11.09.2013 Views

Økologisk handbok

Økologisk handbok

Økologisk handbok

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

164

NORSØK · Økologisk handbok

ynskjer å planta ut i februar/mars må ein så rundt juletider. For mange vil det

ofte høva best med utplanting i april/mai. Det vil gje ei oppalstid på om lag

40 dagar.

Det enklaste er å så direkte i pottene. Alternativt kan det såast i såkassar og

priklast. Både såjord, potter og kassar må vera reine. Naturtorv som vert

kalka og gjødsla med godt kompostert husdyrgjødsel, høver godt. Ei blanding

av 1/3 kompost og 2/3 jord er høveleg. Jorda bør tilsetjast litt lettløyseleg

næring. Uttynna land med leiingstal mindre enn 6, ein gong i veka, vil ofte

høva i starten.

Det er vanleg med ekstra lys til spiringa, etterpå er det truleg mindre aktuelt.

Mange forsøk har synt at temperaturen ikkje må verta for høg frå spiring og

framover. Det fører til færre blomar i dei fyrste klasane. Har du fullstendig

klimastyring, er det vanleg å tilrå 7 000 lux etter såing og minimum 6 timars

natt etter at frøblada er utfolda. I spirefasen kan temperaturen vera 24 ºC.

Vert det gjeve 7 000 lux, bør temperaturen vera 20 ºC etter spirefasen. Har du

meir lys, kan temperaturen vera nokre grader høgare.

Det er viktig at tomatplanta kjem djupt nok ved utplanting. Eit gamalt råd var

at tomatplantene skulle plantast ned til frøblada. Tomatplanta slår nye røter

på stengelen.

Rotutviklinga vert naturleg og optimal for arten. Det vil sikra god nærings- og

vassforsyning.

Organiseringa i veksthuset kan gjerast på fleire måtar, men å leggja radene på

langs med huset er mest vanleg. Avstanden mellom radene avheng av

dyrkingsmetode elles. For hus på jordgolv er det tilrådd radavstand på 1 m,

og planteavstand på 30 cm. For hus med fast golv, gjev ofte radavstanden seg

sjølv. Større planteavstand vil gje meir luft og mindre soppsjukdom. På Sogn

Jord– og Hagebruksskule vert det nytta ein planteavstand på 40 cm.

19.4 Stell av tomatplantane i veksttida

Lufttemperatur

Høg temperatur etter utplanting fremjar tidleg utvikling og modning. Etter

planting vert det tilrådd 20 ºC både dag og natt. Deretter 19 ºC om dagen og

17 ºC om natta. Lufting skjer ved 24 ºC. Frå starten på haustinga og resten av

sesongen kan nattetemperaturen senkast litt, og lufting skjer ved 20–22 ºC.

Det raude fargestoffet lycopin vert ikkje utvikla ved høgare temperatur enn

27 ºC.

Vatning

Ei lita plante brukar 2–3 dl vatn per dag i februar og 2–3 l på ein varm

sommardag. På gråversdagar er forbruket langt mindre. For å sikra alle

plantene nok vatn er det naudsynt med litt overskotsvatning. Vatninga bør

regulerast etter veret. Tomatplantene skal vatnast kraftig, men dei kan gjerne

verta litt tørre mellom vatningane. Med tanke på næringstap vil det vera

gunstig å resirkulera avrenningsvatnet. Vatninga bør skje på føremiddagen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!