29.07.2013 Views

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

Utgåve nr.2 - Fylkesmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fylkesmagasinet 02 / 2010

Den evige tapar

VI LIKAR ALLE å sjå at nordmenn gjer det godt i langrennssporet,

i alpin- og hoppbakken, på skøyteisen, på friidrettsarenaen

og på fotballbana. Vi likar vinnarar. Det gjer godt for sjela

når vi kan sitje i Stressless’en og sjå ein snørrete og sliten vinnar

kastar seg over målstreken, og kommentatoren ropar: «Det

vart gull! Det vart gull, alle dere der hjemme!»

I dag vert det oppretta grupper for dei som ønskjer å bli vinnarar

og komme langt med det dei ønskjer å drive med. Eit

omstridt tema. I alle fall om ein skal høyre på alle meiningane

til foreldre og forståsegpå’arar for korleis skape vinnarar. Men

det må nok til. Og er ein ikkje god nok for «eliten», så må ein

berre trene meir for å komme der. Eller sjå realitetane og finne

si gruppe.

Synd det ikkje var sånn før, for då kunne nokon ha fortalt meg

at eg burde finne på noko anna enn å drive med sport. Men eg

har gode erfaringar med det å vere blant dei dårlegaste. Og

korleis vi takla det. Den gongen vart alle samla i same gruppe.

Alle fekk trene, men berre dei beste fekk spele eller gå.

Noko stort idrettstalent har eg nok aldri vore. Skihopping vart

det dårleg med. Bror min hoppa, men eg feiga ut. Torde ikkje

setje utfor desse ovarenna og ikkje sjå meir av bakken før den

kom att langt, langt der nede – gjerne kalla flata. Men eg fekk

vere med å trakke unnarennet. Mange gonger. Både frivillig og

under tvang. Men å klage ga lite gehør.

Eg deltok på eit par langrenn, utan at det viser att på premiehylla

mi. Det vart som regel nest sist, eller sist. Det var alltid

ein som var litt småfeit eller hadde knekt eine skia som var

bak meg. Rett nok eg minnast eg at eg vart nummer tre i eit

skirenn i Haukedalen. Vi var ikkje meir enn seks i min klasse,

men eg såg no fram til i alle fall å få med meg ein liten premie.

Men nei. Premiar vart berre utdelt til ein tredjedel av deltakarane,

nr 3, 4, 5 og 6 fekk fanken ikkje eit diplom ein gong.

Hadde dette vore i dag, hadde det nok blitt tromma i hop eit

kriseteam som kunne hjelpe meg med å bearbeide sorgene

mine og hindre meg i å begå harakiri (med ein skistav av bambus).

Forresten, det var eit ultralokalt skirenn på bøane heime.

Hadde fått splitter nye Åsnes treski med glasfibersole, kjøpt

hos Rikken i Førde. Eg kosta av stad og kom inn til beste tid.

Premie? Ei appelsin. Og det fekk alle andre også.

På fotballbana gjekk det litt betre. Ikkje så mykje, men i alle

fall litt. Som smågut- og gutespelar hadde vi både A- og B-lag.

Sjølvsagt var eg oftast å finne på B-laget, men ein gong var eg

tatt ut som reserve på A-laget. Kry sat eg på benken på Florø,

og eit par minutt før slutt var det ein som fekk ein ball i trynet,

byrja å sipe, og måtte ut. Endeleg fekk eg sjansen til å spele

på A-laget. I alle fall i eit par minutt. Eg rekna med å få vist

meg fram, men utan å ha vore borti ballen ein einaste gong på

desse minutta, bles dommaren av kampen. Og reglane var

greie: Hadde du spelt A-kamp, kunne du ikkje spele B-kamp.

Fasit: Lang tur til Florø, to lag, to kampar, null ballberøringar.

Lang tur heim. Men klage? Var ikkje aktuelt. Ikkje kan eg hugse

at mor eller far ringde trenar og oppmann og skjelte dei huda

full fordi den ubrukeleg sonen av ein fotballspelar hadde fått

for lite speletid. Det gjer enkelte i dag.

