You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
HVO-nytt

Informasjon frå Høgskulen i Volda. Boks 500, 6101 Volda. Tlf: 70 07 50 00 Faks: 70 07 50 51

I redaksjonen: Rektor Måseidvåg, høgskuledirektør Driveklepp og informasjonskonsulent Brandal

Prekær plassmangel

ved HVO

Høgskulen i Volda slit med prekær plassmangel. Studentalet er dobla frå 1988,

og høgskulen har no om lag 2200 heiltidsstudentar. Rektor Sverre Måseidvåg

meiner at situasjonen no er så alvorleg at det går ut over både tilsette og

studentar. Måseidvåg vonar at Stortinget løyver 5 millionar kroner i samband

med revidert nasjonalbudsjett slik at grunnarbeidet for det nye

høgskulebygget kan ta til i år.

-Vi har eit stort udekka behov for

undervisnings- og spesialrom. Arealet

pr. student er under halvparten av

departementet sine normer, og eg tek

ikkje for hardt i viss eg seier at

Høgskulen i Volda er blant dei verst

stillte høgskulane i landet i så måte,

seier rektor Måseidvåg.

Nei til nye studieplassar

Måseidvåg seier vidare at han grunna

den vanskelege romsituasjonen måtte

takke nei til førespurnad om å ta imot

30 nye studieplassar ved førskulelærarutdanninga

i Volda.

Løyvingar

Rektor Måseidvåg forventar at Stortinget

følgjer opp budsjettinnstillinga

frå utdanningskomiteen der det står å

lese: «Fleirtalet vil spesielt peike på

behovet for utbygging ved Høgskolen i

Ivar Aasen-instituttet

Agder, Høgskolen i Ålesund og

Høgskulen i Volda. Fleirtalet ber

Regjeringa vurdere dette og kome

attende til prosjektmidlar i samband

med revidert nasjonalbudsjett».

- Med 5 millionar kroner i 1995 vil vi

greie å følgje Statsbygg sine planar om

å få det nye høgskulebygget

innflyttingsklart våren 1997, avsluttar

Måseidvåg.

STØTTE FRÅ STUDENTANE

Studentleiar Remi Stridh gir rektor

heilhjarta støtte når det gjeld

romsituasjonen ved høgskulen.

-Vi har akseptert dei vanskelege tilhøva

som ei kortsiktig nødløysing, men ein kan

ikkje halde fram som no. Studentane i

Volda ventar difor at Stortinget løyver

midlar slik at nybygget står klart til

innflytting i 1997, seier studentleiar Stridh.

Som styresak 13/94, i møte 27. oktober 1994, behandla styret for Høgskulen i Volda

spørsmålet om Ivar Aasen-instituttet med omsyn til: mål og arbeidsoppgåver, namn,

organisering, styre, administrasjon, fagleg tilsette og samband med Ivar Aasen-tunet.

I vedtaket heiter det: «Høgskulen i Volda vil

prioritere arbeidet med få eit Ivar Aaseninstitutt

etablert som del av høgskulen

snarast råd. Instituttet skal utvikle eit breitt

og formalisert samarbeid med Ivar Aasenstiftinga

og Ivar Aasen-tunet.»

Namnet til den nye eininga ved HVO vart

vedteke til å vere: Ivar Aasen-instituttet.

Senter for nynorsk språk og kultur.

Deretter vart det sett ned eit utval for vidare

planlegging og konkretisering, som starta

arbeidet i januar 1995. KUF nemnde denne

saka i tildelingsbrevet av 19.1.95 til dei

statlege høgskulane for budsjetterminen

1995: «Vi viser til innstilling frå kyrkje-,

utdannings- og forskingskomitéen der

komitéen ber departementet i samband med

med tildeling av stillingar for 1995 leggje til

rette for at Høgskolen i Volda vert knutepunkt

i Norgesnettet innanfor fagfeltet

nynorsk språk og skriftkultur. »

Utvalet for vidare planlegging la fram ei

tilråding i februar 1995, og kjem med

framlegg om at Høgskulen i Volda allereie i

1995 bør utlyse stilling som forskingsleiar/

instituttstyrar, og at nærare konkretisering

av organisatoriske, administrative,

økonomiske føresetnader bør starte opp

etter nedsetjing av eit arbeidsutval så tidleg

som mogleg i 1995.

PÅ SPISSEN

Nr: 1/95

Informasjonsflyten hos oss er aukande; innover

i organisasjonen og utetter. Via dataskjermen

kommuniserer vi med kollegaen i nabokontoret

og kollegaer ved universitet i Australia eller i

USA så å seie samstundes. Det er ingen

grenser, ingen konvoluttar og ingen ventetid.

