Cand.du.huske Sosial mobilitet - Norsk Lektorlag
Cand.du.huske Sosial mobilitet - Norsk Lektorlag
Cand.du.huske Sosial mobilitet - Norsk Lektorlag
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
kontaktnett som gjer at fleire vil til Norges

Musikkhøgskole når dei skal studere

musikk.

– Ei viktig årsak er at vi har fleire lærarar

som er kjende og høgt verdsette musikarar

og pedagogar, og mange unge ønskjer å

studere med dei. Samtidig får vi ofte positive

tilbakemeldingar om at vi, i meir utstrekt

grad enn i mange andre land, har eit

samarbeid lærarane imellom som elevane

nyt godt av. Meisterlærartradisjonen har

sterke røter i musikkopplæringa, og dette

inneber ei veldig nær kopling mellom student

og lærar. Vi har gjort denne koplinga

litt lausare, og legg opp til meir samarbeid

og større openheit, seier Solvik.

Han trur òg at samarbeid med internasjonale

musikkinstitusjonar og aukande

grad av utveksling av lærarar og studentar

har hatt mykje å seie for omdømmet til

skulen.

Tøff konkurranse

Norges Musikkhøgskole har 600 studieplassar

for heiltidsstudentar, og om lag 180

av desse tek masterutdanning. At inte-

ressa frå utanlandske studentar har auka

jamt og trutt dei siste åra, inneber at det

er blitt vanskelegare for norske studentar

å komme inn på skulen – og å komme vidare

frå bachelor- til masterstudiet. Solvik

meiner unge norske musikarar her får ein

smak av den verkelege verda som er tøff,

men nødvendig.

– Dei vil i alle høve møte desse utanlandske

musikarane på arbeidsmarknaden.

Det er sunt og viktig å ha eit internasjonalt

miljø her ved skulen, og eg synest ikkje vi

har for mange utanlandske studentar i dag.

Men det går sjølvsagt ei smertegrense ein

stad, seier Solvik.

Betre utvikling av talent

Norges Musikkhøgskole meiner at det

finst fleire musikktalent her til lands som

ikkje blir tekne godt nok vare på i dei viktige

barne- og ungdomsåra. Difor blir dei

heller ikkje gode nok til å kunne vinne

konkurransen om attraktive studieplassar

ved høgskular og universitet.

– Norsk skule er ikkje akkurat best i

verda til å la barn og ungdom få utvikle dei

musikalske talenta sine, seier Solvik.

Difor har høgskulen teke initiativ

til eit talentutviklingsprogram som skal

fange opp særlege talent i dei kommunale

kulturskulane og i vidaregåande skule.

– Vi meiner at mange kulturskular

AKTUELT

målar med for brei pensel. Dei tenkjer at

så mange som mogeleg skal få så mykje

som mogeleg å velje mellom. Vi oppmodar

kulturskulane til å gi eit meir spesialisert

tilbod, og ikkje berre tenkje breidd, seier

Solvik.

Ønskjer å endre læreplanane

Norges Musikkhøgskole har òg vore i

kontakt med lærarar i vidaregåande skule

og med kulturpolitikarar om mogelege

endringar i læreplanen for studieførebuande

program med musikk.

– Her har elevane 35 timar med undervisning

kvar veke – fem timar meir

enn “vanlege” elevar. Ein slik timeplan tek

ikkje omsyn til at dette er elevar som må

øve svært mykje for å bli gode nok til vidare

musikkstudium. Mange unge musikarar

vel difor studiespesialiserande i staden

for musikk for å få mindre tid bunden opp

til undervisning. I fjor hadde vi ein konferanse

om denne problemstillinga, og i

haust har vi teke opp att saka med politikarar

og med departementet. Skal norsk

ungdom bli gode nok til å konkurrere internasjonalt

om studieplassar og jobbar

som musikarar, må vi leggje til rette for det

i skulen, meiner Solvik.

Fakta frå rapporten “Høyere utdanning 2012”:

Søkinga til høgare utdanning held fram med å auke. I snitt var det 2,1 primærsøkjarar til kvar studieplass i 2011. Tendensen

frå dei siste åra, med høg søking til lærestadene i dei største byane og svak søking særleg til institusjonane i

Nord-Noreg held fram.

• Personar med innvandrarbakgrunn utgjer ein stadig større del av studentane, nærare 11 prosent i 2011. Dei fleste kjem

frå ikkje-vestlege land. Naturvitskaplege og tekniske fag er framleis dei mest populære faga blant innvandrarstudentane.

• Det har aldri blitt teke fleire doktorgradar i Noreg enn i 2011. 1329 personar disputerte dette året. Det er dobbelt så

mange som for ti år sidan, og 145 fleire enn i 2010.

• Talet på publiseringspoeng voks med nærare 10 prosent frå 2010 til 2011. Dei gamle universiteta NTNU, UiO og UiT

stod for den største veksten.

• Sjølv om publiseringspoeng per vitskapleg stilling har auka sidan 2005, har ikkje det ført med seg lågare studiepoengproduksjon

per vitskapleg stilling.

Lektorbladet 05/2012

17