30.07.2013 Views

nr.1 2006 - KFB

nr.1 2006 - KFB

nr.1 2006 - KFB

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

20 l

EIGA FANGEBOK FRÅ OTTOSEN

Kristian Ottosen har skrive ei rekkje bøker om

konsen trasjonsleirane, verk som det knapt fins maken til

nokon stad i verda. Først då han vart 85 år, kom hans eiga

krigssoge. Han hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive denne

soga, men let seg overtale av Wilhelm Nygaard, og takk for

det. Det er ein verdig sluttstein i eit stort forfattarverk.

Kristian Ottosen kom allreie som gymnasiast med i etterretningstenesta.

Han vart arrestert og spela galen for å

kome på sjukehus og så røme. Han vart mishandla grovt,

men greidde å halde tett om dei andre i gruppa. Han kom

ikkje på sjukehus, men på Grini, og vidare til ei rekkje fangeleirar

i Tyskland, Sachsenhausen, Natzweiler, Dartmergen,

Vaihingen m.fl. I tre år sat han i dei ymse leirane og kom

heim med dei kvite bussane i 1945. Boka gjer eit sterkt

inntrykk. Han er nøktern i framstillinga si, lågmælt kan ein

seie, og får fram både det vonde og det gode.

Brutaliteten i fangeleirane var stor. Ottosen skriv om det,

men han skriv også om samhaldet mellom fangane. Det er

rørande å lese om korleis medfangar tok vare på den nattblinde

Arnulf Øverland, slik at han ikkje virra seg bort i det

elektriske gjerdet. Julaftan 1943 las Øverland sitt nyskrivne

dikt ”Jul i Sachsenhausen”. Allereie etter dei første

linene var kontakten mellom diktaren og hans publikum

etablert, skriv Ottosen.

Han fortel om fangekameratar, dei som er yngre enn han,

og personar som Einar Gerhardsen og Trygve Bratteli.

Vi har fått eit ordskifte om at i eit framlegg til ny læreplan

går ein inn for at verdskrigen skal ut av obligatorisk

historiepensum. Rart i denne samanheng å lese slutt linene

i Ottosen si bok, der han understrekar kor viktig det er at

minnet om dei tragiske hendingane som den andre verdskrigen

førde til, vert haldne levande. Så sant, så sant. Alle,

ikkje minst dei unge, burde lese Ottosen sine bøker.

Kristian Ottosen:

Motstand, fangenskap og frihet

Erindringer 1940 -1945

Aschehoug forlag

FANGE I KINA

Mange minnest sikkert Tore på sporet sitt program om

Anwei Jensen, som vart fødd i Kina av norske misjonærar

under 2. verdskrigen. Ho var berre eit halvt år gamal då

faren vart skoten av japanarane. Mora og den vesle jenta

vart sett i japansk fangenskap i fangeleiren Weihsien. Der

måtte dei vere til august 1945. I 1946 var dei trygt attende

i Noreg. Anwei var då seks år gamal, og det var ikkje lett

å bearbeide dei traumatiske minna frå den japanske fangeleiren,

den tapte barndomen.

Tore på sporet fekk høyre om Anwei Jensen, som ho heiter

i dag, og ville gjerne lage eit fjernsynsprogram.

KFB 1. KVARTAL 06

I 1997 reiste han og Anwei til Kina, der ho opplevde fangeleiren,

og fekk oppspora opp faren si grav.

No er det blitt bok, og ei mykje lesverdig slik.

Ho byrjar med å fortelje om foreldra Gerhard og Inger

Danielsen som reiste til Kina som misjonærar, han først,

sidan ho. I 1940 vart Anwei fødd.

Dei var på reise til ein ny arbeidsplass då faren vart skoten

av japanske soldatar, eller som ho skriv, røvarar.

Då japanarane gjekk til åtak på Pearl Harboar, vart alle

utlendingar sett på som fiendar. Mor og dotter vart internert,

og i mars – april 1943 kom dei til Weihsien.

Anwei minnes ein god del frå åra i leiren og fortel mykje om

det i boka, mykje vondt, men også positive opplevingar.

Via Hong Kong og England kom dei til Noreg og Grimstad,

der besteforeldra budde.

Det var ei sterk oppleving for Anwei å kome attende til

Kina, til fangeleiren og til faren si grav. Ho fann rett nok

ikkje grava. Men ei gamal kinesisk kvinne kunne peike på

det ho var sikker på var gravplassen i si tid.

Det har alltid vore noko i livet hennar som vanta. Etter

Kinaturen kjende ho seg som eit heilt menneske.

Buketten med dei turka blomane ho hadde med for å leggja

på faren si grav, gav ho til den kinesiske kvinna. Med

seg heim tok ho ein kvist av ein sypress som også stod

der i 1940. No heng den på stoveveggen. Siste del i

puslespelet har falle på plass.

Anwei Jensen:

Med mor

Fange i Kina 1941 – 45.

Fra konsentrasjonsleiren Weihsien.

Lunde forlag

Nye l bøker

KVIFOR OPPLEVDE

VI KRIGEN SÅ ULIKT?

For alle som er interessert i okkupasjonsåra 1940 – 1945

vil boka ”Der veien skiltes”, med undertittelen ”Hvorfor

opplevde vi krigen så ulikt”, vere av stor interesse.

Boka har tre forfattarar. Ole Kristian Grimnes gir ei samla

vurdering av okkupasjonsåra og dei vegval ein stod ovanfor.

Anders Christian Gogstad tek for seg ei rekkje sider

ved einskildgrupper under krigen, både på alliert og tysk

side. Kjartan Rødland har redigert og gjeve att ca 25 timelange

videointervju, der han tek sikte på å kaste lys

over dei personlege vala einskildmenneske måtte ta.

For dei som har lese mykje av vår okkupasjonshistorie vil mykje

av det som Grimnes og Gogstad skriv vere kjent. Difor vil kan

hende intervjua være det mest interessante. For denne lesarane

er ein del av intervjuobjekta kjende frå før, andre ikkje.

Av dei vi møter er mellom anna motstandskvinnene Eva

Kløvstad og Klara Nybø. Det er også intervju med kvinner

som var på den andre sida – frontsøstre, kvinner som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!