11.09.2013 Views

Økologisk handbok

Økologisk handbok

Økologisk handbok

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

42

NORSØK · Økologisk handbok

fyrst små brunsvarte flekkar. I fuktig og varmt ver veks soppen raskt, og til

slutt blir heile riset brunsvart. Dersom det ikkje er for tørt i veret, kan ein på

undersida av blada sjå eit gråkvitt belegg (soppsporar) rundt flekken. Dersom

riset vert borte, vil fotosyntesen og dermed veksten stansa. Kjem dette tidleg

i utviklinga, vil avlinga kunna verta lita. På knollane veks tørråta innover

i knollen, med ein diffus overgang til den friske delen av knollen. Råten er,

som namnet tilseier, tørr. Viss ikkje alt riset er drepe før opptak og ein har

fersk smitte på riset og litt umodne knollar med flass-skade på knollane, kan

ein få mykje knollsmitte ved opptak.

Soppen overvintrar i setjepotetane, og sidan midt på 90-tallet har vi i Noreg

erfart at den kan overleva som kvilesporar (Oosporar) i jorda. Tørråtesoppen

har to kryssningstypar, og båe må vere tilstade på same blad, stengel eller

knoll, for å danna kvilesporar. Båe krysningstypane til soppen, A1 og A2, vart

funnen i Sør-Noreg i 1993. Krysningstype A2 vart funnen fyste gong

i Trøndelag i 1999.

Primærsmitte frå eigen åker kan gje svært tidleg oppsmitting av tørråte

i åkeren. Frå ein smitta knoll vil soppen vekse ut i stenglane, gjerne berre like

over jordoverflata, og stenglane kan krepere. Ved seinare utvikling av

soppsmitta, følgjer tørråta karstrengane ut i stenglar og bladhjørne og spreiast

vidare til nye planter med vind og vassprut derfrå. Sporene tåler ikkje tørr luft

og vil ikkje ha det for kaldt. Dei produserast i stor grad om natta og frigjevast

på føremiddagen, og dei treng fritt vatn i nokre timar for å spira. I periodar

med varme fuktige netter kan spreiinga skje med eksplosiv fart i mottakelege

sortar.

Soppsporene er tilpassa spreiing med vinden og kan spreiast fleire kilometer.

Regn fører sporene frå blada, ned på jorda og vidare til knollane. Viss det

soppinfiserte vatnet råkar knollane, vil dei verta smitta. Tørråtesmitta ris må

knusast godt minst 14 dagar før opptak.

Vanlegvis vil ein ha små åtak lengst nord i landet og over 5–600 meter over

havet i Sør-Noreg. Dei færraste kan rekna med å sleppa unna tørråta, så ein

må læra seg å leva med den. Kor alvorlege åtaka vert for avlinga, er avhengig

av kor langt potetane er komne i utvikling og kor mottakeleg sorten er. Val av

sort og lysgroing er såleis særs viktig.

Friske setjepotetar er avgjerande. Smitta potetar må ein freista å sortere frå.

Ved oppvarming vert det sagt at ein kan drepa tørråtesoppen utan å

øydeleggja spireevna. For sorten Kerrs Pink er det opplyst 45 grader i 2 timar,

43 grader i 4 timar eller 40 grader i 8 timar. Pimpernell skal tåle 42 o Ci 4 timar.

Dette er omtrent umogleg å gjennomføre i praksis utan mykje utstyr. Spesielt

for dei høgaste temperaturane er det lite å gå på før spireevna vert øydelagt

God hypping vil føra til at mykje av regnvatnet som kan føre med seg

tørråtesporar, renn ned i fårene og såleis ikkje treffer potetknollane. Det

viktigaste tiltaket er likevel å fjerna riset ved smitte, viss potetane er

tilstrekkeleg utvikla. På små areal kan riset slåast og fjernast frå åkeren. Det er

sjølvsagt det beste.

.Me har ingen direkte tiltak å setja inn mot tørråta. Ei såpe av feittsyrer frå

vegetabilske oljer, kaliumhydroksyd og vatn er brukt av økologiske dyrkarar

i Sverige mot tørråte. Det krevst dispensasjon, og Sverige er einaste landet

innan EU som har godkjend middelet. Såpa skal turke ut sporene på blada, og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!