Men som fast reserve, gjerne i selskap med eit TV2-anker frå

Førde, kan eg skryte på meg å ha fått sitte på fleire reservebenkar

enn dei fleste her i fylket. Veit knapt nok om ei bane eg

ikkje har fått testa benken. Med unnatak av i Bremanger. Der

hadde dei ikkje benk den gongen eg var aktiv, så eg måtte

Sånn e

da berre!

Av Tore Fossen

sitje på eit kaldt berg å sjå på. Har slite med

hemroider sidan den gong. Til gjengjeld

hadde dei mopedar der ute, men det er ei

anna historie.

Og når eg først er inne på fotballkarrieren mi,

kan eg ta med ein gong vi reiste til Sogndal

for å spele kretsfinale. Sjølvsagt var eg med

som reserve. Etter ei halv dagsreise, som det

var den gong for å komme seg til fruktbygda,

sat vi i garderoben. Trenaren las opp førsteellevaren.

Namnet mitt var sjølvsagt ikkje blant

desse.

– Faen, kom det borte frå ei krok.

– Har gløymt fotballskoa, sa Edvard’en.

Trenaren såg på meg. – Fossen, ka nummer

brukar du?

– 41!

– Edvard, ka brukar du? spurde trenaren.

– 41!

Då var det berre å knyte opp lissene og levere

frå seg skoa. Men det var heilt naturleg.

Edvard’en var betre enn meg, og eg ville at vi

skulle vinne. Skulle berre mangle.

Berre minutt etterpå var det ein som oppdaga

at han hadde gløymt leggskinnene sine.

Så sat eg der då, på benken. I gummistøvlar.

Utan leggskinner. Men det var ein fin benk.

Vi tapte! Sjølv om eg ikkje var med.

Men heilt utan premie og merittliste er eg

ikkje. Då eg avtente vernepliktstenesta mi, for

nærare ein mannsalder sidan (1984), deltok

troppen vår på stafett på Haakonsvern. Eg

vart tildelt ankeretappen. Ein 200-meter lang

spurt på løpebana. Eg mottok pinnen som

førstemann. La i veg på sjarmøretappen og

såg føre meg ein skikkeleg pokal. Vel halvvegs

rauk strikken i den utvaska treningsbuksa

som eg hadde fått utlevert. Og med

den sigande nedover låra var det vanskeleg å

halde Usain Bolt-tempo’et oppe.

Febrilsk prøvde eg å få tak i den slakke linningen

og dra den oppatt – berre med vekslande

hell, og resultatet vart sjølvsagt at dei

to som kom heseblesande bak meg greidde å

passere meg og entre målstreken med god

margin til «den evige tapar».

Likevel, ein tredjeplass og ein plakett i aluminium

på tresokkel var det synlege beviset på

at ei heller trasig idrettshistorie var over.

Premien var eg så stolt over at eg tok den

med til Førde på perm for å vise den fram. Det

vart sjølvsagt fest. Og sist eg såg den stod

den på hylla til ein kamerat. Trur det må ha

vore i 1986.

Du skulle vel ikkje ha den

enno, Hammar?

enivest.no | 57 00 91 00

Tilbodet gjeld nye DSL kundar med 12 mnd. bindingstid. Pris første år frå kr 2682,-

TING BREIBAND FRÅ

ENIVEST NO OG FÅ

3 MÅNER

UTAN KOSTNAD

SPAR INNTIL KR 1194,-

Enivest AS - Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane rdane

34 35

ENIVEST ADSL

Enkel Pluss

1500 /350 kbit/s

pr. mnd. 298,-

ENIVEST ADSL

Standard

3000/450 kbit/s

pr. mnd. 348,-

ENIVEST ADSL

MAKS

16000 /1000 kbit/s

pr. mnd. 398,-

www.inform-media.no

Fylkesmagasinet 02 / 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!