30.07.2013 Views

nr.1 2006 - KFB

nr.1 2006 - KFB

nr.1 2006 - KFB

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

melde seg inn i NS og kvinner som gifte seg med ein frå

okkupasjonsmakta. Det er også eit intervju med ei av dei

Finnmarks-kvinnene som vart evakuert sørover. I alt er det

7 av dei 25 som er kvinner.

Det gjev eit sterkt inntrykk å lese intervjua med dei som var på

den gale sida. Nokre av dei fekk nok urettvis handsaming.

Det er eit bredt spekter av menneske vi møter. Det er dei

mange i motstandsrørsla, ute og heime. Det er folk i Milorg

og Shetlandsgjengen, dei som sat i fangeleir, dei som var

i etterretningstenesta. Det er frontkjemparar, dei som trudde

på naziideologien og var aktive i Fedrelandslaget og NS

før krigen, var NS-lærarar og NS-lensmenn osb.

Det er mange tankar ein gjer seg etter lesinga av ei slik

bok. ”Det avgjerande valet” er overskrifta på eit avsnitt på

14 liner etter føreordet. Det sluttar slik: ”De stod ved

skilleveier og de måtte velge. De fleste gikk samme vei,

men noen valgte annerledes. Var det to helt forskjellige

typer mennesker, eller var de ganske enkelt mennesker

som valgte, eller ble tvunget inn i hver sin retning?”

Er det noko enkelt svar på kvifor vi opplevde krigen så

ulikt? Det er det nok ikkje.

Anders Chr. Gogstad, Ole Kristian Grimnes, Kjartan Rødland:

Der veiene skiltes

Hvorfor opplevde vi krigen så forskjellig?

Eide forlag

AUST-TYSKLAND

– EIN PERFEKT POLITISTAT

Australske Anna Funder reiste på 1980-talet til Vest-Berlin

som student. Etter at furen fall kom attende til Tyskland for

å arbeide der. Ho er journalist, TV- og radioprodusent og

internasjonal advokat.

No har ho skrive bok om DDR, den perfekte politistat.

”Stasiland” er tittelen på dokumentarboka, ei bok med

store litterære kvalitetar.

I 40 år eksisterte DDR. Stasi var innanrikshæren som var

styremaktene sitt kontrollorgan. Oppgåva var å vite alt om

alle, og bruke kva middel som helst. Det var omkring

100 000 tilsette, ein overvakar pr 6,5 innbyggjar. La ein

dokumenta frå Stasi sine mapper etter kvarandre, ville

rekkja verte 180 kilometer lang.

Erik Mielke var minister for tenesta. Maskineriet hans var

halvtanna gang å stort som DDRs ståande hær. Han var

den personen dei fleste i DDR var mest redd for, partimedlemer,

kollegaer, vanlege folk.

Stasi si oppgåve var å vere ”skjold og verje” for

kommunistpartiet. Dei arresterte og fengsla kven dei ville.

Anna Funder hadde ei lysing i avisene om at ho gjerne

ville kome i kontakt med tidlegare Stasi-folk, offiserar og

uoffisielle medarbeidarar. Det var mange av dei og. Ho

intervjua Stasi-offiserar som hadde vore høgt oppe i

rekkjene, og som i dag omtalar DDR med nostalgi, ei tapt

tid då alt var så mykje betre. Det var det nok og for mange

av Stasi-folka, men eit brutalt samfunn for andre. Nokre

var pragmatiske og tilpassa seg så godt ei kunne. Andre

freista opponere og fekk kraftig svi for det.

Det er mange ulike lagnader vi møter i Funder si bok,

menneske som fekk livet sitt totalt øydelagt, og på den andre

side dei som ønskjer seg attende til politistaten. Anna Funder

skriv godt, og ho er opprørd. Det vert lesaren også.

Anna Funder:

Stasiland

Cappelen forlag

SPEER SINE MEMOARAR

Albert Speer sine memoarar vart første gong gjevne ut her

i landet i 1970. I 1978 vart dei gjevne ut på nytt. Nå er dei

kome for tredje gong – i billegbokutgåve.

Albert Speer var Hitler sin arkitekt, og frå 1942 var han

rustningsminister. I 1946 vart han dømd til 20 års fengsel.

Speer høyrde til Hitler sin innarste krins, og han var kan

hende det næraste Hitler nokon gong kom til å ha ein ven.

Under rettssaka i Nürnberg var Speer den einaste som

fortalde om det indre livet i det øverste nazihierarkiet.

Det har vorte spurt kva motiv han hadde for å fortelje. Under

rettssaka hevda han at det var for å hindre at noko liknande

kunne hende på nytt. Han sa at det var ikkje berre

Hitler sin personlegdom, men også den nye teknologien

som skapte så katastrofale følgjer. Hadde ikkje Hitler blitt

stansa, ville krigen slutta med fjernstyrte rakettar, overlydsfly,

atombomber og utsikt til ein kjemisk krig. Til meir teknisk

verda vert, til større vert faren, sa Speer. ”Som tidligere minister

for en høyt utviklet rustningsindustri er det min siste

plikt å slå fast: en ny stor krig vil ende med tillintetgjørelsen

av menneskelig kultur og sivilisasjon”. Dei fleste trur vel at når

Speer var så open, så var det for å berge sitt eige skinn,

unngå dødsstraff, som han og gjorde.

Magne Skodvin har skrive føreordet til boka, som er på om

lag 450 sider. Her seier han at Speer sine memoarar er i ei

særstilling i krigslitteraturen. Boka er omsett til ei rekkje

språk.

Speer var her i landet som turist etter at han kom ut frå

fengselet. Det var før Magne Skodvin gjekk bort. Speer

ønskte å treffe professoren (han var truleg kjend med

føreordet), men Skodvin var ikkje interessert.

Det er kome ei rekkje bøker om andre verdskrigen, og

fleire vil kome. Men Speer si bok vil nok alltid behalde sin

klassikarstatus.

Albert Speer:

Erindringer

Gyldendal forlag

Nyel bøker

Av Anne Johanne Kvale

Beredskap, forsvar, tryggleik, fred, konfliktar og krig - det er alltid nye bøk

som vi vil tru lesarane vil vere interesserte i å bli orientert om

AV ANNE

JOHANNE KVALE

KFB 1. KVARTAL 06 l 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!