03.09.2013 Views

Knut Walde: - den 12. mann

Knut Walde: - den 12. mann

Knut Walde: - den 12. mann

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Om fotballspelarar, musikk

og trav – og ein sterk mann

Fotballspelarar er ikkje

særleg smarte. Det er

berre å sjå på kva

musikk dei likar.

Nesten ingen har peiling på musikk. Har

du peiling på musikk, har du òg innsikt

på andre område. Klart det. Eg skal

vedde Elvis-samlinga mi på at cd-hylla,

ikkje hyllene, men hylla, merk det, til

Helstad og Kvisvik er fulle av Mr.Music,

Absolute Music og VG-listemusikk.

Hadde Kvisvik stått fram og sagt at, jo,

han likte best å lytte til rockemusikk frå

60- og 70-talet, og Neil Young er nok

favoritten, skulle eg tatt fleire springmarsjar

rundt Tveitevatnet enn det spelarane

har gjort til saman gjennom ein

lang vinter. Den einaste som har peiling

på musikk er Erlend Hanstveit. Men han

er i ei heilt anna klasse på det intellektuelle

nivået, ikkje sant? Han har lært seg

å stave ordet LOJALITET.

Kva er det så fotballspelarar normalt

interesserer seg for? Er det ikkje trav?

Jau, såmenn. Trav...TRAV står sterkt i

fotballmiljøet. Smak på ordet. Trav.

Traaav. Trrrav. Travvv. Det luktar lang

veg. Av Atle Hamre og andre bandittar.

Roy Wassberg er i slekt med ein travkusk.

Geddi, Peddi og Kvisvik er medeigarar

i travhestar, og er ikkje dei i ferd

med å frelse andre spelarar til å gi seg

hen til hopper med varmt og kaldt blod

om kvarandre? Jau, så menn.

Tom luft

Alle på Store Stå som synest travsport er

ein fantastisk idrett, kan rette opp

handa. Der var tom luft, ja.

Det finst få ting som er så lite inspirerande

å sjå på som trav. Ikkje går det

særleg fort. Ikkje er det forbunde med

fare (som galopp har meir enn eit sneis

av). Der er ikkje nokon variasjon over

eit løp. Ein spring rundt og rundt og

rundt til ein blir reint svimmel og øren i

hovudet. Det er som 10 000-meteren på

skøyter og femmil i Kollen.

Nei, vi må innsjå det, sjølv om vi ikkje

likar det. Fotballspelarar har ikkje snøring.

Dei er nøydde til å ha ein sterk

mann over seg som kan fortelje dei korleis

dei skal utføre tinga. Teitur

Thordarsson er ein sånn mann. Teitur er

smart.

Eg hugsar i fjor då spelarane vart sjuke,

og Brann måtte spele med u-laget sitt i

fleire månader. Teitur skjelte ut NFF,

samstundes som han oppeldna dei som

trass alt skulle representere Brann på

bana i denne trengselstida. Det skapte

ein stemning i troppen av at ein pokker

ikkje skulle la NFF få øydelegge sesongen

for oss. Om det var slik, veit eg sjølvsagt

ikkje, men det såg slik ut, og det var slik

eg følte som supportar. Brann tok poeng,

dei.

Spelarane treng ein som kan bestemme

over dei. Fotball har med andre ord ingenting

med demokrati å gjere. Det er ein

idrett kor diktatorisk makt er meir viktig

enn i nokon annan idrett. Er du ein god

diktator, er du ein god trenar.

Trudde på intelligens

Om spelarane på eit lag byrjar å leike

ego, rykker laget ned. Det var det som

skjedde under Hallvar Thoresen.

Thoresen hadde for stor tiltru til spelarane

sin intelligens. Han trudde dei var i

stand til å tenke sjølv. Med det resultatet

at spelarane begynte å bli i overkant

sjølvsikre på sine eigne evner, også utanfor

bana. Det gjekk føre seg ting den

gongen som hadde lite med fotball å

gjere. Eg har høyrt at det var kvinner

involvert. Sportsredaksjonane i BA og

BT veit alt om dette, men deira område

er jo sport, ikkje sex og samliv, så dei har

aldri skrive noko om det.

Ein kan ikkje ha det på den måten.

Involvere kvinner. Det heldt på å sende

Brann som klubb like i fortapinga.

Teiturs livsverk

Teitur derimot er diktator og Gud. Over

laget. Over byen. “Han har hele Bergen i

sin hånd, og hans navn er Teitur

Thordarsson”, syng ein på Store Stå.

Den einaste Branntrenaren i moderne

tid som faktisk har ført Brann fram til

ein seriefinale (mot RBK i 1990). Eg elskar

Teitur. Fordi Teitur elskar Brann.

Brann er livsverket hans. Teitur er ein

Absolutt Favoritt. Eg trur han har den

rette balansen mellom å vere både

bestemt og kamerat med gutane på laget.

No er vi i rute att. Teitur er komen tilbake

for å fullføre livsverket sitt.

Det er dette livsverket som no skal ut

mot Moss, i første seriekamp. Eg trur

Brann i dag kjem til å gå på ein smell.

Det er venta opp imot 20 000 tilskodarar.

Forventningane er med andre ord

normale. Brann driter lett på draget

under slike høve. Middels god motstandar

som vi bør feie av bana, og

Bergensfolk som forventar fest.

Bergensarane er glade i fest.

Værar blod

Bergensarane er òg glade i blod. Eg trur

dei værar begge delar i dag, der dei går

mot Stadionportane. Med andre ord:

ingen kjem til å gå misnøgde heim.

Sjølv sit eg på flybussen frå Gardermoen

til Rygge under kampen, kor eg bur.

Rygge ligg rett utanfor Moss. Eg veit det

ikkje då, men det å vere på reise skal

vise seg å bli ei sentral oppleving av

Brannkampane denne sesongen.

Etter rapportane skjer det ikkje mykje på

Stadion. Brann dominerer, men vinn

ikkje meir enn 1–0. Blodet rann ikkje,

men tre poeng kom inn på kontoen.

Berre det er eit godt teikn. Fleire teikn

skal det bli.

Utdrag frå kapitlet ”Ventetida er omme” frå

Jone Malmin si bok «Den brennande sitaren»

som nett er lansert. Trykt med løyve frå

forfattaren.

Den 12. mann 2/2002 Side 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!