Likevel satsar vi på å nytte det gamle, gode

arket som informasjonsberar frå HVO til deg

og andre gode samarbeidsvener.

Vi vonar du vil setje pris på eit lite brev i ny og

ne med nytt om laust og fast i Volda.

Vi har mykje å gle oss over: Dei tilsette i

administrasjon, undervisning og forsking

imponerer dagleg. Arbeidsglede og vilje til

innsats for kvalitet, utvikling og vekst er

framståande.

Ønska om vidare kompetanseheving er sterke

og gledelege.

Studentane studerer, og dei har også overskot

til å gjennomføre eit av dei store kulturinnslaga

vinterstid på Nordvestlandet: Studentveka í

Volda. Ein kjempesuksess med over 200

bidragsytarar.

Vi har ein fagprofil på studia våre som dekkjer

både regionale og nasjonale behov. Søkinga

til Volda er difor stor, men no har vi verkeleg

plassproblem. Vi skal truleg ta opp 65 nye

studentar til hausten. Desse vil bli lokaliserte

til Kristiansund.

Vi har eit ønske, og vi har eit krav: Grunnsteinen

i det nye høgskulebygget i Volda må

leggjast ned i 1995, og bygget stå ferdig til

studiestart 1997.

Med helsing

Sverre Måseidvåg

Lærarutdanninga

i Volda 100 år

Lærarutdanninga i Volda skal feire sitt 100års

jubileum komande haust. I jubileumsveka

5. til 12. november vil det bli avvikla ei

rad ulike arrangement, og programmet

spenner frå konsertar og utstillingar til

faglege seminar på nasjonalt nivå.

Hovudkomitéen for 100-års jubileet vert leia

av rektor Sverre Måseidvåg. Avdelingsrådsleiar

Odd Ragnar Hunnes er sekretær. I tillegg er

det sett ned ei rad andre komitear som arbeider

med ulike programpostar.
Nasjonale og internasjonale

konferansar og seminar

Høgskulen i Volda har teke på seg å arrangere fleire større konferansar/

seminar i 1995. Høgskulen vil kome ut med meir informasjon om desse

konferansane i løpet av våren.

Avslutningskonferanse for Norsk

forskningsråd sitt program for

bygdeutvikling

Tema: Ungdom og distrikt/bygdemiljø.

Målgruppa vil primært vere forskarar i

Norden, og det blir lagt opp til eit deltakartal

på mellom 50-100.

Tidspunkt: 6. - 8. juni.

Førsteamanuensis Kåre Heggen er leiar i

planleggingsgruppa.

Nasjonal fagkonferanse i pedagogikk

hausten 1995

Dette er ein fagkonferanse som har vore

skipa til 3 gonger tidlegare og da lagt til

universitetsmiljøa. Forskningsrådet er ein

viktig bidragsytar i arrangementet. Ein

reknar med om lag 200 deltakarar.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe med dosent

Peder Haug som leiar.

Møreforsking Volda er ein sentral samarbeidspartner

i desse to arrangementa.

1. Avdelingsrådet skal på grunnlag av delegasjon

frå styret og innafor rammer fastsett

av overordna organ (departement og styre)

ta avgjerd i saker som gjeld:

- bruk av tildelt budsjett i samsvar med

budsjetterings-/styringsmodell som

skissert i saksframlegget og innafor

neddelte postar

- organisering av studia og av studieåret

- avdelinga si FOU-verksemd

- godkjenning av fagplanar som følgjer

nasjonale rammeplanar (jf styrereglementet,

§ 5 nr 6)

- gjennomføring av dei vedtekne

studietilboda innafor ressursrammene

- utpeike medlemer til råd og utval når slike

ikkje skal veljast

- velferdsordningar for tilsette og studentar

innafor avdelinga si budsjettramme

- fråsegn i saker avdelingsrådet blir forelagt

(av overordna styresmakter) eller som det

ønskjer å uttale seg om

På saksområde som ikkje er nemnde

ovanfor, eller i tvilstilfelle, avgjer rektor

Vestlandslærarprosjektet -

Forskingsseminar i Volda

Vestlandslærarprosjektet er ein del av

nettverksprosjektet Skulen som

kulturinstitusjon (SKOLE-KULT) og

finansiert av Norges Forskningsråd.

Samarbeidspartnerar er universitetet i Oslo

(danningsprosjektet) og universitetet/

SEFOS i Bergen (yrkesskoleprosjektet). Ein

gong kvart år blir det halde ein forskingskonferanse

i regi av SKOLE-KULT.

