03.09.2013 Views

Knut Walde: - den 12. mann

Knut Walde: - den 12. mann

Knut Walde: - den 12. mann

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ikkje bygd på kjensler

– Kan det ha ein negativ verknad for

laget når somme av spelarane har signalisert

at dei vil bort?

– I praksis verkar dette langt mindre

negativt enn folk ofte vil ha det til.

Tilhøvet mellom klubb og spelar er ikkje

først og fremst bygd på kjensler. Klubben

er ein arbeidsplass for spelaren, og folk

byter jobb – også i fotballen. Så lenge

dei fungerer bra i kontraktsperioden, så

er det det som er avgjerande for laget.

Kjell Tennfjord meiner likevel det finst

ei allmennmenneskeleg side som kan

gjera seg gjeldande i fotballen på lik line

med ein kvar annan arbeidsstad: Når

nokon har bestemt seg for å slutta, er det

ikkje uvanleg at motivasjonen vil dala.

Overdimensjonerte

reaksjonar

– Forstår du oppstyret rundt Azar

Karadas sin overgang til Rosenborg?

– Reaksjonane har vore overdimensjonerte,

synest han og vil gjerne understreka

at for spelarane handlar fotball om

eit profesjonelt forhold, ikkje om kjensler.

– Kva ein ungdom seier det eine året,

kan ikkje brukast mot han det neste. Det

går an å ombestemma seg. Dessutan veit

vi ikkje om Azar er rett sitert i media,

påpeikar han og trur i alle fall at det

Azar har sagt, har vorte overdimensjonert

i media. – Så langt vi kan sjå, er

Azarovergangen heilt kurant. Dei tre

partane, spelar, seljande klubb og kjøpande

klubb, var einige og godt nøgde,

seier Tennfjord.

Tennfjord vil likevel gjerne understreka

at heile sanninga rundt ein overgang

ikkje alltid kjem fram i media. Det kan

ha skjedd noko bak kulissene som vi

ikkje kjenner til. Han understrekar at

dette er eit heilt generelt synspunkt som

ikkje er kopla til Azarsaka. Derimot er

det bygd på eigne erfaringar frå tidlegare

saker.

Supportaren ”elskar” drakta

– Men kan du ikkje forstå at supportarane

reagerer på Azar sin overgang til

“erkefienden” Rosenborg sett i lys av

Azars tidlegare kjenslereaksjonar som

Brannspelar?

– Nei, det kan eg ikkje gå med på. Azars

ungdommelege entusiasme der og då er

ikkje avgjerande. Ein supportar “elskar”

ikkje spelaren, men drakta. For supporta-

ren er det uinteressant kven som er inni

drakta – så lenge laget vinn. Drakta er

det avgjerande, påpeikar Tennfjord og

nemner som døme det store innslaget av

utlendingar som spelar i klubbar som

Chelsea, Arsenal og Liverpool – utan at

supportarane gjev opp laget sitt av den

grunn.

– Azar insisterte på at han var forsvarspelar

i Brann, sjølv om Teitur helst

ville bruka han som spiss. No spelar

han spiss i Rosenborg. Kva tenkjer du

om dette?

Trenaren bestemmer

– Dette har to sider. Den eine gjeld kven

som bestemmer kva posisjon ein spelar

skal ha. Her er det heilt klart at trenaren

bestemmer; det er den profesjonelle

haldninga. Ein spelar kan sjølvsagt koma

fram med kva han har lyst til, og er dette

i samsvar med trenaren sine prioriteringar,

er sjølvsagt ingenting betre. Men spelar

og trenar sine ynskje går ikkje alltid i

hop. Medan spelaren ser på seg sjølv, må

trenaren ha totalbiletet for auga. Då er

det heilt klart at spelaren må innretta

seg etter det trenaren bestemmer.

– Den andre sida er kvar eg meiner at

Azar har sin styrke. Vi henta Azar til

Brann og vurderte det slik at han hadde

klart størst potensiale som stoppar. Han

kan nok vera god som spiss, men vil

neppe nå eit høgt internasjonalt nivå i

den rolla, meiner Kjell Tennfjord, som

derimot ikkje ser problem med at Azar

vert brukt som spiss i einskildkampar og

samanliknar med korleis han brukte Per

Ove Ludvigsen i Fyllingen.

Av Åshild Samnøy

Den 12. mann 2/2002 Side 25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!