11.09.2013 Views

Økologisk handbok

Økologisk handbok

Økologisk handbok

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

18

NORSØK · Økologisk handbok

Varmbenk

Varmbenken får også varme nedanfrå, frå gjærande gjødsel (gjødselbenkar),

elektriske varmekablar, eller vassboren varme.

Til gjødselbenkar vert det nytta lause karmar som søkk med gjødsla under

gjæringa. Det bør nyttast gjødsel som gjærar lett. Hestegjødsel gjev frå seg

god varme og er lett å arbeida med. Også sau-, geit- og kalvegjødsel kan

brukast. For å fremma gjæringa kan det blandast inn halm, høyrusk, lauv, tang

m.m. Mykje karbonholdig strø kan vera blanda inn i gjødsla allereie i fjøsen.

Det er vanskeleg å koma med konkret tilråding om blandingsforhold. Det vil

vera om lag som ved kompostering. Generelt vert det ofte for lite og for vått

strø.

Benken kan leggast i ei grop eller som ein haug på jorda. Tjukna på gjødselen

eller høgda på haugen avheng av landsdel, tid på året og kor varm benken skal

verta. I kalde strøk og tidleg på året bør haugen vera tjukkast. I februar/mars

høver det med 70–80 cm. I april og seinare på året vil det klara seg med

35–40 cm. Tunnare gjødsellag er det vanskeleg å få varme i.

Over gjødsla legg ein eit jordlag på 10–20 cm. Dette er viktig for å jamna ut

varmen og ta opp ammoniakkgass. Varmbenken med gjødsel bør leggjast opp

minst ei veke før bruk. Ammoniakkgassen er giftig for plantene, og det er

mest ammoniakkgass den første veka. Du må fylgja godt med på

temperaturutviklinga. All kunnskap om kompostering kjem godt med.

Om det skulle verta kaldt, kan det dekkjast rundt og over benken. Det er også

aktuelt å plassera slike benkar inne i enkle veksthus.

Varmbenkar kan og vera oppvarma av elektriske varmekablar eller røyr for

transport av varmt vatn. Desse røyra eller kablar er grave ned i jorda. Varmen

vert regulert med termostat. Det er same prinsippet som vert nytta på fortau

eller til oppvarming i bustadhus.

2.2 Solfangar

Solfangar etter bøylemetoden, eller dyrking i grop, er enkle og billige

klimatiltak. Det vert først og fremst nytta om våren, til tidlegkulturar.

Ved bøylemetoden vert det sett opp bøylar over sengene eller radene som er

planta. Deretter vert det lagt ut plast manuelt eller med plastutleggar på

traktoren.

Dyrking i grop er ein enklare metode. Her vert plantene planta i ei

langsgåande grop, og plasten vert lagt over med plastutleggar. Her vil

plantene raskare koma i konflikt med plasten og plasten må difor fjernast

tidlegare. Metoden krev ikkje bøylar.

Til solfangarar vert det nytta tynn, klår plastfolie. Temperaturen vert lett for

høg på solskinnsdagar, og då er lufting nødvendig. Først vert det opna

i endane, seinare skjer ein berre nokre enkle kutt i plasten. Deretter vert desse

hola utvida og til slutt vert plasten opna heilt. Termometer utlagt på jorda vil

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!