Hausten 1995 er det Volda og Vestlandslærarprosjektet

som blir vertskap.

Prosjektmedarbeidarar i Vestlandslærarprosjektet

er: Arne Apelseth, Peder Bergem,

Reidun Høydal, Jon Olav Myklebust,

Jostein Nerbøvik og Sveinung Vaage.

Lærarutdanningsrådet

legg sitt rådsmøte 30. - 31. mars 1995 til

Volda.

WORLD WIDE WEB

Meir infomasjon om konferansane over

vert å finne på:

http://www.hivolda.no

etter samråd med avdelingsrådsleiar om

avdelingsrådet kan treffe endeleg vedtak.

2. Avdelingsrådet fremjar tilråding til

høgskuledirektøren, som førebur sakene

overfor styret eller andre overordna organ i

saker som gjeld:

- verksemdsplan

- budsjettframlegg

- nye studietilbod, inklusive desentraliserte

opplegg og studium organisert som

fjernundervisning

- nedlegging av studietilbod

- endring av studentmåltal og rammer for

opptak

- kandidattal

- behov for lokale eller vesentlege endringar

i bruken av lokale

- endringar i intern organisering og

styringsordning

- forslag til oppnemning av medlemmer i

organ der avdelinga skal vere

representert og der andre instansar

oppnemner

PUBLIKASJONAR

Amanuensis Øystein Sande har gitt ut monografien

Lesernærhet i en norsk lokalavis. En avishistorisk

studie av Drammens Tidende og Buskeruds Blad.

Skriftserien nr. 48, 204 s.

Førsteamanuensis Sveinung Vaage saman med Ingrid

Carlgren og Gunnar Handal har vore redaksjon for

boka Teachers’ Minds and Actions. Research on

Teachers’ Thinking and Practice. Bidragsytarane kjem

frå både nær og fjern: Danmark, Finland, Hong Kong

og USA. Falmer Press, London 224 pp, January 1995.

Amanuensis Jan Inge Sørbø har gitt ut boka Essay

om teologi og litteratur. Det er ei essay-samling på vel

400 sider om litteratur og kulturdebatt. Samlaget 1994.

Moen,Vegard og Øie,Anne: Spesialundervisning.En

kartlegging av undervisningen for barn og unge med

særskilte behov i grunnskolen og den videregående

skolen. Møreforsking, Volda 1994. (111 s.)

Haug, Peder: Formulering og realisering av

utdanningspolitikk. Om det politiske arbeidet med å

innføre skulefritidsordningane og skule for 6-åringar.

Møreforsking, Volda 1994. ( 382 s.)

Haug, Peder: 6-åringane - barnehage eller skule.

Samlaget 1994 (223 s.)

Lindén, Hilde, Øie, Anne og Haug, Peder: Mellom skole

og fritid. Univ. forl. 1994 (177 s.)

Jorunn Braute og Christofer Bang: Bli med ut! Barn i

naturen. Univ.forlaget 1994. Boka kom no i november

og er m.a. tenkt som lærebok i førskulelærarutdanninga.

Asbjørn Flemmen: "Idrettsutdanning og vitenskapssyn

sett i forhold til nytt grunnfag ved Norges

idrettshøyskole. - refleksjoner omkring to mulige

utviklingsretninger i idrettsfaget." Artikkel i magasinet

Kroppsøving, nr. 5 og nr. 6 ( To delar).

Styret delegerer mynde til avdelingsråda

Styret for Høgskulen i Volda viser til «Reglement for styre, styringsorganer, råd og utvalg ved de nye høgskolene», § 6

nr 2 og til saksutgreiinga, og fastset oppgåver og mynde for avdelingsråda, slik:

3. Avdelingsrådet kan drøfte og fremje

tilråding i alle saker som etter rådet si

meining direkte eller indirekte vedkjem

avdelinga.

4. Styret delegerer til rektor å ta avgjerd i

løpande saker som ikkje kan utsetjast til

neste styremøte.Rektor får vidare fullmakt

til å ta avgjerder i prinsipielle spørsmål av

fagpolitisk karakter etter samråd med

prorektor og avdelingsrådsleiarane.

5. Styret gir høgskuledirektøren fullmakt til

å opptre som arbeidsgivarrepresentant på

vegner av høgskulen.

Høgskuledirektøren får vidare fullmakt til å

gjere nødvendige justeringar i den interne

administrative organiseringa, definere

stillingsinnhald i administrative stillingar og

til å omprioritere administrative stillingar

innafor vedtekne totalrammer, gjeldande

lover, Hovudavtale m.m.