noko alle kan oppnå. – Skikøyring er

for alle. Ein må ikkje vere meir enn nokre år

før ein kan starte litt forsiktig, og eg har hatt

fleire nybyrjarar over 70 år. Skikøyring er ein

fin aktivitet for dei som ikkje treng haste på

arbeid kvar dag, som kan tilbringe dagen ute i

sol og frisk luft, lovar ho med eit smil.

Hektisk første halvår / Skiskulen starta

Gunhild i haust, samstundes med ny utdanning.

– Eg starta opp i august, og sidan har det

vore full fart, slår Harman fast og ler. – Eg studerer

også Geologi og geofarer på Høgskulen

i Sogn og Fjordane i Sogndal, så det har blitt

mykje telefonar i friminuttet og jobbing i

ledige stunder. Det er alltids noko som skal

gjerast, eller ein telefon ein skulle tatt når ein

etablerer og skal drive eige firma. Eg starta

med å sikre domenet harmanski.no, sidan har

ballen rulla, smiler ho og understrekar at ho

har fått god hjelp. – Innovasjon Norge gav

meg støtte til å starte opp. Eg har også fått

utruleg god hjelp og støtte av kjærasten min.

Han har hjelpt med nettside, plakatar, visittkort,

jakkemerke osv. Det er ingen andre skiskular

i området, så eg vart teken vel i mot ved

Sogn Skisenter. Dette blir ei utruleg spennande

tid framover, seier ho og fortel vidare. – Eg

planlegg etter kvart å gjere tilbodet meir kjent

ved å bruke Facebook og andre metodar som

ikkje krev store kostnader. Og eg håpar nøgde

gjester, fortel og anbefaler HarmanSki til venner,

kjente, kollegaer og familie, seier ho og

smiler breitt.

– Korleis har du blitt motteke i marknaden?

– Det er mange gode skikøyrarar her i

området, noko eg trur kan inspirere fleire til å

ville bli betre. Eg har hatt bra med påmeldte

på kursa, og får stadig fleire som vil ha privatrettleiing.

Eg er nøgd med tilstrøyminga av

skikøyrarar som ønskjer å bli betre. Dei kjem

frå heile regionen, og i alle aldrar, seier Harman.

Sivilingeniøren som ville stå på ski /

Årsaka til at ho studerer geologi har med tidlegare

utdanning å gjere.

– Eg er utdanna sivilingeniør innan matte og

fysikk, med spesialitet innan biofysikk og

medisinsk teknologi frå NTNU. Men eg hadde

veldig lyst til å dra ut i verda, lære språk og

lære om korleis andre lever på denne kloden.

Dersom eg kunne kombinere det med å stå på

ski og tene litt pengar syntest eg det høyrdes

veldig spennande ut. Eit par veker etter at

diplomoppgåva mi var levert reiste eg til New

Zealand for å jobbe med ski. Då vart utdanninga

sett litt på vent. Eg har veksla mellom å

jobbe som skiinstruktør i Australia/New Zealand

og Austerrike/Norge i fleire år. I dei ulike

landa fekk eg lære språket betre og korleis dei

underviste skikøyring, samstundes som eg fekk

ta del i det daglege livet der. Det har lært meg

at vi som bur i Norge har det utruleg godt og

er veldig privilegerte, avsluttar ho.

Tekst / Roy Sunde

Lurer du på utbytte av

skirettleiing?

Her er Gunhild si sjekkliste for

deg som lurar på om du ville hatt

utbytte av skirettleiing

* Kan du stoppe når du vil?

* Går det greitt å køyre heis?

* Klarer du å holde farten nede

så mykje som du ønskjer?

* Svingar skia med deg oppå,

eller bestemmer du når og

kvar du og skia skal svinge?

* Klarer du å variere svingane

med liten/stor radius og

mykje/lite kanting og beinvriding?

* Ein kan kante på 3 måtar,

ynskjer du å lære meir om dei?

* Svinger du S- eller Z-svinger?

* Bruker du stavane med funksjonelt

stav isett?

* Ynskjer du å lære kortsving

eller carvingsving?

Foto / Bjørn Gjelsten

Foto / Joachim Vie

Foto / Bjørn Gjelsten

Fylkesmagasinet 02 / 2010

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!